Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Bergensregionen treng eit samlande lokomotiv med tydeleg retning. Den rolla må Bergen kommune også ta når det gjeld ny godshamn for regionen.
Eg utfordrar Bergen kommune til å ta eit større heilskapleg ansvar for samfunnsutviklinga og setja hamneselskapet i stand til å finansiera løysingar for morgondagens næringsliv og sjøtransport.
Hamneverksemda har bygd opp store eigedomsverdiar på Dokken som kan frigjerast for å etablera ei framtidsretta godshamn for byen, regionen og eit innovativt næringsliv.
I oppslag i BA den siste tida har det først og fremst handla om kortsiktige løysingar og kven som skal betala kva. Det er sjølvsagt interessant og viktig, men eg saknar eit større fokus på kva hamna betyr for samfunns- og næringsutviklinga.
Eg har stor forståing for at Bergen kommune ønskjer å byggja ein ny bydel på Dokken. Bergen er byen med stor B for alle oss i regionen, og vi heiar på ei utvikling som gjer byen enno meir attraktiv både for innbyggarar og næringsliv. Vi skal leggja til rette for at godshamna kan flyttast på ein kostnadseffektiv måte, men like viktig er det å sikra næringspolitiske interesser.

Ny havn kan bli straffet for å tape penger: – Det er en floke
Gjennom Havbyen Bergen skal regionen ta ei leiande nasjonal og internasjonal rolle i utviklinga av framtidige løysingar - både i, frå og på havet. Potensialet er stort, og regionen har både kompetansen, næringslivet og ei kystlinje som legg til rette for utviklinga av sjøbaserte næringar.
Ei framtidsretta og konkurransedyktig hamn vil spela ei viktig rolle for å realisera potensiale i Havbyen Bergen.
For å sikra ei berekraftig utvikling må sjømat dekkja ein større del av matbehovet til verda i framtida. Erfaringar frå pandemien har lært oss at også sjømat kan transporterast med båt, utan at det reduserer kvaliteten. Ei godshamn som også legg til rette for sjøbasert transport av sjømat kan gje ein kraftig auke i eksport frå dei mange offensive sjømatprodusentane i region vår.
Å frakta dette på dagens vegsystem er verken realistisk eller berekraftig.

Overraskende utvikling: Godshavnen kan bli flyttet i rekordfart
I dag kjem det omlag 55.000 trailerar og conteinerar årleg til Dokken. Med ei ny og effektiv godshamn kan vi auka dette volumet betydeleg. Dersom vi ikkje byggjer ei godshamn med gode og effektive løysingar for næringa, vil også dette godset rulla inn til oss på lastebilar.
Hamneselskapet har tidlegare vist korleis autonome og elektriske lastefartøy kan frakta varer og gods i eit nettverk av offentlege og private kaianlegg i regionen. Ei slik løysing fordrar ei regional godshamn med dei rette fasilitetane. Slitasjen på vegnettet og ulukkesrisikoen vert dermed redusert vesentleg.

Plan på plan på plan: Frykter at kommunen blir sin egen verste fiende
Ved å sikra ei framtidsretta godshamn kan vi stimulera til at endå fleire viktige næringar koplar seg saman, og slik sett bidreg til industrielle symbiosar og grøn omstilling.
Eg utfordrar Bergen kommune til å ta nettopp dette ansvaret. Set hamneselskapet i stand til å etablera ei framtidsretta godshamn til beste for byen, regionen og eit innovativt næringsliv. La godshamna spela ei viktig rolle i det grøne skiftet og næringsutviklinga. Dersom ikkje det skjer, vil andre regionar ta denne posisjonen frå oss.