Byrådets syn på inkludering

Artikkelen er over 12 år gammel

Les Oddny Miljeteig (SV) sitt brev til byrådet om byråd Øistein Christoffersen sitt utspill om innvandrere og hunder.

DEL

- KRAV OM ORSAKING OG AT BYRÅD ØYSTEIN CHRISTOFFERSEN MÅ GÅ

På NRK Hordaland i dag har vi fått høyra ein av byrådets heilt nyvalde byrådar uttrykkja sitt syn på inkludering og integrering av innvandrarar og asylsøkjarar. Opphavet for innslaget på NRK Hordaland er oppslag i Åsane Tidende og også Dagbladet.no.

På Dagbladet.no er ingressen: "Innvandrere må sosialiseres som barn eller hunder." Dagbladet siterer, såvidt vi kan forstå, intevervju med Christoffersen frå Åsane Tidende: "Det handlar om grensesetting, og er ikke annerledes enn å oppdra barn eller hunder."

SV meiner utsegnene uttrykkjer djupt krenkjande haldningar overfor innvandrarar og asylsøkjarar, at dei heilt klårt er diskriminerande og ikkje høyrer heime i det bergenske folkestyret, det vere seg i bystyre eller byråd. Vårt folkestyre byggjer på humanisme, menneskeverd og at alle menneske er likeverdige. Desse prinsippa kan ikkje kompromissast på, sjølv ikkje av eit byråd der FRP utgjer eitt av to store parti.

Vi forventar at Du umiddelbart, som byrådsleiar, ber om orsaking overfor bergensarane, flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar for dei haldningane Din byråd Christoffersen har gjeve uttrykk for - og gjer klårt at dette ikkje er byrådets haldningar. Vi forventar også at Du umiddelbart løyser Christoffersen frå jobben/vervet som byråd. Underteikna har høyrt Christoffersen intervjua på NRK Hordaland og kan ikkje på nokon måte oppfatta at han sjølv har orsaka seg eller gått tilbake på innhaldet i utsegnene.

I SV si bystyregruppe sit Amir Payan, den fyrste kvoteflyktningen med fast sete i bystyret. Vår fyrste vara til bystyret er Emina Kotlica. Ho kom hit til landet som asylsøkjar under krigen i Bosnia og har opplevd alle moderne krigars gru og redsler. I tillegg sit to andre representantar med minoritetsetnisk bakgrunn frå andre parti. Desse får altså høyra frå ein byrdå at det ingen prinsipiell skilnad er mellom dei og hundar! SV er faktisk djupt rysta og sjokkerte, og vi er visse på at vi ikkje er åleine. Utsegnene frå Christoffersen er skandaløse og eit overgrep mot desse representantane, mot bystyret og mot oss alle som tuftar vår verksemd på folkestyre og humanisme.

I SVs bystyregruppe merka vi oss at Du i Di tiltredelseserklæring i går ikkje med eitt ord nemnde inkludering eller integrering som ei av Bergens store utfordringar - og muligheter - for den neste fireårsperioden. For den del: Du sa heller ingenting om morsmålsopplæringa i Bergen, som har vore ei heit politisk potet i byen vår i meir enn ein bystyreperiode. No ligg det føre ein heilt fersk evalueringsrapport frå Rambøll Management - på byrådets bord. Det er rimeleg å tru at behandlinga av denne rapporten kan bli vanskeleg og konfliktfylt - og ei utfordring for oss folkevalde. Med Christoffersens utsegner i dag om integrering og inkludering, ja, då blir det påfallande at nett dette ikkje vart nemnt i ei elles fyldig byråds-erklæring.

SV ser berre ein utveg dersom byrådet for denne perioden skal framstå på truverdig vis med eit humanistisk andlet: Byrådsleiar må umiddelbart offentleg orsaka dei haldningane byråd Christoffersen har gjeve uttrykk for, og han må straks løysast frå jobben/vervet som byråd. Denne saka er det berre Du som kan syta for ender anstendig.

Med venleg helsing

Oddny I. Miljeteig
gruppeleiar for SV i bystyret

Kopi:
Gruppeleiarane i bystyret
Media

Artikkeltags