«Jobben er givende, men det er grenser for hvor langt grensene kan tøyes».

Desse orda tilhøyrer ho som er vaken medan me andre søv. Ho som må ta seg av oss om ulykka er ute. Ho som har ein kompetanse me verkeleg treng. Denne natta er det henne akuttmottaket ringer, om du eller eg har skada musklar eller bein.

Jenny Austrheim Hellerud (36) er lege i spesialisering (LIS). Er nattevakt. Ei av dei du dei neste timane vil møta i BA si storsatsing «24 timer på sykehuset».

Ho elskar yrket ho er på veg inn i. Likevel opplever ho innimellom eit stikk i magen grunna dei økonomiske realitetane.

Den natta BA er innom Haukeland universitetssjukehus er Jenny den einaste ortopediske legen på jobb. Kjem det nokon til akuttmottaket, er sjansen stor for at ho òg burde ha vore på ortopedisk sengepost.

Me skuldar Jenny, og alle andre som jobbar på sjukehusa, å i større grad snakka om rammene rundt helsetenestene våre.

På den eine sida brukar me enorme summar på helse. På den andre sida er det stadig vanskelegare å få pengane til å strekka til. Prioriteringane vert meir og meir beinharde, for å halda oss til det ortopedar har kompetanse på.

Du vil truleg verta ganske overraska over kor mykje pengar ein brukar på helse i dette landet, samanlikna med kor mykje me betalar i skatt.

I fjor rekna Statistisk sentralbyrå seg fram til at dei samla helseutgiftene til staten i 2021 var på 417 milliardar kroner. I underkant av halvparten av desse pengane gjekk rett til sjukehusa.

Same år budsjetterte staten med å henta inn 257 milliardar i skatt på inntekt og formue.

Altså: Me brukar langt meir på helse enn det me betalar i skatt.

Om me plussar på ei anna av dei store inntektskjeldene til staten, altså meirverdiavgift – som me betalar når me kjøper varer og tenester – kjem me opp i 578 milliardar kroner.

Altså: Over 70 prosent av det me samla betalar i skatt og meirverdiavgift vert brukt på helse.

Dette er sjølvsagt ei forenkling. Staten har òg andre inntekter, som petroleumsinntekter, som varierer veldig, og arbeidsgjevar- og trygdeavgifter. Poenget er likevel krystallklart: Me brukar ein overveldande stor del av fellespengane på helse.

Sidan staten overtok sjukehusa, og organiserte dei i regionale helseføretak, har det vore eit årelangt effektiviseringsregime på sjukehusa.

Der det tidlegare var to legar på vakt, er det no kanskje ein. Pasientar vert skrivne ut tidlegare. Langt færre vert langt inn. Operasjonar går i langt større grad føre seg på poliklinikk, utan at pasientane overnattar. Når dei tilsette i Stavanger skulle ha julegraut, vart dei trekt to kroner i lønn for raud saft til måltidet.

Mykje av effektiviseringa har gjort sjukehusa betre, meir straumlinjeforma og gitt endå meir spesialisert kompetanse. Likevel opplever mange av dei som jobbar på Haukeland at strikken etter kvart er strekt rimeleg langt.

Dyrtida me er inne i gjer denne utfordringa endå større. Høge straumprisar, byggekostnadar og varekostnadar gjorde at sjukehusa i vinter måtte gå ein ekstra runde med skalpellen.

Eit av forslaga som skapte debatt, var å redusera ambulansetilbodet i nabokommunane til Bergen på natta. Det skapte sjølvsagt reaksjonar. Me forventar at dei som hamnar i ei ulykke eller vert akutt sjuke skal få hjelp så snart som råd.

Delar av desse kutta vart reverserte. Likevel: Økonomien er under press.

Om me går tilbake til det røffe fugleperspektivet på statsfinansane, treng ein ikkje vera økonom for å forstå at me framover kan få nokon utfordringar.

Hadde me i morgon måtta klara oss utan inntekter frå olje og gass, hadde det vore mindre pengar å bruka på helse. Det vil ikkje vera mogeleg å prioritera seg vekk frå.

Me veit at den dagen vil komma – ein eller annan gong. Me veit òg at me vert stadig meir kravstore til kva sjukehusa og helsetenestene skal tilby. Me rir på ei eldrebølge som vil føra til at fleire vil trenga helsetenestene.

På same tid opplever me eit ordskifte der inntektene til staten er under stort press. Debatten rundt lakseskatt og høgare arbeidsgjevaravgift tar i veldig liten grad innover seg kva pengane skal gå til.

På den andre sida: Om ikkje bedriftene går rundt, vil dei andre inntektene til staten falla.

Debatten rundt nivået på skatt og avgifter handlar uansett i alt for liten grad om kva me brukar pengane på.

Om ein skal halda fram effektiviseringsregimet på sjukehusa, skuldar me legane og sjukepleiarane at ein snur like mykje på skillingen i andre delar av staten.

Er det då rett å bruka pengar på å dela opp att samanslåtte fylkeskommunar, gje kunstig åndedrett til nedlagde lensmannskontor, liksomprivatisera norsk jernbane eller å finansiera den private delen av helsevesenet?

Berre desse døma vil gjera mange, i ulike politiske leirar, forarga. Det viser berre at prioriteringsdiskusjonane kjem til å verta tøffe.

Alle som grin for si sjuke mor, må tenka gjennom kva tilbod mor skal få om ho hamnar på sjukehus.

Alternativet er på sikt at staten må bruka mindre pengar på sjukehusa. Det vil gjera livet langt vanskelegare for dei som jobbar på sjukehusa. Men det verste konsekvensen vil vera at den kanskje viktigaste verdien i helsevesenet vårt vert truga:

At alle får like god helsehjelp uansett kor mykje ein har på bankkontoen.

24 timer på sykehuset

Her kan du lese alle sakene!

Alle intervjuer, bilder og videoer i denne reportasjeserien er fra Haukeland Universitetssykehus i Bergen onsdag 22. februar 2023.

Til noen av sakene er det innhentet supplerende opplysninger før eller etter det aktuelle døgnet.

Journalister: Hanne Fagernes, Katherine Ferguson, Katrine Hamre Gundersen, Marie Skarpaas Karlsen, Anne Jo Lexander og Ina Linn Olsvoll.

Foto og video: Emil Weatherhead Breistein, Skjalg Ekeland, Eirik Hagesæter, Agnieszka Iwanska, Rune Johansen, Anders Kjølen, Torbjørn Fardal og Arne Ristesund.

Takk til pasienter, pårørende og ansatte i Helse Bergen.

Reportasjen er laget etter inspirasjon fra Love City (New York Times, 2018), Døgnet (Nordlys, 2021) og Huset som aldri søv (Firda, 2022).