Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Me brukar altfor ofte ordet «byråkrati» med negativt forteikn. Som regel er nemleg det norske byråkratiet ein styrke. Det sikrar at offentlege avgjerder og prosessar vert gjort på ein fagleg, sakleg, objektiv og etterprøvbar måte.
Derfor er det definert nokon klare forventingar til byråkratiet.
Det står i skarp kontrast til fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen si handtering av det som skal verta sjølve fyrtårnet for det havfaglege Bergen, og Norge; samlokaliseringa av Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og Akvariet i Bergen på Dokken.
For det var slettes ikkje tilitsvekkande svar fiskeridirektøren kom med i Bergens Tidende nyleg. Der vedgjekk Bakke-Jensen at han i ein munnleg dialog med nokon i regjeringa, gav grønt lys for at dei kunne stoppa planane om å flytta Fiskeridirektoratet til Dokken.
Ikkje berre skjedde det heile munnleg, men fiskeridirektøren vil ikkje ut med kven i regjeringa det var han gav desse signala til.
Det burde vera heilt unødvendig å påpeika ovanfor ein norsk toppbyråkrat; det er ikkje slik det norske byråkratiet skal fungera.
At Bakke-Jensen i det same intervjuet stadfestar at han ikkje har lese kunnskapsgrunnlaget bak samlokaliseringsplanane, KVU-en frå 2016 som peikte på at nytten ville auka med 130 millionar om Fiskeridirektoratet vart ein del av flyttinga, gjer det heile endå verre.
Framgangsmåten rokkar ved heilt sentrale prinsipp i det norske byråkratiet:
- Saksbehandlinga skal vera etterprøvbar og skriftleg.
- Saker skal behandlast så grundig som nødvendig.

Regjeringa kastar Bergen under båten
Ein må gå ut ifrå at Bakke-Jensen stiller slike krav til dei som jobbar i direktoratet. Når han ikkje forsøker å etterleva slike prinsipp sjølv, er det openbert at ein må stilla spørsmål ved arbeidsmetodane.
Når desse viktige prinsippa ikkje vert følgd, veit me heller ikkje om andre krav til byråkratiet er tatt omsyn til. Krav om at avgjerder skal vera saklege, objektivitve eller faglege.
Det hjelper ikkje at det i liten grad har vore kommunikasjon om desse prosessane internt i Fiskeridirektoratet – der framgangsmåten har vorte møtt med sterke reaksjonar. Det gjer det heller ikkje betre at fiskeridirektøren ikkje har ein open dialog med dei andre partane i den viktige flytteprosessen.
Faktisk ser det ut til at Bakke-Jensen i det stille, over tid, har jobba for å stoppa planane om samlokaliseringa på Dokken. Heller ikkje dette ser ut til å ha skjedd gjennom ein fagleg forsvarleg prosess. I eit notat datert mai i fjor, som lenge var hemmelegstempla – også internt i Fiskeridirektoratet –, gjekk Bakke-Jensen gjennom kriteria for korleis Fiskeridirektoratet skulle omorganiserast.
I notatet vert kongstanken om samlokalisering på Dokken knapt nok nemnd. Berre i ein enkelt setning; «Havforskningsinstituttet er direktoratets viktigste forskningsleverandør og regjeringen har planlagt en samlokalisering mellom direktoratet og HI i Bergen». Bortsett frå dette vert altså ikkje storsatsinga, som burde vera eit av dei aller viktigaste elementa i omorganiseringa, drøfta i det heile.
I staden konkluderer notatet med at «vi mener at medarbeidere kan innplasseres i eksisterende bygg/infrastruktur», heilt utan at det vert presentert noko som helst fagleg belegg for dette standpunktet.
Me kan vera opne for at fiskeridirektøren kanksje kan ha rett. Problemet er at det fullstendig manglar noko fagleg drøfting av heilt essensielle problemstillingar. Det kokar ned til «vi mener».
Det ser altså ut som om me har ein fiskeridirektør som manglar interesse for å forvalta den over 120 år lange havfaglege sameksistensen mellom Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet. At «direktoratets viktigste forskningsleverandør», som tidlegare nemnd, ikkje vart orientert om den nye kursen, ser heller ikkje bra ut.
Nok ein gong: Prosessen ser ut til å vera på kollisjonskurs med prinsippa byråkratiet skal styra etter. Dette ser ikkje ut som nokon grundig prosess. Ein kan òg stilla spørsmål ved om det er ein sakleg prosess.
For å toppa det heile, ser regjeringa ut til å vera med på det pågåande narrespelet. På same tid som statsministeren snakkar varmt om havbyen Bergen, ser fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) ut til å vera på linje med fiskeridirektøren. I tillegg til å gå inn for å droppa planane om samlokalisering i statsbudsjettet, ser han ut til å ha velsigna flyttinga av leiarstillingar i Fiskeridirektoratet frå Bergen til Bodø og Tromsø. Også ein annan statsråd, Sigbjørn Gjelsvik (Sp), har bidrege til dette, gjennom vedtaket om at nye statlege stillingar i all hovudsak ikkje skal plasserast i Bergen, Trondheim eller Stavanger.
Med mindre me har misforstått kva regjeringa driv med, bør Skjæran komma på bana snarast. Sett frå utsida ser det ut til at dei gjer sitt beste for å undergrava fagmiljøa i Bergen.
Det er ei ærleg sak det, men me må kunna forventa at dei snakkar ope om det.
I politikken er det kultur for hestehandlar og forhandlingar i lukka rom. I byråkratiet skal det ikkje vera slik. Men også i politikken straffar slikt seg ofte. Likevel er det fiskeridirektøren som fortener den krassaste kritikken i spørsmålet om storsatsinga på Dokken. Kva regjering kastar pengar etter ein fiskeridirektør som ikkje er interessert i pengane? Kvifor jobbar han mot eit prosjekt som skal styrka fagmiljøet han har ansvar for?
Til slutt litt meir vaksenopplæring. Både fiskeridirektøren og regjeringa har no fått klar beskjed frå Stortinget, gjennom forliket om statsbudsjettet som skjedde før jul. Planane om å samlokalisera Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet skal slettes ikkje stoppast.
Det er ein ordre, som både regjeringa og fiskeridirektøren har å retta seg etter. Anten dei vil eller ikkje.
Om regjeringa og fiskeridirektøren er interesserte i å læra meir om korleis samkvemmet mellom forvaltinga og politikarane bør vera, kan dei lesa seg opp her. Ja, det er regjeringa sjølv som har laga desse forventingane.
No er det på tide å følga stortingsvedtaket og gjera jobben sin. Når ein er toppleiar i byråkratiet, må ein kunna forventa eit minstemål av ryddigheit i ein slik prosess – det har ikkje vore tilfellet til no. Alternativet er faktisk å finna seg ein annan jobb.