Godsterminal i Arnadalen vil vere ein katastrofe

– Eg trudde den­ne saka var lagt til ro for godt, skriv Henry Lie om gods­ter­mi­nal i Arna. Her fra Unneland, som blei vurdert for plassering av godsterminal. ARKIVFOTO: Mag­ne Tur­øy

– Eg trudde den­ne saka var lagt til ro for godt, skriv Henry Lie om gods­ter­mi­nal i Arna. Her fra Unneland, som blei vurdert for plassering av godsterminal. ARKIVFOTO: Mag­ne Tur­øy Foto:

Av

Tek du ein liten tur opp til Arna, gjerne til Unneland, vil du med sjølsyn oppdage at det er eit dårleg val.

DEL

MeningerSå er det på an igjen! I mandagens BA kan ein lesa eit innlegg av Are Kjensli, som viser til kor smart det vil vera å bygge ny godsterminal i Arna. No er det ikkje slik at me her «på baksida av Ulriken», nett har etterspurd den gode velviljen til folk i andre bydelar. Likevel er det mange som viser omtanke for korleis dei meiner bydelen vår bør kunna utnyttast, ikkje minst når det gjeld ulike fasilitetar ein slett ikkje ynskjer i sitt nærområde.

Det er ikkje lengre sidan ein hadde denne saka oppe til debatt, enn at dei fleste som fylgde med på det, trudde den saka var lagt til ro for godt. Men så dukkar det opp att, nett som nissen alle trudde var borte!

Kjensli, som er adm. dir. i NHO innan logistikk og transport, viser til alt det gode noverande regjering har fått til. Ikkje minst når det gjeld å få fortgang i ulike samferdslesaker. Saker som har stått på siste NTP. Samstundes viser han til at «Dessverre er det ingen som tar den alvorlig». Eg for min del har lite mot at den ikkje vert teken på alvor, men truleg av heilt andre grunnar.

Planar om prosjektering av ny godsterminal i Arna er, slik eg les Jernbanedirektoratet sin plan, lagt bort for godt. At logistikk-bransjen ynskjer omkamp er lett å forstå, for dei vil gjerne ha planar som raskt let seg realisere. Om det fører til at heile bygdelag vert rasert, er kun eit parantes ein ikkje kan vektlegge når ambisiøse planar skal kunna gjennomførast.

Det er visst ikkje alt som er like imponerande med gjennomføringsevnene til noverande regjering likevel, når Kjensli viser til at det knapt har skjedd noko på jernbanesektoren sidan 2012. Der må eg sei meg einig. At stadig meir gods er flytta over på vegar er slett ikkje i samsvar med NTP 2018-2029. Der står det at meir av godset skulle over på jernbane og sjø.

Skulle eg drista meg til å kome med eit råd til ein direktør, måtte det være å ta ein liten pause iblant, trekke pusten og kjenne kor godt det gjer for både kropp og sjel. Tek du også ein liten tur opp til Arna, gjerne til Unneland, som var ein av stadane som vart sett på som passande for ein ny godsterminal. Då vil du med sjølsyn oppdage at det er eit dårleg val.

Mange av oss snakkar mykje om ei bedre framtid, men som også mange veit, det er vanskeleg å skape ei god framtid om ein ikkje tuftar den på fortida. Det vert som å bygge hus utan å ta omsyn til fundament. Ein framtidig tomt for godsterminal inne i den trange Arnadalen, vil være ein katastrofe for alle som bur her. Sjå berre på all forureininga me no opplever i Bergensdalen.At ikkje alle ser konsekvensane av kortsiktige løysingar, må me berre leve med, men at ein truleg høgt utdanna direktør ikkje evnar det gjer meg skremt med tanke på framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags