Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Den 11. september er ein høgtidsdag – og ein vanleg kvardag. Det er valdag; val til kommunestyre, fylkesting – og til sokneråd og bispedømeråd i kyrkja. Eit bakteppe for valdagen er alle inhabilitetssakene som har vore i regjeringa og som rett og slett minner oss på at regjeringsmedlemene må ta ein fot i bakken og spørja seg kor truverdige dei er som folkets tillitsvalde.
Sist ute er Anniken Huitfeldt med ein mann som handla seg til millionær etter å ha byrja å handla aksjar for 10.000 kroner. Eg trur faktisk på at Anniken Huitfeldt ikkje visste noko om aksjehandelen til husbonden. Han seier sjølv at han var nøye på ikkje å fortelja henne noko. Men det hjelper ikkje, ikkje når han burde ha visst at han gjorde utanriksministeren inhabil. For det gjorde han, uansett kva han ikkje fortalde henne.
Det er så pussig at der folk flest (ja, det vågar eg påstå) kjenner det i ryggmargen at det er hakkande gale, ja, så gjer ikkje våre fremste folkevalde eller deira næraste det.
Alle regjeringsmedlemer som har vore ute å køyra, har sete i Stortinget og er altså blant våre fremste folkevalde. Det er ikkje berre eitt parti som det skurrar med habiliteten i. AP har jammen meg sitt, Senterpartiet sitt og Høgre sitt. Og sikkert fleire som eg ikkje kjem på her eg sit ved stovebordet.
Det eg absolutt kjem på, er kor dyrebart valet er. Lokalvalet er kanskje vårt mest dyrebare, for i det vel vi våre næraste tillitsvalde. Det er kanskje litt vanskeleg å sjå bystyret i Bergen som eit nærdemokrati, men så lenge vi ikkje har bydelsstyre, er bystyret det næraste folkestyret vi har.

Populariteten stuper: Har ingen plan B
I mindre kommunar er det lettare å sjå kor nære kommunestyra er veljarane sine. Det er nok slett ikkje tilfeldig at det er innbyggjarane i små kommunar som er mest nøgde med kommunane sine tenester. Eg trur dei har kortare veg til dei som styrer, og eg trur at kommunestyra med det vert meir lydhøyre overfor innbyggjarane. Dei vert ikkje inhabile av den grunn; tvert om har dei betre kunnskapar om både kommunen sin og innbyggjarane.
Demokratiets kvardagsslitarar. Det vil eg hevda at kommunestyremedlemene er. Demokratiets kvardagsslitarar. I dei fleste kommunar vert ein korkje rik eller fattig av å vera kommunestyrerepresentant, sjølv om altfor mange kommunar har lagt seg til ein lei uvane med å honorera ordføraren minst på stortingsrepresentantnivå. Bergen også.
Eg har vore heiltids- og halvtidspolitikar i Bergen i 16 år, og i tolv av desse var eg meir enn godt nok honorert. I åtte år tente eg også opp pensjon dobbelt, men det vart det heldigvis slutt på.
Parlamentarisme, som er Bergen si styreform, avlar fleire og fleire heiltidspolitikarar – for at bystyresida skal halda politisk tritt med byrådssida. Ingen heiltidspolitikar i Bergen ligg på latsida, slett ikkje. Eg hugsar mange svært seine kveldar og morgonar eg var oppe før hanen.
Men vi må ikkje få ein eigen «politikarklasse» med broilerar som frå tenåra av har vilja «bli politikarar». Då gløymer ein lett ut at ein skal vera folket sine tillitsvalde. Trur eg. Sjølvsagt kan det også seiast at eg med mine samfulle 16 år som gruppeleiar for SV var politikar altfor lenge. Andre må døma om eg gløymde kor eg kom ifrå og kven eg skulle tena. Eg håpar eg var tru mot røtene mine – og mi sosialistiske overtyding. Men meir enn nok om meg!
Kommune -og kyrkjevalet finn stad på 11. september, ein mørk dag. Mange av oss hugsar med fælske 11. september 2001 og sjølvmordsåtaka med kapra fly som al-Qaida utførte, mot Tvillingtårna i New York som det mest kjende terrormålet. 2996 menneske vart drepne, inklusive 19 flykaprarar.

Jeg dro fra Frankrike full av politikerforakt. Norge ble en gledelig overraskelse
På ein måte innleidde 11. september ein terrorens tidsalder, sjølv om det er ei overflatisk utsegn og veldig vestleg. Åtaka på Afghanistan, der faktisk ingen av terroristane var fødde, har knapt ført noko godt med seg. I dag lever kvinnene i Afghanistan i djup undertrykking og eit steinhardt patriarkat som ikkje er til å halda ut, fråtekne heilt grunnleggjande menneskerettar.
11. september markerer eit anna dystert jubileum som vi som var unge på 70-talet aldri gløymer: Kuppet mot den sosialdemokratiske, folkevalde presidenten Salvador Allende i Chile. Forsvarssjef og general Augusto Pinochet svikta president Allende og gjennomførte statskupp i 1973 og styrte Chile med hard hand frå då og til 1990.
Opposisjonelle vart myrda med kaldt blod. Ein av dei mest kjende er songaren Victor Jara som vart torturert på Chiles største idrettsstadion, som vart omgjort til fangeleir. Fem dagar etter statskuppet vart han drepen. Kuppet i Chile var støtta av CIA, som ikkje har ei ærerik historie når det gjeld å respektera demokratiet i andre land.
I Klassekampen laurdag som var, kunne vi lesa historia om motstandskvinna Carlota Vallebona som kjempa i ei av dei mest venstreradikale rørslene i Chile og så mot militærdiktaturet. Ho bur i Bergen, og dotter hennar, Natacha Vallebona Rivera, vart fødd i fengsel i Chile. I fleire tiår løynde Carlota historia si for dottera. Det kom fleire chilenarar til Bergen på 70-talet, nokre av dei, som Carlota og borna hennar, vart hjelpte ut av Noregs ambassadør Frode Nilsen. Ein million menneske flykta frå Chile. 5700 av desse kom til Noreg mellom 1973 og 1990.
Natacha Vallebona Rivera, fødd i fengsel i Chile, er bergensar. Eg har sete saman med henne i bystyret i Bergen. Fødd under diktaturet, vald til bystyret i Bergen i demokratisk kommuneval. Sterkare kan nesten ikkje ei historie om demokratiske val vera.
Det har sine skavankar, folkestyret vårt, men det er i audmjukskap og takksemd eg skal røysta 11. september.
Om spaltisten
Oddny Miljeteig er spalitst i BA. Ho har vore fagforeiningsmenneskje og sosialistisk politikar mest eit halvt kvinneliv. No er ho nestleiar i Bjørgvin bispedømeråd og i Mellomkyrkjeleg råd. Miljeteig er 68 år, gift, og har tre vaksne born, to barneborn og heimebuande katt.
Elskar BA.