Det sluttar aldri å fascinere korleis handel har forma det bergenske bylandskapet. Så uendeleg mykje i byen mellom dei sju fjella er relatert til handel – med alle moglege råvarer.

Sjølv om råvarene forlengst er fortærte og udaterte – finns det framleis monument att. Minnesmerker over råvarene – på ulike stadar i bybiletet.

Eit kjernedøme på dette er Bryggen. Der ligg dei best intakte spora etter internasjonal handel att. Ein skal ikkje sitje mange timane på kontor her før ein kjenner eimen av fisk i veggane. Det har eg sjølv erfart med å kontorplassen eg leiger i Bredsgården.

Eit bygg på andre sida av Vågen har derimot ein heilt annan aura av fisk. Det er bygd i betong og troner ytterst på Tollbodallmenningen på Nordnes. Arkitektonisk er det ikkje særmerkt på nokon som helst måte:

Ein typisk representant for femtitalsarkitekturen som preger den ytterste delen av Strandgaten og C. Sundts gate.

(Saken fortsetter under bildet)

 

Det som derimot fascinerar med dette bygget er auraen som blir bygd opp av minner. I Strandgaten 221 – betre kjend som Troyegården – finn ein alt. Her kan ein spore både ekstrem krigsdramatikk og sensasjonell rikdom.

Nyleg fekk også Troyegården ei indirekte hovedrolle i ei rykande fersk bok. I «Kjøp Berlin» – utgitt av Cappelen Damm i 2018 – formidler forfattar og NRK-nestor Christian Borch historia om oldefaren Johan R.E. Troye.

Sjølv om brotstykker av historia har vore kjend, er dette første gong ein kan samla lese kva Troye fekk til – i Berlin.

For her ute på Nordnes bandt Johan Troye Bergen saman med Europas desiderte metropol i mellomkrigstida – nemleg Berlin.

For min del var Borchs avdekking ekstra spennande sidan eg budde fleire år i den tyske hovestaden.

(Saken fortsetter under bildet)

 

Utgongspunktet for boka er ukjende dokument Borchs fetter Arne Mowinckel Troye finn i kjellaren av Troyegården. Året er 2015 og mappene synleggjer ei utruleg historie.

Ein av Johan Troyes hovedmarknadar var Tyskland og Berlin. Og med inflasjonen som rådde i mellomkrigstida, valde han å ta ut gevinsten i gjeldspapir. Desse brukte han igjen på eigedomar. Heile 130 sentrumseigedomar satt Troye-familien med i den tyske hovedstaden. Dette var hus som lukta sild – sånn indirekte.

Ironien er – trass dette – tragisk. Uroa i verda kjem i stor grad til å ramme den velståande familien frå Bergen. Når «Det Tredje Riket» er eit faktum, finn familien det best å forlate Berlin.

Bygardane står att. I skrekkregimet sine siste dagar blir desse utsett for ei voldsam flybombing. Av bygningane som står att hamnar ein del bak muren i Aust-Berlin. Desse blir etterkvart rekvirert av DDR.

Bygardane som fortsatt står i Vest-Berlin vel familien seinare å selge. Bygningane i aust får dei først sjå att etter murens fall. Då viser det seg at det i mange tilfelle berre er ruinar att.

(Saken fortsetter under bildet)

 

Voldsame øydeleggingar kjem også til å ramme familien Troye heime i Bergen. Alle sjøbodene blir totalskadde under eksplosjonsulykka 20. april i 1944. Det same gjeld også for familiehuset i Nordnesgaten 11.

Erstatninga for alt dei tapte blir den monumentale bygarden ved Tollbodalmenning. Den blir reist i 1953.

For min del har linken mellom Nordnes og Berlin vekt gode minner frå åra eg budde i Berlin. Så ofte eg kunne sykla eg til fredagsmarknaden for å handle fersk sild med lauk – som fastfood.

På andre dagar gjekk ofte turen til snackbarkjeden Nordsee. Der finn ein alt av fastfood-fiskeprodukt - med sild sentralt i utvalet.

Tankane gjekk då ofte til barndomens sild i «himbyen» Haugesund – også kjend som «Sildabyen».

Heretter kjem tankane til å gå til gamle herr Troye også – neste gong eg ét sild i Berlin.