Ein gong var det eit bergensk varemerke:

Å vera arrogant, sjølvsentrert, og ute av stand til å sjå at ein trakka på naboane sine.

Slik er det ikkje lenger.

Det er ein god del år sidan det var slik.

Dei siste åra har ikkje Bergen vore i nærleiken av å driva med slikt.

Me vil slettes ikkje tilbake dit.

Likevel er det ekstremt forfriskande at byråd Eduardo Andersen faktisk er litt frekk og freidig, når ordførarar i distriktskommunar sutrar over at han prøver å knabba ungdommane deira.

Bakgrunnen er at Bergen vil gje 2000 kroner til studentar som gjer bergensarar av seg.

Det får no ordførarar i fleire distriktskommunar til å ta fram sinte ord.

– Det vil på man­ge måtar vera uti­dig, seier Jenny Følling (Sp), som er ordførar i Sunnfjord.

Ordføraren i Ullensvang Roald Aga Haug (Ap) lar seg òg terga.

– Ber­gen bur­de vera ein raus sto­re­bror hel­ler enn å ivra et­ter å få til­flyt­ting på den­ne må­ten.

Det er NRK som har intervjua dei to ordførarane på radio. Utdannings- og forskingsavisa Khrono, har vidareformidla den vesle disputten.

Det skulle berre mangla at Bergen oppmoda studentar i byen til å skaffa seg bergensk statsborgarskap, eller å registrera Bergen som heimkommune i folkeregisteret, slik det heiter på norsk.

Det burde dei 35.000 studentane i byen vurdera å gjera.

Alternativet vil vera at store delar av innbyggarane faktisk ikkje har tilgang til lokaldemokratiet i byen dei bur i. Mange av dei skal bu i byen i fleire valperiodar, men vel å ikkje ha noko stemme.

Valundersøkingar viser at gruppa er blant dei som i aller minst grad dukkar opp i vallokalet på valdagen.

Me treng å høyra dei unge si stemme.

Det som likevel gjer at Doddo sitt utspel er eit friskt pust, er at det faktisk er ganske sjeldan at me høyrer Bergen si stemme.

Byen har for lenge valt å ikkje stå opp for seg sjølv.

Om alle andre vel å gjera nettopp det – vil Bergen på sikt komma ganske dårleg ut av det.

Doddo sitt svar er derfor etterlengta.

Kort og greitt:

– Eg re­pre­sen­te­rer Ber­gen, seier Doddo.

Det er faktisk det han får betalt for. Vanskelegare er det ikkje.

Såpass arrogant må omverda tola at Bergen er. Alternativet vil vera ei sjølvdestruktiv haldning frå byen.

Også Bergen treng å stå opp for seg sjølve.

Om ordførarane i distriktskommunane på død og liv vil halda på studentar som i realiteten bur andre plassar får dei heller prøva å by over byen.

Ein slik bodkrig hadde ikkje vore så dumt for ein skral studentøkonomi.