Det er kjent sak at Ap ikkje er glad i at nokon skal velje å gå på ein annan skule enn den offentlege. Det er eit ideologisk standpunkt. Litt rart at argumentet deira er å sikre mangfald. Dei fleste ville vel meine at eit innslag av friskular nettopp sikrar mangfald.

Men regjeringa erkjenner at FNs barnekonvensjon gjev foreldra både rett og plikt til ansvar for oppdraging og utdanning. Derfor kan dei ikkje nekte friskular/privatskular. Tonje Brenna (Ap) legg ikkje skjul på kva som er målet med lovendringa, nemlig å stoppe veksten i private skoler.

I tillegg vert det varsla ytterlegare lovendringar som skal «sikre lokale folkevalgtes innflytelse over fremtidig dimensjonering av private skoler som er i drift».

Då det er vanskeleg å tru på det regjeringspartner Sp prøver å få dette til å sjå ut som; kun styrking av lokalpolitisk innverknad på kva skular som skal kunne opprettast. Slik innverknad finst allereie, gjennom Privatskulelova, som sikrar uttale frå kommune/fylkeskommune. No skal det leggast sterkare vekst på lokal uttale, og særleg viss denne er negativ til oppretting(!).

Les også

Pølsevev fra privatskoleeier

Eg mistenkjer at regjeringa innser at ho ikkje kan forby friskular, fordi det er mot menneskerettane. Så då må ein finne ein annan måte å nå målet på. Økonomi, sjølvsagt!

For, sjølv om reknestykket i det store biletet viser at friskulane driv for mindre offentleg økonomi, så blir kommunen trekt for driftsutgifter (80 prosent pr elev) til eigen skule om det er ein friskule der. Ved å legge større avgjerdsmynde til kommunen, kan staten via økonomiske føringar, gjere det meir krevjande for kommunepolitikarar å seie ja til etablering av ein friskule. Særleg dersom den offentlege skulen har struktur som gjev plass til alle borna.

Eg syns det er lite politisk tillitvekkande når dei styrande brukar økonomi for å hindre at innbyggarane får nytte menneskerettar som vi har slutta oss til. Skal det kunne gjerast på andre rettar også? Trusfridom? Ytringsfridom?

I Vestland fylke har det politiske fleirtalet vore sterkt kritisk til private skular, også friskular. Og det er vel ei av relativt få saker, der KrF har brote ut av fleirtalskoalisjonen. Særleg var vi kritiske då det kom fram stort behov for fleire yrkesfagklassar i Bergen, og fylket likevel sa nei til at Danielsen kunne opprette to klassar.

Samtidig var det flott at fylkesordføraren i innspel til statsbudsjettet i haust engasjerte seg for musikk-undervisinga på Kongshaug. Krokeide VGS gjer ein kjempejobb inn mot elevar som treng litt ekstra for å kome gjennom vidaregåande.

Og eg veit mange, langt inn i Ap-gruppa, er storleg imponerte over United World College (UWC) i Fjaler. Tidlegare Ap-ordførar i Balestrand hadde alltid Sygna VGS med som viktig når han presenterte kommunen sin.

Felles for desse er at det er private «non-profit» skular. Vidare er det felles at dei rekrutterer elevar frå heile landet/verda, og gjev såleis ein stor «meirverdi» til opplæringa. (Ingen kan seie at dei ikkje bygger mangfald, eller legg til rette for «parallell-samfunn», i alle fall!)

Les også

Hva er det de inne i Oslo vet, som alle vi andre ikke vet? 

Og felles er det også at dei tilbyr internat til elevane. Noko som kan vere svært godt i eit fylke som Vestland med lange avstandar som krev at nokre blir hybelbuarar.

KrF er ein sterk forsvarar av den offentlege fellesskulen! Samtidig må vi halde fast på retten til å velje anleis. Og vi trur det er viktig også for å ivareta mangfaldet og hjelpe mot utenforskap. Det siste burde regjeringa vore meir oppteken av, og meir audmjuke på at den offentlege skulen ikkje har løysinga åleine.