Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er ganske mange, meir enn femti pasientar. Det høyrest kjekt ut – og det var det. Om ein ser på kohorten av heimebuande pasientar over 85 år er nesten alle kvinner. Samtlege har levd svært isolert i eigne heimar siste året. Og uana mengder heimebaka lefser, kaffi, sjokolade, snittar, cider og frukt har dermed hopa seg opp i dei eldre damene sine skap. Undervegs i vaksinerunden vart underteikna mettare og mettare etter kvart som vaksinane og lefsene vart fortært – alle må jo observerast i 20 minutt etter injeksjon, så det nyttar ikkje å skulde på knapt med tid.
Eg var ikkje kledd etter tilhøva og hadde vintersko som skulle snørast i massevis. Etter kvart orka eg ikkje lenger å knyte skoa mellom kvart hus. Håret vart meir og meir bustete utover kvelden, og eg knytte det saman med det einaste eg hadde i bilen som likna eit strikk, nemleg ein blå plasthanske. Eg sølte kaffi på det venstre og blod på det høgre buksebeinet i starten av runda. Utover kvelden kjente eg på aukande «rus» på eiga koronavaksine frå gårsdagen, med hovudverk, immunologisk takykardi og litt svimmelheit. Tida gjekk mot midnatt og eg visste godt at dei verdifulle dråpane snart gjekk ut på tid, så her var det inga gammal dame sin overarm å miste.
Buksa begynte etter kvart å sagge, men hendene var fulle av smittevernutstyr og vaksinar, så eg hadde ikkje fleire hender til å hipse på den med. Etter kvart vart den nok hengande litt ukritisk langt nede. Brillene dogga og sveitten pipla i panna. Men klart – vaksinane skulle ut til folket. På siste hus orka eg heller ikkje parkere skikkeleg, men parkerte halvvegs oppi eit blomsterbed, innanfor der det var parkering forbode, på skrå utanfor ei blokk der absolutt alt anna var sirleg rett og radig. Ut av bilen stumpa eg sjølvsagt litt i eigne skolisser.
Dess trøyttare eg vart orka eg stadig å ta mindre utstyr med ut av bilen. Til siste pasient hadde eg berre ein masse sprøyter og kanylar i eine handa, og i den andre spritflaska pluss ei heil samling av ampullar med uklar væske. Men framleis dessverre ikkje fleire hender til å hipse på buksa. Eg tenkte: Det er jo mørkt, ingen ser meg og eg har fortsatt kontroll, så lat oss bli ferdige.
Då stod han der brått, ein mann med fint hår og fine klede, litt eldre enn meg sjølv og berre såg på meg med store auger. Og med skolisser som var perfekt knytt, ein slik «leiar i burettslaget»-type, som også arbeider lenge på advokatkontoret sitt om kvelden, men som likevel ikkje er heilt ferdig med å utøve lov og rett når han endeleg er kommen heim. Eg kom meg ikkje unna han, og det var uansett flombelysning bak blokka.
Medan han stod der og betrakta meg, ringde ein sekretær frå kontoret. Noko ho aldri gjer så nær midnatt, så eg tenkte det var viktig og måtte ta den. Sjølvsagt på høgtalar sidan eg ikkje hadde fleire hender. Ho sprudlar i andre enden at no er det endeleg meir «utstyr» å få tak i på Sletten på måndag. Ho lurte på om eg eller ho skulle «plukke det opp». Eg klarte ikkje å svare tydeleg på det medan juristen hørte det heile på høgtalar og framleis kikka på meg med overdriven interesse, syntest eg.
Så stumpa eg litt til i mine eigne skolisser. Og kjende at eg var vorten skikkeleg kvalm av alle lefsene hos dei tre siste pasientane. Og var no den cideren så alkoholfri som ho påstod, ho i det førre huset? Eg tenkte: – Shit, no har juristfyren med fine klede og fint hår og knytte skolisser nok tenkt å sende klage til kommunen på «åtferd uforeineleg med yrkesutøving», eventuelt lage ekstraordinært styremøte i burettslaget om ho som parkerte i blomsterbedet. Så seier han med beundrande stemme: – Er du lege, eller?
Eg hadde latens, anten grunna biverknader av vaksinen eller for mykje lefser, men sa noko om at vanlegvis ja, men i dag er eg litt usikker på kva eg skal presentere meg som. Eg følte eg såg ut som noko mellom ein rusmisbrukar og ein innbrotstjuv. Men så fekk eg likevel spurd han:
– Av alle ting du kunne tenke deg at eg kunne vere, kvifor i alle dagar tenkte du at det er nok doktor ho er?
– Du såg berre veldig slik ut, var hans enkle forklaring til vaksinearbeidaren på veg inn i natta. – Og tenk at du til og med vaksinerer om natta!