Er pandemien virkeleg ein dugnad?

– Fleire har fått nok av «gratisarbeid» og ber om å få kompensert for sine ekstra arbeidsoppgåver under pandemien. FOTO: PRIVAT

– Fleire har fått nok av «gratisarbeid» og ber om å få kompensert for sine ekstra arbeidsoppgåver under pandemien. FOTO: PRIVAT

Av

Det er no eg meiner me må skifte ut ordet «dugnad» med eit meir forpliktande ord.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det kan godt vere at det var kloke hovud som fann fram til ordet «dugnad», men etter å ha praktisert det ei tid, med skiftande hell, trur eg det er på tide å legge det bort for andre og meir krevande ord.

Eg minnast den dagen statsminister Erna Solberg stod fram og forkynte stoda. Ho nytta ulike ord for å få alle til å forstå alvoret. Ord du neppe hadde trudd ho skulle ta i sin munn, vart også framsagt. Me var i ei svært alvorleg og ei direkte trugande tid for alle. Det vart snakka om både samarbeid og solidaritet. Ikkje nett dei mest nytta orda for høgresida i norsk politikk.

Dugnad er eit ord me kjenner godt til. Men kva tyder det og kva legg me i det? Ordet kjem av gamalnorsk dugnadðr, «hjelp, støtte», ifølge Store norske leksikon. Ordet vart då også brukt om festen som avslutta dugnaden, og også om andre festar. Dugnad er frivillig, ubetalt arbeid som blir gjort i ein fellesskap.

I starten var det lite eller ingen debatt rundt bruken av ordet, då alle følte den store trusselen. Men etter kvart har me sett korleis denne dugnaden har slått ulikt ut. Mange godord og klappsalver har dei som tek dei tyngste taka fått, men det skal meir til. Fleire og fleire har fått nok av «gratisarbeid» og ber om å få kompensert for sine ekstra arbeidsoppgåver.

Kan godt vere at regjeringa med statsminister og helseminister i spissen, også kunne tenke seg ein fest etter at dugnaden var over. Det er ikkje lett å spå kva tid det skal skje. Men me ser tydeleg korleis dei ulike gruppene i samfunnet må ta større eller mindre deler av den samla tyngda. For rekningar har kome, og det vil truleg kome ein god del fleire.

Det er no eg meiner me må skifte ut ordet «dugnad» med eit meir forpliktande ord. Eg vågar meg frampå med ordet «samhandling».

Ser igjen til Store norske leksikon, og der finn ein fylgjande: «Samhandling, interaksjon, er en betegnelse på samspill eller vekselvirkning mellom to eller flere aktørersom er i aktivitet med hverandre». Vidare står det: «Samhandling forutsetter en viss grad av gjensidighet mellom aktørene, det vil si at de oppfatter seg som faktiske deltakere.»

På Wikipedia står det mellom anna at: «samhandling skjer mellom, og på tvers av, ulike nivåer, organisasjoner, spesialiteter og profesjoner».

I motsetnad til dugnad, som både skal være ei venneteneste og gratisarbeid, viser samhandling til ein meir krevjande aktivitet. Men det står ikkje noko om at ein ikkje skal kunne feire det som er gjort. Og ein kan godtgjere dei som tar tyngste børa med meir enn klappsalver og uforpliktande ord.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags