Gå til sidens hovedinnhold

Jo, ungdom bryr seg faktisk om smittevern

Ja, det hender at smittevernet glepp hos oss ungdommar, men tenk over om ikkje du òg har brote på nokre reglar det siste året.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kjære deg som sleng drit om ungdommen.

La meg starte med to kommentarar frå Skyss sin Facebook-side, der Skyss informerar om munnbindpåbod der ein meter ikkje vert heldt: «De fleste ungdommene bryr seg ikke om munnbind» og «UNGDOMMEN bryr seg ikke.»

Dette er berre eit av fleire kommentarfelt der ungdommen blir hengt ut for ikkje å bry seg om smittevern, og spesielt bruk av munnbind.

Eg blir ekstremt lei, irritert og provosert når eg les slike kommentarar.

Vi blir hengt ut som syndebukkar for at denne pandemien drar ut i tid, når det faktisk er alle aldersgrupper som spreier smitte.

Vi er akkurat som alle andre lei av denne pandemien og ønsker at livet skal bli så normalt igjen så fort som mogleg.

Vi ungdommar har, i likskap med resten av befolkninga, ofra mykje i løpet av denne pandemien. Eg er til vanleg særs aktiv i det lokale korpsmiljøet. Eg har ikkje fått spelt fysisk med vaksenkorpset mitt sidan november, då vi fekk halde på under strenge smittevernstiltak.

Digital øving er på langt nær så kjekt som fysisk øving. Eg er så heldig å framleis få spele fysisk under strenge smittevernstiltak med skulekorpset mitt og dette har redda mi musikk- og speleglede. Likevel får vi ikkje gjere det som er aller gøyast, som å spele konsertar og konkurransar, der ein treff andre med same interesse som ein sjølv.

Les også

Alt vi gleder oss til avlyses

For det er nettopp dette ungdomstida for mange handlar om. Å få vere sosial, treffe nye venner og finne sin identitet. Det å treffe nye venner i ein pandemi har vist seg å vere svært vanskelig, då ein skal avgrense tal nærkontaktar ein har. Sist gong eg møtte og vart kjent med nokon eg ikkje kjente frå før av, var i februar 2020. Det byrjar å bli ei stund sidan no.

Ja, det hender at smittevernet glepp hos oss ungdommar, men tenk over om du òg har gloppe på nokre av smittevernstiltaka, i løpet av nesten eit halvanna år med tiltak. Det hender eg blir forvirra og mistolkar smittevernstiltak som skifter nesten like ofte som andre skifter undertøy, og då reknar eg med at du gjer det òg.

Ingen menneske er feilfrie!

Det som ofte går igjen i fleire av kommentarane er at vi samlar oss i klynger og står tett. Dette poenget skal dykk faktisk få, men til vårt forsvar gjer smittevernsrettleiaren for skule det ganske lett for oss å ta med oss klyngetankegangen med frå skulen. Idet du går inn døra til klasserommet ditt forsvinn meteren, heilt i tråd med smittevernsrettleiaren. Då er det lett for at vi i same kohort, samlar oss i klynger også utanfor skulen.

Eit anna punkt som ofte går igjen i kommentarfelta er at vi ikkje brukar munnbind. Ta deg ein tur på butikken, eller ein tur med kollektivtransport og sjå.
Du vil truleg fort oppdaga, at det er like mange vaksne som ikkje brukar munnbind som ungdommar.

Dersom du ser nokon som bryt smittevernet, både vaksen som ung, ta høfleg kontakt med dei og informer på ein sakleg måte. Så kjem vi til å bli merksam på at vi ikkje opptrer på ein smittevennleg måte og justere oss inn på ein meir smittevennlig måte.

Vi er, som alle andre, også lei av smittevernstiltak og korona. Klart vi bryr oss om smittevernreglane.
La oss saman følge reglane og informera, i staden for å rakke ned kvarandre, så skal vi ein vakker dag om ikkje så altfor lenge leva tilnærma normalt igjen.

Les også

Vi unge trenger all støtten vi kan få gjennom pandemien

Kommentarer til denne saken