Ivar Aasen sitt storverk lever

Oddny Miljeteig kunne vore i lag med ein høgremann, ,men aldri ein bokmålsmann. I spalta hyllar ho Ivar Aasen.

Oddny Miljeteig kunne vore i lag med ein høgremann, ,men aldri ein bokmålsmann. I spalta hyllar ho Ivar Aasen. Foto:

Av

Nynorsken har vore dømd nord og ned frå fyrste stund av. Motkreftene har vore sterke. Alltid. Likevel lever Ivar Aasen.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I dag har Ivar Aasen gebursdag. Det er 207 år sidan han vart fødd. «Ivar Aasen lever», stod det med grøn, optimistisk tusj på eit utandørsskåp i sentrum, garantert skrive av ei av Aasen sine iherdige etterfylgjarar. Det fryda meg då eg såg det. Eg skal sjølvsagt ikkje påstå at den kjødelege Ivar Aasen lever. Han døydde i september 1896. Men livsverket hans, det nynorske skriftmålet, det lever så sanneleg min hatt!

Ivar Aasen gifte seg aldri, men eg meiner han skal ha vore trulova ein gong. Han har ingen direkte etterkomarar, men då eg dreiv og storverva medlemer til Noregs Mållag for nokre år sidan, verva eg ei av etterkomarane i familien hans, Wenche Aasen. Dei er fleire familie-etterkomarar. Forsyne meg møtte eg ikkje på ein kar her i Bergen som heitte Ivar Aasen!

Og ei ferje på Lavik-Oppedal ber namnet til nynorskens far. Då kulturarbeidaren Inger Helen Midtgård frå Hjelmås vart 50 år, laga ho Vestlandets største vaffelrøre, fekk avtale med kapteinen på ferja og serverte vaflar til alle passasjerar- som hyllest til han som hadde funne skriftspråket hennar.

Ivar Aasen fann nynorsken, seier Aasen-kjennaren Ottar Grepstad. Han fann nynorsken blant nynorske dialektar – på norsk folkemåls grunn. Ivar Aasen reiste langt og lengre enn langt på fleire ferder i Noreg for å samla tilfang til nynorsken, eller «Landsmaalet.» Landsmålet er altså ikkje eit synonym for bygdenorsk, men tyder skriftmål for heile landet. Dei som seier at Aasen ikkje var i Nord-Noreg, dei tullar. Faktisk er det Senja-målet som skal vera den dialekten som ligg aller nærast nynorsken. Og Senja ligg slett ikkje på Vestlandet, men i Nord-Noreg.


Ivar Aasen.

Ivar Aasen. Foto:

Det kan godt vera at min helgelandske husbond sin dialekt ligg minst så nær nynorsken som min sunnhordlandske gjer. Han skriv sjølvsagt nynorsk, husbonden, men hadde bokmål i oppveksten. Eg hugsar at eg som nyslegen 1.kandidat for Bergen SV før kommunevalet i 2003 fekk spørsmål frå journalist Aadne Lunde i BT om eg kunne ha vore gift med ein høgremann. «Ein høgremann, ja, men aldri ein bokmålsmann!» svara eg spontant og langt utanfor ein medierådgjevars rekkjevidde. Sjølv om det kan hende den unge Audun Lysbakken sat i same rom. Han er forresten halvt sunnmøring (og heil bergensar) og medlem i Noregs Mållag. Og nei, det er ikkje eg som har verva han, han var mållagsmedlem lenge før eg sette i gang og verva ubegripeleg mange medlemer til Noregs Mållag.

Det fremste kjenneteiknet ved nynorsken er, ved sida av eit ordtilfang tufta på norske dialektar, fråveret av «substantivsykja.» På nynorsk skriv vi ikkje at ei sak er «av stor viktighet.» Vi skriv enkelt og greitt at ei sak er svært viktig. Bokmålet, eller skal vi seia heimedansken, har for sin del røtene i embetsmannsspråkføringa og med det substantivsykja. Dette er ingen kritikk av dykk som skriv bokmål, men berre eit faktum når det gjeld opphavet til bokmålet.

At bokmålet er majoritets-skriftspråket i Noreg, er inga bombe. Men når sjølv Riksmålsforbundet gjev pris til Linda Eide, må vi kunna seia at det kulturelle hegemoniet til riksmålet og det konservative bokmålet er meir enn frynsete i kantane. Linda Eide er rett og slett større enn riksmålet! Ja, og så Gunnstein Akselberg og Sjur Hjeltnes, partnarane hennar! Riksmålsforbundet freistar rett og slett å okkupera dei – utan å sjå at det er Linda Eide og dei som ristar riksmålet i grunnvollane. Eg frydar meg!

–  Linda Eide er rett og slett større enn riksmålet! Eg frydar meg, skriv Oddny Miljeteig-
ARKIVFOTO: ANDERS KJØLEN

– Linda Eide er rett og slett større enn riksmålet! Eg frydar meg, skriv Oddny Miljeteig- ARKIVFOTO: ANDERS KJØLEN

Nynorsken har vore dømd nord og ned frå fyrste stund av. Motkreftene har vore sterke. Alltid. Då Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning, Jeppe på Bjerget (omsett frå dansk av Arne Garborg) i 1913, aksjonerte riksmålspøbelen mot teateret. Studentmållagsmedlemer baud dei motstand, og riksmålsungdommen leid tap. Ikkje rart at eg er stolt over å ha vore leiar i Studentmållaget i Oslo – om enn det var over seks tiår seinare!

Aldri så lite stolt er eg også over å ha vore med på dei fyrste aksjonane/demonstrasjonane for nynorske læremiddel heilt fyrst på 1970-talet. Over 30.000 elevar og studentar gjekk i 1971 i tog i bygd og by for at nynorske læremiddel måtte koma på nynorsk til same tid og pris som bokmåls-læremiddel. Det var vel dei fyrste landsomfemnande aksjonane av elevar i etterkrigstida? Bærum Målungdom vart faktisk skipa, og det må kunna samanliknast med ein revolusjon i seg sjølv!

Så, midt på 70-talet, starta Norsk Målungdom og Noregs Mållag dei fyrste og landsomfattande dialektaksjonane. Norske dialektar har ein langt høgare status enn målføra i grannelanda, og dette skal Ivar Aasen og målrørsla ha ein stor del av æra for. Dialekten er ein integrert del av identiteten til eit menneske. At det i dag er så godt som sjølvsagt at ein kan bruka dialekten både i kvardag, fest og i einkvar formell og uformell samanheng gjev sjølvtryggleik til ei og einkvar av oss. At tre vossingar altså får riksmålspris seier noko også om kor langt dialektreisinga har kome. Riksmålsforbundet har historisk sett vore ein hovudmotstandar for dialektreisinga, især for bydialektar og austlandsdialektar som Toten-dialekten.

Bergen er nynorskhovudstaden. Tidvis med fleire nynorskforfattarar enn bokmålsforfattarar. Og den dagen Jon Fosse får Nobels litteraturpris, kan Bergen med rette seia at Jon Fosse budde viktige år av livet sitt i Bergen. Jon Fosse lever så definitivt. Dei andre nynorskforfattarane og alle vi kvardags-nynorskbrukarar også.

Så sjølv om Ivar Aasen i og for seg er død, lever storverket hans i aller beste velgåane. Gratulerer med dagen, Ivar Aasen!

  • Følg BA Meninger på Facebook.
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags