Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det vert dessverre ofte svart-kvitt når ein diskuterer havbruksnæringa her i landet.
Dei siste månadane har derimot vore kolsvarte. Særleg for oss her vest som ønskjer at staten skal stå opp for næringslivet, og at næringslivet skal stå opp for velferdsstaten.
Ved eit knips mista ei heil næring tilliten til makthavarane i hovudstaden. At finansministeren utan særleg forvarsel drog eit uferdig og lite gjennomtenkt skatteforslag opp av hatten i oktober i fjor, bør stå som eit skulebokdøme på korleis ein ikkje skal driva skattepolitikk. Og korleis ein ikkje skal driva næringspolitikk.
Det var ikkje grunnrenteskatt i seg sjølv som var problemet, men korleis det vart gjort.
Forslaget var dårleg skrudd saman, mellom anna fordi den dyraste fisken skulle legga grunnlaget for all skattlegginga. Ein hadde ikkje tatt nok omsyn til den samla skattebelastinga for havbruksselskapa. Prinsippet om føreseieleg næringspolitikk vart kasta på sjøen. Bransjen ana ikkje kva dei hadde i vente.
Debatten som følgde var heller ikkje noko vakkert syn.
Rett nok hadde regjeringa dumma seg kraftig ut. Men med eit vêrvarsel som varsla krisetid, tvungen nedskalering av oljepengebruken, dyre straumstøtteordningar, krig i Europa, prisvekst og inflasjon, burde me òg kunna forventa ei meir seriøs tilnærming frå opposisjonen på Stortinget.

Laksetoppane hadde vore dumme om dei applauderte regjeringa
Me fekk i staden ein debatt som ikkje berre svekka tilliten mellom kyst og stat, men som heller ikkje tok innover seg at velferdsstaten treng tilstrekkeleg med inntekter for å fungera.
Medan venstresida ville auka skatten endå meir, og førte ein direkte næringsfiendtleg retorikk, svarte høgresida med å totalt avvisa grunnrenteskatten, som dei sjølv hadde vurdert då dei sat med makta. Det mangla gode svar på korleis ein skulle halda oppe velferdsnivå og investeringar, utan å auka skatteinngangen.
Ein bør òg retta kritiske spørsmål til konstruktiviteten til bransjen. Havbruksnæringa hevda at dei godt kunne bidra meir til fellesskapen enn tidlegare, utan å komma med særleg konstruktive svar på korleis.

Bekymret: – Vi er skuffet over at regjeringen ikke har lyttet
Uansett. Det er Arbeidarpartiet og Senterpartiet som må ta det største ansvaret for ein direkte øydeleggande debatt, som har svekka tilliten til skattepolitikken langs kysten. Førearbeidet stod rett og slett til stryk, og det skorta på forståing for bransjen.
Langt inn i regjeringspartiet vert det kviskra om at statsbudsjettet for 2023 var gjennomsyra av nybegynnarfeil. At diskusjonen om grunnrenteskatten kom så skeivt ut, var ein av desse tabbane.
Derfor er det grunn til å applaudera at eit fleirtal på Stortinget no har komme fram til eit forlik som kan få slutt på den trøysteslause debatten. Ein skattesats på 25 prosent verkar langt betre enn utgangspunktet til regjeringa. Også innretninga er langt betre.
Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og den eine representanten til Pasientfokus i Finnmark framstår no akkurat så pragmatiske som folkevalde bør vera når skattepolitikk skal utformast.
Om ein grunnrenteskatt på 25 prosent er rimeleg eller ikkje, framstår likevel som ei aldri så lita gåte. Til det har diskusjonen dei siste månadane vore alt for lite gjennomsiktig og konstruktiv. Det skulle likevel berre mangla at me tok næringa på ordet. Dei har jo i det ustanselege sagt at dei kan betala meir skatt enn dei har gjort.
At ikkje fleire kan slutta seg til denne løysinga tek seg ikkje like godt ut. Krefter i Høgre skulle gjerne sett at partiet skulle ha vore med å ta ansvar. Det vart vanskeleggjort av eit kompromisslaust landsmøtevedtak.
Finnmarkingen Irene Ojala frå Pasientfokus er langt meir ansvarleg, og stoppar for andre gong på kort tid ein debatt Vestlandet godt kunne greidd seg utan. Sist var det regjeringa sitt forsøk på å likestilla Bergen og Oslo når det kom til utflytting av statlege arbeidsplassar.
Den manglande viljen til kompromiss i resten av opposisjonen er eit problem. Me bør ha ein skattepolitikk som baserer seg på meir enn simple stortingsfleirtal. Me må forventa at politikarar vågar å ta upopulære val i tøffe tider.
Lakseaksjane på børsen stupte etter framlegginga av statsbudsjettet i oktober. Torsdag svarte marknaden optimistisk på forliket.
Håpet må vera at tilliten mellom næringa og staten no kan verta reparert. Sjølv om det vil ta tid, er det særs viktig for Vestlandet.
