Vi vedgår det så gjerne: Overskrifta er ikkje vår, men Noregs fyrste kvinnelege biskop Rosemarie Köhn si. Ho svara nett dette som svar på at ein kyrkjemedlem grunna på om han trudde nok og rett nok på Gud og Jesus. Vi synest det er eit vedunderleg svar som opnar opp vegen til Jesus og far hans.

Mange av oss trur at vi ikkje er gode nok eller trur godt nok eller rett nok. Då skal vi hugsa på at det er ikkje nokon konkurranse å vera kristen eller kristen nok. Nålauga er ikkje trongt. Guds kjærleik er stor nok til alle.

Det er kyrkjeval no – samstundes med kommune- og fylkestingsvalet. Røysterett har alle som fyller 15 år i år og som er døypte. Vi håpar at retteleg mange vil røysta.

Vi to underskrivne stiller til val for Open folkekyrkje. Vi sit i Bjørgvin bispedømeråd no og vil gjerne gjera teneste i fire nye år. I bispedømerådet er vi sju leke, valde ved kyrkjevalet i 2019 av medlemene i bispedømet, det er ein representant for prestane, ein for andre kyrkjeleg tilsette – og så biskopen sjølv. Nytilsette Ragnhild Jepsen er vår fyrste kvinnelege biskop i Bjørgvin.

Dei seinaste åra har sett fine endringar i kyrkja, og Open folkekyrkje har vore ein pådrivar for desse. No kan ein gifta seg i kyrkja med den ein elskar, uansett om ein elskar ei/n av motsett kjønn eller ei/n av same kjønn. Kyrkjemøtet no i august slo fast at kyrkja ikkje skal spørja etter samlivsform ved tilsetjing i vigsla stillingar. Skeive skal ikkje kunna lukast ut! Og bispemøtet har tidlegare sagt at ein mannleg prest ikkje skal kunna reservera seg mot å dela ut nattverd saman med ein kvinneleg kollega.

Bjørgvin bispedømeråd følgde opp vedtaket til Bispemøtet ved å seia uttrykkjeleg at slik skal det vera hos oss også. Tidlegare har somme kvinnelege prestar opplevd diskriminering frå mannlege kollegaer og kvidd seg for å søkja presteteneste i Bjørgvin. Slik skal det ikkje vera lenger, og kvinner i presteteneste melder om at dei opplever seg møtte på ein annan måte i vårt bispedøme.

Kyrkja skal likebehandla alle, det vere seg kvinner, LHBT+, alle etnisitetar. Kyrkjemøtet gjorde klåre vedtak om likestilling av menneske med fysisk funksjonshemming – og av menneske med utviklingshemming. Men ingenting er vedteke ein gong for alle.

Open folkekyrkje treng alle røyster vi kan få ved kyrkjevalet for å sikra at ingen skal diskriminerast i kyrkja. Alle er vi like for Gud, og alle skal vera like i kyrkja. Kyrkja må romma alle, slik Gud rommar alle. Vi håpar du vil røysta ved kyrkjevalet, og vi håpar at du vil røysta Open folkekyrkje. Hugs at inga tru er for liten.

Oddny Miljeteig er spaltist i BA. Denne teksten skriv ho som kandidat til kyrkjevalet.