Ein skal ikkje mange dagane inn i det nye året før media er full av nyhende om synkande fødselstall og bøn til kvinner om å lage nye nordmenn.

I nyttårstalen sin i 2019 fortalte Erna Solberg med glimt i auget at Noreg trong fleire born, og at ho sikkert ikkje trong fortelje oss korleis det skal gjerast. I år er det Sylvi Listhaug som har tatt på seg jobben, og tryglar gjennom NRK om at norske familiar må lage attpåklattar.

Den lokale versjonen av saka, såg vi i BA for to veker sidan. Eg kan tenke meg at seksjonsoverlege på KK, Ferenc Macsali, prøvde seg på same glimtet i auget som Erna Solberg da han oppmoda til familieforøkelse.

Han sa til BA at dersom verda skal få gleda av å være i nærleiken av ein bergensar, må det lagast fleire. «Det ansvaret er det berre bergensarar som kan ta».

Videre følger han opp med at lave fødselstal fører til mindre inntekter for Helse Bergen, noko som gjer det vanskelegare å oppretthalde bemanninga.

Store deler av mitt vaksne liv har dreid seg om graviditet, fødsel og det å vere mamma. Som ung vaksen gjorde eg det eg kunne for å unngå graviditet. Seinare gjorde vi alt vi kunne for å bli gravide. Vi endte til slutt i den situasjonen at vi trong hjelp av kvinneklinikken. Å vere avhengig av staten for å lage barn, unner eg ingen.

Gjennom ein treig og byråkratisk prosess går det å skulle lage barn frå å vere noko fint, til å bli noko av det mest uromantiske ein kan tenke seg.

Når eg blar igjennom kalenderen blir det tydeleg kor stor del av livet mitt dette har vore. Faktisk var eg gravid i 2018, 2019, 2020, 2021 og 2022. Resultatet vart ein storebror som kom stille til verda på KK i 2019, og to søstre som kom etterpå. Sistemann var ein av dei 4320 babyane som kom til verda på KK i 2022.

Alle desse åra som gravid har satt sine spor både økonomisk, fysisk og psykisk.

Les også

Hvordan forklarer du at du heller burde dø enn å få være mor?

Det er ikkje få gonger eg har har gått inn dørene på KK og kjent at det er som å legge seg på eit samleband. Med eit svangerskap som endte med ein stille fødsel og to risikosvangerskap, er det ikkje få ganger eg har møtt helsepersonell som prøver så godt dei kan for å legge til rette, men som kjem til kort.

Eg opplever at det manglar både kompetanse og menneskelege og økonomiske resursar.

For mange av oss som har kjent på korleis det er å leve som ufrivillig barnlaus, er det vondt å lese oppmodingane om å lage fleire born. Ein kan få inntrykk av at det er ein sjølvfølge at ein pluss ein alltid er tre. For oss var det ikkje sånn.

Som ein som har overlevd å miste eit barn, kompliserte svangerskap, komplikasjonar etter IVF-forsøk, traumatiske fødsler og alvorlege svangerskap- og fødselsdepresjonar, er det direkte provoserande å lese utspela frå Macsali.

Mange liker å seie at «Graviditet er inga sjukdom», men fakta er at mange av oss blir alvorleg sjuke av å gå gravide og å føde. At det ender med eit levande barn, er absolutt ingen sjølvfølge. Eg betaler framleis prisen for barna eg har født, og det vil eg nok gjere i lang tid framover.

Norske fødande blir stadig eldre og sjukare. Stadig fleire utviklar fødselsdepresjon. Det trengs pengar og resursar for å handtere denne utviklinga, slik at dei nye bergenserane og verdsborgarane veks opp med foreldre som maktar den altoppslukande oppgåva det faktisk er.

Dei som skal gå gravide kan ikkje få så dårleg helsehjelp at dei rett og slett ikkje maktar tanken på å bli gravid igjen.

Lina Kristine Tennefoss Vatshelle

I motsetnad til historier som har kome fram i media dei siste åra, er det ingen sin feil at eg mista det fyrste barnet mitt. Ingen overarbeida jordmødre eller leger gjorde grove feilvurderingar under svangerskap og fødsel. Men eg har opplevd at hjelpa eg og eit av barna mine har fått har vore mangelfull. Eg har fleire gonger gitt beskjed om at eg trong hjelp og blitt møtt med avvising.

Å gå gravid og å føde er noko av det mest traumatiske eg har gjort. For å vere sikker på at 2023 ikkje vert atter eit år som gravid, har eg vald å sterilisere meg.

Vi må vekk frå samlebandopplevinga. Helsehjelpa må tilpassast den enkelte pasient. Ansvaret for at det vert født fleire bergensere burde ikkje ligge på bergensarane, men hos føretaksleiing og politikare.

Dei tilsette på KK må få meir resursar, slik at dei kan gjere ein god jobb. Dei som skal gå gravide kan ikkje få så dårleg helsehjelp at dei rett og slett ikkje maktar tanken på å bli gravid igjen.

Les også

Det handler ikke om fødselen. Det handler om at kvinnen føler seg trygg

Vi kan ikkje forsette å sjå på at jordmødre og gynekologar flyktar frå sjukehusa mens fødeavdelingane stenges for å spare pengar.

Når vi veit at mange vel å føde på Voss for å sleppe å vere på KK, er det absurd å sjå på at Helse Bergen våga å vurdere å sommarstenge fødeavdelinga på Voss for å komme i mål med innsparingane i budsjettet.

Macsali sier til BA at dei gir den «beste omsorg for mor og barn ein kan få i verden». Det er ikkje ofte eg er mållaus, men her veit eg nesten ikkje kva eg skal si. Er det ingen på jobb i kommunikasjonsavdelinga i Helse Bergen?

Problema på KK og i fødsels- og barselsomsorgen forsvinner ikkje sjølv om vi stikker hodet i sanden og venter på at det skal gå over. Det er på tide med eit betre tilbod. Skal ein ha fleire bergensere, må vi få lov å føde i trygge omgivelser.

Eit trygt fødetilbod måles ikkje berre i overleving.

For min del er det fysisk umulig å føde for å bidra til at budsjettet til Helse Bergen går opp, men eg håper at alle som kan og vil lage fleire verdensborgere får eit verdig helsetilbod før dei følger oppmodinga til Solberg, Listhaug og Macsali.

Les også

Fødselen gikk fint og sønnen var frisk. Likevel var det noe som ikke stemte: – Verden raste sammen