Ikkje kast boss i naturen

Dei tre jentene Isabel, Emine og Cecilie er opptekne av naturen og ryddar opp etter andre på heimstaden Seim i Alver. FOTO: PRIVAT

Dei tre jentene Isabel, Emine og Cecilie er opptekne av naturen og ryddar opp etter andre på heimstaden Seim i Alver. FOTO: PRIVAT

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.– Eg likar å plukke boss for eg tenker på naturen og jordkloda. Alle burde kaste boss i bosspanna, men eg trur ikkje alle gidder å gå heilt bort til bosspannet. Eg såg ein gang nokon som kasta boss på graset, det er dumt. For eksempel er det farlig for dyr å få sånne slush-lokk i munnen for då kan det sette seg fast. Eg er veldig glad i dyr.

Emine Alme Mjelde, 7 år


– Eg plukker boss for å rydde naturen slik at det ikkje skadar miljøet. Det er eigentleg plast som er det verste for dyra å få i seg. Dyra trur det er mat og et plasten, det er farlig. Eg trur nokre ikkje gidd å kaste boss i bosspanna, eller dei kastar boss ut i frå bilane kanskje. Nokre bosspann er også heilt overfylte av boss slik at bosset flyg ut med vinden.

Isabel Alme Mjelde, 10 år


– Vi burde fått eit betre miljø. Folk må vente med å kasta boss når dei er ute og køyrer eller går, slik at dei kan sortera det heime. Alle kan hjelpa til med å plukka boss når dei går tur. Eg syns det er dumt at folk kastar munnbind, for der er det ein streng inni som kan skada dyra.

Cecilie Pihl Hermansen, 8 år


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken