Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I den seinare tida har me sett mange oppslag og ytringar der det vert hevda at E16 Arna – Stanghelle er nedprioritert i forslaget til statsbudsjett, og at Hordfast ikkje er det. Dette må vera basert på mangelfull kunnskap.
Hordfast har ikkje kome så langt i planprosessen som E16 Arna-Stanghelle (K5). Hordfast er på reguleringsplannivå, og vert tilført planmidlar som alle andre prosjekt som er under planlegging. Planmidlane kjem frå Statens vegvesen sin sekkepost for plan og utgreiing.
Til forskjell frå dette har E16 Arna–Stanghelle ferdig reguleringsplan, og ventar på KS2-utgreiing. E16 Arna-Stanghelle er såleis klar for å få ein eigen budsjettpost på statsbudsjettet, som skal nyttast til klargjering og oppstart av prosjektet.
Men no har regjeringa sagt at bremsene må på, difor vert ingen nye prosjekt i Noreg sett i gong i 2023. Dette gjeld altså ikkje berre E16 Arna–Stanghelle. Med stort sannsyn ville det også vore tilfelle for Hordfast, om prosjektet var kome like langt i planleggingsfasen.
Det Samferdselsministeren derimot har sagt, er at han følgjer opp prioriteringane i Nasjonal Transport Plan (NTP), og ser difor ingen grunn til å stoppa dei prosjekta som er på planleggingsstadiet i NTP.