Det er av sine eigne...

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

På ein heilt alminneleg ettervinters kvardag stod den norske velferdsstaten for meg fram på sitt aller beste.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Kronikk Sjukehus, trygdeytingar og lokal helseteneste gjer kvardagen vår tryggare. Jamvel sosialteneste og barnevern gjer det. Ikkje det at vi tenkjer over det til dagleg, for det gjer vi ikkje, i alle fall ikkje dei av oss som er i «vår beste alder». Oss er det mange av etterkvart som folkehelsa har betra seg og levealderen aukar mest inn i evigheita.

Men sjølv vi i vår beste alder treng til helse og velferdstenester innimellom. Og når vi gjer det, oppdagar vi at hadde ikkje tenestene vore så tilgjengelege, måtte vi verkeleg ha tenkt over dei, kvar dag og heile tida.

Denne spaltisten har for fyrste gong hatt bruk for sjukehus til anna enn å føda barn. Akutt bruk for sjukehus, hadde eg. På ein heilt alminneleg ettervinters kvardag stod den norske velferdsstaten for meg fram på sitt aller beste, inkluderande, raus og av god kvalitet.

«Du må på sjukehus», slo fastlegen fast. Eit minutt etter hadde han lyfta av telefonrøyret og avklåra at eg kunne koma straks og med ein gong. Han spurde ikkje etter om eg hadde helseforsikring, kva den dekka og kva kvalitet eg hadde råd til.

Han trong ikkje spørja kva sjukehus eg hadde økonomi til å velja. Nokon trong for velja hadde eg heller ikkje, mellom Haraldsplass og Haukeland. Tvert om, eg hadde trong for ikkje å velja. Eg hadde trong for visse om at dit eg kom, ville hjelpa vera den beste, og ingen ville spørja etter storleiken på lommeboka mi. Slik sett er den offentlege, universelle velferdsstaten vårt fremste kvardagens privilegium.

Den norske velferdsstaten er frå alle til alle. Vår velferd er finansiert over skattesetelen, ytt etter evne frå den store fellesskapen til den einskilde av oss når vi treng det. Skatt skal vera på inntekt, ikkje på sjukdom, det er vår barnelærdom.

Rett nok frynsete i kanten dei seinste åra, og særleg tydeleg i dette statsbudsjettet med framlegg om å auka eigendelskortet med over 60 prosent til 2500 kroner. Det er butikk i helse, må vita. Svært god butikk.

Legelønene kan vi frå før. Medan presten og læraren - og lensmannen - har kome på eit lønsnivå på line med andre lønsarbeidarar, har legane halde seg på eit nivå nærare Vårherre, attspegla på lønskontoen, i offentlege lønsregulativ.

I dei heilt seinste åra har vi sett dei fyrste reine butikk-sjukehusa veksa fram. Somme har interesse av det. Kapitalkrefter har trong for utvida marknader til å auka fortenesta, og helsemarknaden er grenselaus - inntil den ekstreme forvandling .

Men ikkje heilt og uhemma. I ei heilt fersk meiningsmåling som Opinion har gjennomført for Landsorganisasjonen, syner det seg at langt dei fleste av oss i Ola- og Kari-land, vi vil at det offentlege skal betala og organisera velferdstenestene.

Heile 58 prosent av oss, sjølv etter steinhard ideologisk mangekamp frå høgreside og marknadskrefter, vil at vår trauste velferdsstat skal finansiera og organisera velferda.

Berre blant Frp sine veljarar er det fleirtal for å få overført pengar slik at dei sjølve kan kjøpa velferdstenester. Men skilnaden er ikkje stor, sjølv på mørkeblå fløy: 36 prosent vil shoppa sjølve på velferdens marknad, 31 prosent vil at det offentlege skal finansiera og organisera. Sjølv blant Høgre-veljarane er det fleirtal for den offentlege løysinga: 44 mot 35 prosent.

Ynskjet om å kjøpa, selja og handla fortek seg altså når det kjem til helse og velferd, sjølv blant dei som identifiserer seg mest med privat verdiskaping.

Jamvel i Vesle-Høgre, dvs. Venstre, vil 68 prosent ha offentlege løysingar, berre fem prosent bak veljarane til Arbeidarpartiet og sju prosent bak SV. KrF-veljarane plasserer seg på 61 prosent. For veljarane til Senterpartiet og RV er tala aller høgast: 80 prosent og 86 prosent av deira veljarar vil ha den offentlege modellen.

Og i arbeidstakarorganisasjonane? 57 prosent blant LO-medlemene, 71 prosent blant YS-medlemene og heile 83 prosent blant medlemene i Utdanningsgruppenes Hovudorganisasjon vel den offentlege løysinga.

Den norske middelklassen vel altså velferdsstaten, ikkje velferdsbutikken. Utdanningsgruppene, velferdsstatens og arbeidarrørslas born held fast på den fellesskapen dei er runne or.

Kanskje dei må gjera strategiske ny-grep i Høgres Hus, dei som har øvd seg inn i Olympia-toppen på å mistenkjeleggjera LO framfor valkampen neste år?

Det skal bli spennande å høyra Høgre skulda Anders Folkestad og Helga Hjetland for å vera ideologisk einsretta - utan å ha løyvd ei krone til Arbeidarpartiet. I takt med Høgres medlemer er dei faktisk også, og det er som kjent av sine eigne ein skal ha det.

Artikkeltags