Biletet av Allende med gevær i handa denne 11. september får oss til å minnast to ting: slutten på livet for presidenten, og det smadra håpet om å innføra eit meir rettferdig samfunn på fredeleg vis, utan våpen.

I 1960-åra hadde det i Latin-Amerika vakse fram geriljarørsler som ville bryta med kapitalismen og innføra sosialistiske eller kommunistiske regime med våpen i hand. I ein slik kontekst var Allende sitt pasifistiske prosjekt eit unnatak som fekk mykje merksemd verda over.

Venstresideregjeringar i Latin-Amerika har mykje å læra av det som skjedde før og etter kuppet mot ei lovleg vald regjering på denne emblematiske datoen. Allende si Folkeeining (Unidad Popular, UP) inkluderte sosialistar, kommunistar, sosialdemokratar og kristne sosialistar, og kom til makta med lovnadar om jordreform og nasjonalisering av kopargruver, bankar og somme av dei viktigaste industrigreinene.

UP skaffa seg mektige fiendar, og dei økonomisk dominerande gruppene la ikkje fingrane imellom når dei gjekk til sabotasjeaksjonar.

Storgodseigarane og industriherrane såg ikkje med blide auge på at ein rokka ved interessene deira, og dei fekk god oppbakking frå USA under Richard Nixon og Henry Kissinger sin politiske taktstokk. Teknologigiganten ITT og Anaconda Kennecott Co., som hadde kontroll over chilensk koparproduksjon og -eksport, klarte gjennom press å få USA si regjering til å frysa økonomisk bistand til Chile.

Derimot heldt stormakta i nord fram med støtte til dei chilenske militære. Lastebileigarstreikane i 1972 og 1973 utgjorde eit stort hinder for å få basisvarer frå produsentar til varemagasin, men her synte grunnplanet til UP seg som særs oppfinnsamt då ein spontant organiserte folkelege forsyningsgrupper, dei såkalla JAP.

Den største dagsavisa, El Mercurio, verka på lag med chilenske og USA-baserte næringslivsinteresser for å riva grunnen vekk under UP sin politiske strategi og sabotera dei økonomiske reformene. Mykje var avhengig av kva side dei militære hamna på. Hærsjefen Carlos Prats ville ikkje blanda dei militære inn i politiske saker og var lojal mot grunnlova og UP som den legale regjeringa utgått frå val. Men i august 1973 blei Prats erstatta av Augusto Pinochet, som månaden etter sette i gang det blodige kuppet.

Trass i sabotasjeaksjonar frå USA, heimleg næringsliv og dominerande presseorgan, hadde UP gått fram ved lokalvala i mars 1973, frå 36,3 prosent ved presidentvalet i 1970 til 42,8 prosent ved lokalvala tre år etter. Den monalege auken i røysteprosent blei lagt merke til over store delar av den politisk interesserte verda, der ein følgde spent med på det originale chilenske prosjektet.

Framgangen var dropen som fekk begeret til å flyta over for høgresida, og Pinochet sitt kupp gjekk inn i ei rekke brutale maktovertakingar som gav 1970-talet eit makabert preg i Latin-Amerika.

Kva lærte ein så av lagnaden til Chile på 1970-talet og den vidare utviklinga i regionen, der den USA-støtta Operasjon Kondor førte til eit samarbeid mellom brutale diktatur i undertrykking, forfølging, tortur og drap? Lite, kan det sjå ut som.

Somme av dei militære som tok del i den brutale undertrykkinga, blei rett nok dømde til lange fengselsstraffer, men det er eit faktum at dei raude og rosa regjeringane som såg dagens lys rundt år 2000, blei møtte med reaksjonar som delvis minna om kva UP i Chile måtte gå gjennom. Høgt på dagsorden på 2000-talet stod økonomisk omfordeling, utvida politisk demokrati og latinamerikansk einskap. Dei tradisjonelle makthavarane såg seg truga då representantar for nye sosiale grupper kom til makta: dei innfødde (Bolivia), arbeidarar (Brasil, Venezuela) og kvinner (Chile, Argentina).

Den politiske strategien til høgresida gjekk no ut på å samla næringsliv, rettsvesen og massemedium i kampen for å svekka og utmanøvrera regjeringane på venstresida. Dei militære spelar ei meir sekundær rolle, men er ikkje heilt utraderte. Dette fekk vi eit døme på i kuppforsøket mot Hugo Chávez i 2002. Her var somme militære leiarar inne i biletet då næringslivsleiaren Pedro Carmona blei sett til å styra landet, i eit kortvarig kupp som varte i 48 timar. Grunnplanet reagerte og fekk sett Chávez fri frå ein arrest han hadde gått med på for å unngå at det skulle flyta meir blod.

Mobilisering av grunnplanet var viktig for å slå tilbake kuppforsøk også i Bolivia (2008) og Ecuador (2010), men fleire kupp vann fram: Haiti (2004), Honduras (2009), Paraguay (2012), Brasil (2016) og Bolivia (2019). I mange av desse kuppa spelte dei militære ei underordna rolle medan rettsvesenet verka ved kuppa og var nokså avgjerande i avsettinga av Manuel Zelaya i Honduras (2009), i den politiske rettssaka mot Fernando Lugo i Paraguay (2012) og ved riksrettssaka mot Dilma Rousseff i Brasil (2016).

Brutaliteten i dei latinamerikanske militærkuppa frå 1970-talet har også ført til at ein på 2000-talet ikkje lenger snakkar noko særleg om ein overgang til sosialisme, slik det var vanleg på venstresida på 1960- og 1970-talet. Nær sagt overalt er det no snakk om ein overgang til demokrati. I Chile fekk Pinochet sitt militærkupp òg som følgje at det meste blei privatisert. Det privatiserte blei verande i privat eige også etter at ein overgang til demokrati tok til i 1990. Alliansen mellom kristendemokratar og sosialistar (la Concertación), som varte ved heilt fram til 2013, klarte ikkje å endra på dette, og tilmed delar av fengselsvesenet hamna på private hender, etter inspirasjon frå USA.

Dagens unge chilenske president Gabriel Boric, som blei valt i 2022, har så langt ikkje makta endra på Pinochet-grunnlova frå 1980. Sjølv om han er den presidenten som har fått flest prosent ved val, 55,9 prosent, syner kampen om grunnlova at Chile er like delt som før.

For oss som har følgd utviklinga ‒ og har vore med på den anten direkte i Chile eller i solidaritetsarbeid her til lands ‒ er det med tungt hjarte vi må konstatera at håpet som brast i Chile 11. september 1973, har fått alvorlege og langtrekkande konsekvensar. Og her på berget ‒ i Bergen ‒ må vi konstatera at solidaritetsarbeidet med Latin-Amerika slett ikkje er slik det var.