Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Sidan mesteparten av Statens utgifter allereie bygger på lovfesta rettar til pensjon, sosiale ytingar, skule og helse, er det lite anna enn samferdsle og store byggeprosjekt ein kan stramma inn på. I vår region er det ingen tvil om kva Regjeringa prioriterer, og kva dei ikkje prioriterer.
Nedprioritert blir: Miljø. Ingen pengar til ny jernbane til Voss, ingen pengar til finansiering av Bybane til Åsane.
Nedprioritert blir: Liv og helse. Ingen pengar til ny veg til erstatning for den ras- og ulykkesutsette vegen til Voss, og lite pengar til rassikring generelt.
Prioritert blir: Meir pendling, meir spreidd busetnad. Hordfast med sine 37 milliardar skal byggast.
Nasjonale mål tilseier at me skal bu tettare, for å spara energi og redusera CO2 utslepp, og for å bygga ned mindre natur. Men Statens Vegvesen sine modellar for samfunnsnytte av vegprosjekt legg til grunn det motsette: Di meir folk som brukar ein ny veg, desto meir lønnsam blir vegen.
– Ser mer på fjellsiden enn vi ser på veien
Og det er ikkje måte på kor mange folk som skal pendla over Bjørnafjorden. Frå dagens trafikk på 3.200 kjøretøy pr døgn skal trafikken i løpet av få år både tredoblast og femdoblast.
Til samanlikning har trafikken over Nordhordlandsbrua framleis ikkje tredobla seg, 28 år etter bruopninga. Eg spurte Statens Vegvesen i ei tidlegare spalte om forklaring, og forklaringa var «modellane». «Modellane» ga dette resultatet. Så då så.
Når folk skuldar på «modellar» og ikkje kan gi eit fornuftig svar på kven som skal sitja i desse 15.000 bilane som skal over Bjørnafjorden kvar dag, er det grunn til å vera skeptisk.
Men kreative lobbyistar frå Sunnhordland og Bergen Næringsråd har gitt forklaring på fenomenet: Folk skal slutta å fly mellom Stavanger og Bergen, i og med at det nå berre tar to timar å reisa ein veg.
Så om folk skal på møte i Stavanger i 2035 skal dei korkje fly eller ta møtet på Teams: Dei skal kjøra to timar til Stavanger, avhalda møtet sitt, for deretter å kjøra to timar tilbake. Fire timar i bil for å ha eit møte i Stavanger, istadenfor null reisetid på Teams, eller ein time med fly tur/retur.
Heilt ærleg, er det nokon som trur på dette? Trur våre fylkespolitikarar, som skal garantera for Hordfast sitt bompengelån med skulestrukturen i fylket som pant, på dette?
Regjeringa, med Jonas Gahr Støre i spissen, trur på denne massive pendlinga. Og det hjelper ikkje å bytta med Erna, ho er like klokkeklar i trua på at Teams-møter skal byttast med fire timars pendling.

Denne godbiten bør vi velge bort
Og så er det jo modellane frå Norges Handelshøgskule som viser vekst i økonomien når bu- og arbeidsmarknaden blir utvida. Det er rett, men den veksten kjem fordi folk då søker seg til dei best betalte jobbane, innanfor den regionen. Den økonomiske veksten aukar når platearbeidaren på Stord blir godt betalt advokat i Bergen istadenfor.
Om det er dette som skal redda Norge etter olja er eit heilt anna spørsmål.
Dei som kan sin Donald Duck hugsar korleis det gjekk då eit helikopter mista ei last med pengar over Andeby: Prisane gjekk til himmels, og økonomien i dass. I eit land der «alle» har jobb, kan det same skje om det offentlege ikkje klarer å tøyla pengebruken.
Dette er klassisk motkonjunkturpolitikk: I gode tider må pengebruken til det offentlege ned. Riset bak spegelen er at Norges Bank set opp renta for å kjøla ned økonomien.
Særleg populært er det jo ikkje å løysa ei krise som ikkje kan løysast med meir pengebruk, tvert om. Det er lettare å bli populær i nedgangstider, når rett medisin er meir pengar. Erna sin jobb under pandemien var på den måten enklare. Så regjeringa MÅ prioritera.

Tøffe prioriteringer betyr ikke like mye for alle prosjekter. De beste prosjektene skal bygges.
Lobbyistane for Hordfast har gjort ein god jobb. Deira argumentasjon om at «nå er det Vestlandet sin tur» har vunne fram, med det resultat at ingen politikarar vestpå har våga å prioritera. Til og med nå, når resultatet av den manglande lokale prioriteringa er så tydeleg, er det få som vågar å peika på elefanten i rommet. Eller rettare sagt elefanten i Bjørnafjorden.
Mot så tafatte politikarar får sjefslobbyist Halleraker frå Sunnhordland, med klippekort til Stortingskorridorane, eit lett spel.
Kva blir så resultatet av forhandlingane om Statsbudsjettet? Hordfast blir ståande. Så blir det kanskje slengt nokre millionar til vidare planlegging av ny veg og bane til Voss. Gleda blir stor, inntil Regjeringa diverre ser seg nøydd til å prioritera enda hardare hausten 2023.
Pengebruken skal ned, lovfesta rett til pensjonar eksploderer, og forsvaret skal rustast opp. Å tru at både ny veg og bane til Voss skal bli bygd, samstundes med bygging av Hordfast, er berre naivt.