Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Spaltisten har vore, nei eg er, på Kyrkjemøtet i Trondheim. Kva det er? Det er kyrkja sitt årlege landsmøte, frå onsdag til måndag og fem netter heimanfrå. I mine unge dagar ville eit slikt maratonmøte ha vore «a piece of cake», men når eg no nærmar meg 70, er det sånn på lag ein styrkeprøve.
Det er i skrivande stund søndag kveld og eg har rigga meg til med pute i stolen på hotellrommet for å nå skikkeleg opp til skrivebordet.
Kyrkjemøtet skil seg ikkje all verda frå andre landsmøte, men vi har morgonandakt og kveldsbøn før vi går frå kvarandre, vi startar med gudsteneste i Vår Frues Kyrkje fyrste dagen og har høgmesse i Nidarosdomen søndag – med påfylgjande lunsj/mottaking i Erkebispegarden som kommunen tek rekninga for.
Varaordførar Mona Berger frå SV heldt ein kunnskapsrik tale til oss alle, og ho fekk mykje skryt for den. Så vart preses emerita Helga Haugland Byfugllien (oppvaksen i Bergen) heidra med portrettmåleri, ikkje mindre enn to, utførte av kunstnaren Håkon Gullvåg. Dermed har det fyrste kvinneportrettet kome på plass i Erkebispegarden – og Helga-portrettet gjer dei gamle patriarkane så visst rangen stridig!
Kyrkjemøtet har sin generaldebatt, slik alle landsmøte med respekt for seg sjølv har det. Eg sat og lurte på om eg skulle ta ordet etter kyrkjerådsleiar Kristin Gunnleiksrud Råum sin fabelaktige årstale. For kva kunne vel eg leggja til? Slik sat eg og tenkte.
Men så gjekk eg i rette med meg sjølv: «Du vil då ikkje seia at her har Kyrkja og skattebetalarane spandert på deg både reise og opphald, og så skal nestleiaren i Bjørgvin bispedømeråd sitja og halda Åkrafjorddialekten for seg sjølv?» Kva skulle eg snakka om? «Fred», sa det i hovudet mitt. «Freden», den som er under åtak i alle verdsdelar og nett no aller tøffast i Europa – fordi her trugar Putin med atomvåpen.

Odveigs Putin-dikt går viralt: – Oversatt til over 80 språk
Så her er generaldebattinnlegget mitt, slik eg ville ha skrive det om eg hadde hatt betre tid:
Ordstyrarar. Kyrkjemøte. Fyrst må eg få seia til ho unge kvinna som var på talarstolen og påtalte at ein kyrkjemøtemedlem av den eldre garde hadde gjort møterommet utrygt for henne ved å insinuera at ho var ei fortapt sjel fordi ho fortalde at ho var skeiv. Kjære unge kvinne: Du er på rett plass, her på Kyrkjemøtet og i kyrkja. Takk for at du er her – du er heime her, du!
Livet er ukrenkjeleg. Det må vi lyfta fram kvar einaste dag. Trass i at Ukraina i Europa forsvarer seg mot ein atomvåpentrugande aggressor i president Putin. Trass i alle dei mange andre krigar, konfliktar og kriser som heimsøkjer verda. Middelhavet er framleis ein gravplass for dei tusenvis som prøver å berga liv, helse og tryggleik i kursen mot Europa. Det lyser ikkje nett kristne og humanistiske verdiar av måten vi stengjer dei ute på.

Den unge krigshelten får hjelp på Haukeland: – Vi har Europa i ryggen
No gjeld krigens logikk, krigens handlingar og krigens språk. Fredens logikk, fredens dynamikk og fredens språk er knuste. I krig er ikkje menneskelivet ukrenkjeleg. Fredens due er usynleg. Men ikkje heilt. Kimen til fred vil alltid vera der. Korleis kan vi vera med og få denne kimen til å veksa?
Meir himmel på jord. Meir fred på jord! Nett no trengst det som eit tydeleg kamprop. Det ukrainske folket treng vår støtte mot det hemningslause krigsåtaket mot landet sitt. Ukrainarar er på flukt i heimlandet, og til andre land, mellom anna til Noreg. No ser vi at også russarar flyktar frå eit autoritært styresett og ei krigsmaskin som vil krevja liva deira. Noreg tener pengar på krigen. I andre land kallar somme oss «krigsprofitørar.» Samanlikna med nesten alle andre land er vi rike. Det forpliktar både kyrkje og fedreland i ei slik tid som vi lever i.
Meir himmel på jord! Det må vera visjonen vår. Eller: Fred over alle på jorda. Naivt? Kan hende. Men er det noko gale?