Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Høgre er ikkje mitt parti. Kven dei har som leiar er ikkje min business.
Men eg har skrive ei bok om konspirasjonsteoriar, ei bok delvis skrive i rein irritasjon over at konspirasjonsteoriar vart framstilt som ein slags samfunnskritikk, og i blant lukkast med å passera som det. I irritasjon, fordi konspirasjonsteoriar snarare er gift for samfunnsdebatten, gigantiske avsporingar, ei fåre, eit trugsmål, oksygen til ekstremisme, alt det der.
Eit hovudpoeng i boka var at konspirasjonsteoriar trivst med mistillit. Eit anna er at ei samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar som fenomen fordrar noko anna enn at me reduserer dei til underhaldning (og ja, her ser eg olmt på ganske mange journalistar) eller snakkar om korleis me må få meir kjeldekritikk «inn i skulen» (tre ord folk bruker altfor mykje).
Ei samfunnskritisk tilnærming fordrar mellom anna at me må motverka tendensen til at folkevalde vert plasserte i ein «dei»-kategori, langt unna «me»-kategorien.
Det er ikkje minst eit ansvar for oss folkevalde.
Dei siste åra har det norske tillitssamfunnet blitt påført fleire sår, på grunn av metoo, på grunn av pendlarleiligheiter, og no på grunn av aksjehandel og inhabilitet.
Fleire av sakene har vore skadelege nok i seg sjølv, men effekten vert verre av at me samstundes har segla inn i ei tid der det meste vert dyrare, av årsaker som er større enn norsk politikk. Effekten har også vorte verre av denne gnagande kjensla av at det er skilnad på kong Salomo og Jørgen hattemakar.
Det er ei kjensle som vert styrka av høge straumprisar, eller av at det er fleire som ser seg nødt til å stå i matkøer. Og det er ei kjensle som vert styrka av at folk som til dømes treng hjelp frå NAV må vakta seg vel for å gjera den minste feil, av at folk faktisk til og med har vorte straffa på feilaktig grunnlag.
Ei samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar inneber at ein også må spørja seg: Er det rart at dei dukkar opp?
Og dersom svaret på det er nei, så er svaret på eit anna spørsmål også gitt. Det speler ikkje noko rolle kva Anniken Huitfeldt eller Erna Solberg har visst om sine ektemenns aksjehandling. Aksjehandelen har gjort dei ugilde i avgjersler dei har delteke i, som utanriksminister, som statsminister. Det er djupt alvorleg. Det går på tilliten laus.
Og det er difor Huitfeldt burde ha gått av som utanriksminister. Og det er difor eg meiner Erna Solberg burde gå av som Høgre-leiar.

Meyer støtter Erna: – Fryktelig trist, først og fremst for henne

Sindre Finnes: – En tøff tid
