Venter på far, venter på far...

Artikkelen er over 13 år gammel

Den norske staten har, utan barnelov og rett, frårøva fire barn far og fars omsorg, skriver Oddny Miljeteig i dag.

DEL

Kronikk Fire born måtte i vantru og sjokk registrera at far vart riven frå dei. Brått, brutalt og uventa. Frå eine morgonen til neste var far borte, henta av politiet som skulle han ha vore brotsmann, ein forbrytar. Attende i Bergen sit fire barn, frårøva den eine av to omsorgspersonar.

Det var like før advent i fjor at underteikna, som kommunalråd for oppvekst i bystyret i Bergen, sat benka ved eit bord på Vestlandsheimen, i eit møterom knytt til asylmottaket. Vi var fleire frå den vaksne «øvrigheita»: Oppvekstbyråden, helsebyråden frå Bergen kommune. Magne Raundalen, Bergens verdskjende psykolog, spesialist på barns traumer frå krig og katastrofar. Redd Barna sin representant. Vaksne rådgjevarar og ressurspersonar elles. Advokat. Lege. Bjørgvin-biskopen hadde vore der før – eit kvitt og markant bispe-lys brann stille på bordet.

På den andre sida av bordet: Ei rekkje unge jenter og gutar, i overgangen frå barn til vaksne, alvorlege, men innbitne i ansikt med altfor vaksne erfaringar.

Vi var alle vitne til ei sjeldsynt hending, ei eineståande hending i verdsmålestokk: skipinga av den fyrste organisasjonen for asylsøkjarborn: SoHo (Se oss og Hør oss).Nett her i Bergen, historisk sett Noregs mest internasjonale by.

Minst tre år hadde alle dei unge vore i Noreg utan at foreldra hadde fått endeleg svar på søknaden om asyl. Snart skulle vi alle bli kjende med dei unge gjennom radio, fjernsyn og aviser. Oslo-bispen kalla dei inn til samtaleforum om asylborns situasjon i Noreg. Media stod i kø framfor dei lågmælte tenåringane, gutar og jenter side ved side, som skifte på å vera talspersonar: det handla om barns rettar. Barns rettar til tryggleik, omsorg og stabilitet etter sjølvaste FNs barnekonvensjon.

Barns beste, handla det om. Noreg har skrive under på at barns beste skal gjelda som grunnleggjande omsyn. Også for asylsøkjarbarn. «Ingen har spurt oss!». sa dei unge – på så kav bergensk at halve Noreg hoppa ved frukostbordet og morgonradioen. «Sjå oss og høyr oss!» bad dei, insisterte dei, kravde dei. «Vi må få bli i Noreg no, vi maktar ikkje meir. Vi kjenner ikkje noko anna heimland!».

Hugsar du historia? Som før sommaren enda med at det norske Storting gjort eit heilt spesielt, samrøystes eingongsvedtak om at asylsøkjarfamiliar som hadde vore minst tre år i Noreg, skulle få sakene sine behandla på nytt – og dei skulle behandlast generøst.

I månadene etter Stortingsvedtaket har meldingane smått om senn tikka inn til asylsøkjar-borna og deira familiar. Utlendingestyresmaktene har fylgt opp stortingsvedtaket, noko motvillige innimellom, har det sett ut som, men likevel. Borna og omsorgspersonane deira har, familie for familie, fått opphald. Skuldrer har senka seg, nerver har roa seg, smil har overteke i innbitne fjes.

Heilt fram til denne morgonen i førre veka, då politiet stod på døra og henta ut faren i firebarnsfamilien frå Montenegro. «Barnas behov for omsorg anses ivaretatt gjennom at mor har fått opphold», sa Utlendingenemnda.

Javel? far og mor er skilde, men dei har delt omsorg. FNs barnekonvensjon og norsk barnlov slår uttrykkjeleg fast barns rett til samvær med begge foreldre. Barneverntenestelova, den norske som kom for 10 år sidan, la sterk vekt på barnets tilknyting til biologisk familie. Det er ingen tvil om at det norske samfunn og den norske retts-staten erkjenner og understrekar banda mellom barn og biologiske foreldre.

Ingen lover eller konvensjonar seier at det gjeld andre reglar for barn i asylsøkjarfamiliar. Ingen forskrifter seier at asylsøkjarbarn får nøya seg med ei/n forelder sjølv om dei har to. Ingen norsk minister har sagt at det skal gjelda andre reglar for asylsøkjarborn enn etnisk norske når det gjeld barns rett til far og mor.

Men den norske staten har, utan barnelov og - rett, frårøva fire barn far og fars omsorg. Den norske stat har brukt titusenvis av kroner, i vanvørnad for alle barns lovnedfelte rettar, til i einvis trasigskap å senda faren til fire bergenske born ut or landet.

Finst det ein norsk minister med hovud og hjarte til å gjera om på uretten?

Ein barneminister, ein likestillingsminister, ein kommunalminister, ein statsminister? Kva seier de, barneombod og likestillingsombod? Har de noka meining – medan borna ventar på far?

Artikkeltags