Republikken Gulating ser med interesse på forslaga om ny kommunestruktur i regionen aust for Bergen kommune. Me vil frå republikken si side slå fast at det er særleg viktig å leggja vekt på utvikling av lokaldemokratiet, samtidig som ein kjem fram til den samfunnsmessig mest muleg tenlege strukturen.

I forslaga ender Arna opp som alt frå framleis utkant i Bergen til sentrum i ein ny storkommune. Ordførar Øivind Olsnes i Vaksdal seier til Bergensavisen 17. februar at det er uaktuelt å tenkja seg ei samanslåing mellom Osterøy, Vaksdal og eventuelt Samnanger utan Arna.

Det er liten tvil om at det er viktige kulturelle argument for ein slik ny kommune. Tradisjonelt har desse områda ein einsarta kultur, sterk samkjensle (identitet) og felles næringsgrunnlag og økonomi. I nyare tid har innvandringa frå Bergen vore sterk i Arna, men det er også ein god del som har flytta til bydelen frå bygdene utanfor Bergen. Det er framleis ein sterk bygdeidentitet i Arna, og denne kjensla gjer at det enno ikkje kjennest rimeleg å kalla dei som bur i Arna for «bergensarar» under eitt.

Det er i første rekke dei som har flytta inn frå andre bydelar og som har historisk tilknyting til andre bydelar som kjenner seg som bergensarar. Dette viser at Arna like gjerne kan knytast til områda utanfor Bergen som til resten av Bergen.

Historisk sett har Arna omfatta områda langs sørsida av Sørfjorden frå og med Sandviken i Bergen til og med Eksingedalen. Dette store «Arna skipreide» var ein realitet frå vikingtida heilt fram mot formannsskapslovene kom i 1837 (men då var Sandviken skilt ut ei tid før). Utviklinga av infrastruktur, særleg bilvegar og dermed betre mobilitet, har gjort at området no meir enn nokon gong har ein felles økonomi, med «fri flyt» av arbeidskraft, varer og tenester. Det viser seg også at folk i Arna vender blikket utover mot nabokommunane når dei søkjer stader å bu og arbeida, ikkje minst grunna den pressa bustadmarknaden i Bergen.

Kommunesenteret vil gjerne bli eit heftig debattemne, men dette er enkelt å løysa. Geografisk midtpunkt i ein slik storkommune er ein stad på fjellet mellom Tyssebotn og Stamnes, ein noko upraktisk stad, men nøytral, unik og utfordrande byggeteknisk. Offisielt historisk sentrum er Mjelde og Haus, historisk økonomisk sentrum Ytre Arna, og økonomisk sentrum og ut frå folketalet er utan tvil Arna. Geografisk er dette greit, det spørs berre om Votloholmen er stor nok? Men då kunne kanskje tunnelen mellom Osterøy og Ytre Arna endeleg bli realisert, med ein avstikkar til holmen?

Eit alternativ er å la kommunesenteret gå på omgang, slik det er kjent frå enkelte små statar rundt i verda. Eit eksempel er Bhutan i Himalaya, der hovudstaden byter frå sommar til vinter, sidan ein del av folket, og dermed også økonomien, vandrar tilsvarande. Her kan kommunestyret ha tilhald på ein passeleg stor båt, eller eventuelt ferje, det burde vera nok av gamle ferjer på marknaden for tida.

Me vil også fremma eit heilt anna forslag, eit viktig «nytt» kulturelt sentrum, nemleg Havrå. Planane om museumsbygg utanfor sjølve Havrågarden kan lett utvidast til å inkludera eit moderne kommunehus.

Havrå er sentralt i kommunen, det er lett å leggja til rette for buss- og båtruter ut frå dette senteret, og det er ikkje «belasta» med ei historie som kommunesenter i ein tidlegare kommune.

Republikken Gulating ser at det har vore nemnt i debatten i media at politikarar i Bergen ønskjer å ta utgangspunkt i kva folket i Arna meiner i denne saka. Det er svært interessant, i og med at Bergen ikkje kunne ta slike omsyn under førre runde om kva kommune Arna skulle høyra til. Aksjonen «Arna ut or Bergen» fekk stor lokal oppslutnad og gjennomførte også ei rådgjevande folkerøysting som viste sterk motstand mot å høyra til Bergen. Ut frå dette resultatet er det altså iallfall ikkje sjølvsagt å konkludera med at folket i Arna i dag ønskjer at området skal høyra til Bergen.

I og med at Bergen kommune no har fjerna retten til å ha eige bydelsstyre for Arna og dei andre bydelane, kan ikkje Bergen lenger seiast å oppfylla ønskje og rettmessige krav frå folket i Arna om eit aktivt lokaldemokrati. Republikken Gulating ser fram til ei ny avrøysting om kommunegrenser, men me er alt no klare til å anerkjenna Oster kommune eller Oster skipreide som ei ny lokalpolitisk eining i området.