Gå til sidens hovedinnhold

Førebu deg på bank om du er utsett for eID-tjuveri

Ny finansavtalelov er ei gladnyheit som skal skjerpe vernet for dei som vert utsett for eID-tjuveri og økonomisk vald. Men kor glad har vi grunn til å vere når motparten forbrukaren møter er banken?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Identitetstjuveri er ein bransje i vekst. NorSIS og skatteetaten estimerer at 100.000 nordmenn vart utsett for ei form for identitetstjuveri dei siste to åra. Misbruk av elektronisk ID (eID) råkar dei utsette hardt. Forbrukaren kan bli sittande med høg gjeld, det er vanskeleg å bli kvitt.

Jussformidlingen erfarer at manglande bevis er avgjerande for hjelpa vi kan gi dei som er utsett for eID-tjuveri. Ansvaret for å bevise forholdet ligg hos den svindla forbrukaren. Dei fleste har ikkje bevis på at låna, som er tatt opp i deira namn med deira bank-ID, ikkje er tatt opp av dei sjølv.

Med mindre politiet etterforskar og hentar ut bevis i saka, er det lite rettshjelpstiltak kan gjere. Politiet legg ofte bort slike saker av bevisgrunnar eller manglande kapasitet. Dei utsette vert økonomisk radbrekt av å betale ned på høge lån, mens andre drar nytte av lånebeløpet. Dei som vert utsett for slik økonomisk vald er etter Jussformidlingen sin erfaring i hovudsak kvinner, særleg om svindelen skjer i nære relasjonar.

Ny finansavtalelov § 3-6 sett bevisbyrda for elektronisk avtaleinngåing til banken. Banken får ansvar for å bevise at dei har tatt forholdsreglar utover signatur med bank-ID, for å stadfeste identiteten til forbrukaren. Dette betyr at misbruk av bank-ID ved elektronisk avtaleinngåing vert regulert likare misbruk av bankkort og nettbank.

Utgangspunktet vert at banken tar tapet, mens forbrukaren betalar delar av gjelda dersom dei har handla aktlaust. Dette styrkar forbrukarvernet, særleg fordi bankane får eit sterkt insentiv til å førebygge eID-tjuveri. So far, so good. Men i motsetning til tidlegare, der motparten ofte er ein ressurssvak mannleg eks-kjærast, må ein no gå til sak mot banken. Bankane kjem til å argumentere for at du som er svindla: 1. Ikkje har beskytta din personlege sikkerheitsinformasjon godt nok. 2. Ikkje har varsla banken din tidleg nok om mistanke om svindel.

Bankane kjem til å vere representert av advokatar, og dei vil ha kapital til å ta saka til domstolane. Terskelen for når ein har handla aktlaust har til no vore låg.

Har du hatt koden skriven ned på ein lapp, eller ID-brikka ulåst og synleg heime hos deg sjølv, eller ga du koden til nokon som framsto som banken på telefon eller melding? I så fall er dette argument bankane kan bruke for å underbyggje at du ikkje har beskytta din personlege sikkerheitsinformasjon godt nok, og for at du må dekkje delar av tapet sjølv.

Det gjenstår å sjå om den førebyggande effekten av ny finansavtalelov snur den aukande trenden av talet på eID-tjuveri-utsette. Det er høgst sannsynleg at svindel ved eID-tjuveri framleis vil førekome. Dei utsette vil møte bank i forhandlingar eller retten, og ha behov for representasjon.

Med mindre forbrukaren kan betale for advokat, møter ein velvillig advokat som tar saka pro-bono, eller kvalifiserer til fri rettshjelp i ei ordning under aukande press, er forbrukaren nærmast sjanselaus.

Heldigvis har vi kloke politikarar som kan ta høgde for dette når dei vurderer å utvide ordninga for fri rettshjelp. Slik at dei ressurssvake i samfunnet også kan sparke frå seg i møte med bank.

Les også

Starten på slutten for Facebook

Les også

Sanntidsdata kan forandre byen