Gå til sidens hovedinnhold

Ein smak av vaksenlivet

Eg skulle verkeleg ynskja at eg visste kor mykje enkelte matprodukt kosta før eg flytta ut.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ein smak av vaksenlivet. Den enklaste måte å forklara hybellivet på. Eg flytta frå Kvam til Voss for å gå bygg- og anleggsteknikk linja, men bytta seinare til linja TIP. Det fyrste året budde eg på internat, mest fordi eg ikkje fekk lov til å flytta direkte på hybel av foreldra mine.

På internatet var det innetid, vaktar, oppvaskveke, felles stove, treningsrom, filmrom og felles bad. Eg er eigentleg veldig takknemleg, for på internatet møtte eg mange folk frå heile Noreg, og fekk mange nye, gode venar. «Dont judge a book by It’s cover» som dei seier i USA, ver open for å få nye venner om du er i ein lignande situasjon.

Eg var heime kvar helg, anten for å jobba eller for å vera med venner og familie. Når du er vekke heila veka og berre ein tur heim i helgene, mista du lett kontakten med kameratane dine. Det gjorde i alle fall eg. Eg kjente meg litt framand i eiga bygd. Eg skulle ynskje at eg hadde same kontakt med dei som eg hadde før, men dei ha skapt sitt miljø og det same har eg. Å koma inn att i det miljøet er vanskeleg, med tanke på at dei er med kvarandre både på skulen og på fritida.

Året etter flytta eg i bufellesskap med fire andre, tre av dei kjende eg frå før av. Hybelen har to bad, felles kjøkken og stove. Dei med større soverom betalar meir enn dei andre, eg som den bortskjemte ungen eg er, ville ha det største. Fem minutt å gå til butikken og til skulen, nær turterreng og cirka fem minutt å køyra til «sentrum». Alt i alt, ein fin plass å bu.

Sånn eg har forklart det no høyres alt fantastisk ut, men det er ein ting eg ikkje har tatt opp endå. Økonomi. Ein spanande, men irriterande ting.

Eg skulle verkeleg ynskja at eg visste kor mykje enkelte matprodukt kosta før eg flytta ut. Mat, straum, kommunale utgifter, husleige og bensin kostar pengar. Når fem ungdommar bur i lag og ser på kvar sine tv-ar, kvar sine program på kvar sine rom og er på kvar sine telefonar blir det mykje straum- og internettforbruk.

Les også

Vi må få lære mer om personlig økonomi

Same gjeld boss, fem kresne ungdommar som lagar kvar sin mat. Ein er glutenfri, ein annan diggar graut, nokon laga gryterett og nokon et YX-burgar. Stipendet dekkar leiga, men då har eg berre 200 kroner til overs, det går som oftast ikkje til mat, men blir ofte brukt på noko eg eigentleg ikkje treng. Hadde eg ikkje hatt ein jobb ved sida av og foreldra mine (til nøds) hadde eg nok ikkje klart å tilfredsstilla viljen min.

Viss du skal på hybel eller internat vil eg anbefala deg å skriva ein middagsplan, sjølv kor kjedeleg det høyrest ut. Prøv å gå på butikken ein eller to gongar i veka, i staden for kvar dag, då kan du spara masse pengar.

Les også

Glem sommerkroppen, bunadskroppen er verre

Det kjekke med å flytta vekk så tideleg er at eg får «ein smak av vaksenlivet». Du bur vekke, du bestemmer sjølv kva du gjer. Kva du skal ha til middag, om du vil sove heile dagen og vera ute heile natta, eller omvendt. Du er rett og slett din eigen sjef og styrer din eigen timeplan. Dette kan opplevast både positivt og negativt, sjølv opplevde eg det som positivt.

Nett fordi eg fekk kjenna på korleis det går viss eg ikkje legg meg. Det å vera våken heile natta for å så reisa på skulen er ikkje til å anbefala!