Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Har du blitt kansellert endå? Lurer du kanskje på kva som kan få deg kansellert? Skreiv du noko på Facebook då du var fjorten og full, som kan få deg til å verke som ein nazisympatisør i 2023? Fortvil ei, du er ikkje aleine.
I nyare tid kan det virke som at ingen heilt veit kva som er innafor å ytre lengre. Dette innlegget inkludert. Progressiv wokekultur sprer seg om ild i tørt gras, og det ein blir sitjande igjen med er ein kollektiv falsk tilnærming til det å være politisk korrekte, og det å meine.
I takt med at meiningane våre har blitt meir synlege og tilgjengelege på sosiale medier, har vi byrja å ta bevege oss med musesteg når vi skal uttale oss. Det ein seier kan fort bli tatt ut av kontekst, og du kan ende opp med å bli tileigna meiningar du ikkje har om du trår litt feil.

En video på knappe 20 sekunder, og mitt første møte med mammapolitiet
Det er vanskeleg å peike på nøyaktig når vi vart så oppteikne av å vere politisk korrekte, men det heile er i ferd med å bli ein einaste stor parodi.
Nesten dagleg ser ein eit nytt tilfelle av kansellert innhald. Ein ny kjendis, film, serie, eller eit anna kulturelt fenomen kan oppfattast som krenkande. Folka med dei nye kule oppdaterte meiningane skrik, og «problemet» forsvinn frå jordas overflate.
Fleire barnebøker blir skrivne om, der ord som feit og stygg blir omskrivne, fordi ein meiner desse orda kan verke sårande for nokon.
Er det verkeleg ei barnebok frå ei god tid tilbake sitt ansvar at du ikkje skal føle deg støytt? Gjerne på andres vegne?
I jakta på ånormalisere alt, har vi kome til eit punkt der vi aktivt overkompanserar på alle frontar, sjølv meiningar og haldningar me har hatt i fortida. Vi sit igjen med amputerte barnesongar, bøker, filmer, kunst, og kultur som stadig står i fare for å bære preg av vårt krampaktige behov for å «vise hensyn».
Ikkje at det er ein uting. Det er fint å vise hensyn. Eg elskar hensynsfulle mennesker! Det er eit friskt pust i det ellers narssisistiske og sjølvsentrerte Patrick Bateman-samfunnet vi etter kvart befinn oss i. Men no kan det i større grad sjå ut som vi ikkje heilt lengre veit om vi meiner det vi seier, eller om vi berre er redde for å seie feil.
Det heile blir svært paradoksalt for ei rørsle som hovedsaklig handlar om å få lov til å «være den ein er».
Det enklaste er dessverre i mange tilfelle å berre å seie som massane. Den høglytte, pedantiske progressive rørsla, som brukar andres legning samt å kjempe for det dei meiner er sosiale ulikheiter i samfunnet som ein identitetsmarkør.
Ein kompis sa han hadde blitt i stuss over kva legning han sjølv var, etter å ha vore på Tinder og sett femtifem forskjellige.
Torkel Risnes Eikevik
Denne gruppa er tilsynelatande meir opptatt av å bli oppfatta som nytenkande, woke, og progressive, enn å faktisk bidra med noko konkret for å skape endring.
Politiske meiningar vert brukt som eit springbrett for å fronte seg sjølv, og å vise verda kor åpne og inkluderande dei er. Ein absurd og gjennomsiktig form for sjølvdyrking.
Om ein skulle være så korttenkt at ein prøver å seie ifrå at det blir litt mykje, ja, då skal ein kansellerast, i krenkelsens navn! For i krenkelsens tidsalder, kan det no virke som vi endelig faktisk berre blir krenka, for å bli krenka. Gjerne hovedsaklig på andres vegne.
Det er trist at det som starta som eit viktig opprør mot sjåvinisme og overgrepskultur i hollywood under Me too no har utvikla seg til eit fenomen som i verste fall truar ytringsfriheita og meiningsmangfald.
Studier viser at ungdom er redde for å bli kansellerte. At over 50 prosent ikkje tør sei kva dei eigentleg meiner. Fordi det ikkje er «riktig» nok. Det er ingenting som er riktig nok. Ei meining er ei meining! Det er lov å ha ulike meiningar. Det er lov å setje spørsmålsteikn, og ikkje lavpanna følgje den høglytte majoriteten.
- Hva mener du? Send en e-post til [email protected]
Sjølvsagt skal ein strekkje seg etter å vise forståing, samt å utvikle seg og sjølv meiningane sine. Men har vi verkeleg nytte av eit samfunn der ingen lengre tør å snakke fra levra, i redsel om å bli oppfatta som gammaldagse, eller dømmande?
Dessverre kan det ironisk nok virke som at «woke-fenomenet» i kampen for at menneske skal få lov til å være som dei er, føle det dei føler, og sei det dei vil seie, har orkestrert den nettopp motsatte effekten.
Ein generasjon og ein offentligheit som er så redde for å trakke andre på tærne med å ha utdaterte, eller feilnyanserte meiningar, at dei heller berre følgjer massane, og ikkje set spørsmålsteikn ved noko, for å unngå å bli kansellert.
Personleg har eg alltid elska konflikt, og skyr ingen moglegheitar til å terge litt. Eg har derfor ingen problem med å setje meg i skuddlinja til den urvåkne nye makteliten. Eg veit eg vil bli angripen for å være ein kvit, ung, heteroseksuell mann, som ikkje har evnen til å empatisere.
Det har eg. I fleng! Eg gjer det berre ikkje til ein del av personlegdomen min. Eg har ikkje valgt å være slik. Det er slik eg er født. Født priviligert CIA-mann. Ikkje noko spesielt.
Og det er også heilt greit. For det er tilsynelatande meir og meir trendy å være «spesiell». Ungdom sjølvdiognistiserar seg sjølv med ADHD (som eg sjølv har) og autisme (kanskje det også, veit ikkje, har ikkje diagnostisert meg over to tiktok-videoar) over ein lav sko.
Om ein har nokre rare «quirks» er ein raskt ute med å finne ut om det er ein legning ein kan fronte for å stikke seg ut frå mengden og få merksemd.
Ein kompis sa han hadde blitt i stuss over kva legning han sjølv var, etter å ha vore på Tinder og sett femtifem forskjellige. No får 2+2 snart ikkje lengre lov til å være 4.
Dette er sett på spissen, eg veit det. Eg prøver å bevege meg litt utanfor komfortsonen, men samtidig ikkje gje meg sjølv angstanfall når eg skal lese igjennom kommentarfeltet seinare. Eg gjer dette fordi eg meiner det er viktig å stille spørsmål rundt denne kulturen som aktivt går inn for å undergrave så mange som mogleg, basert på meiningane deira.

Friske utsagn er ikke å krenke. I alle fall ikke i Bergen.
Det heile liknar meir og meir på ein diktatorisk ungdomsgjeng, som fryser ut alle som ikkje har fått dei samme nye kule meiningane som dei.
Eg håpar vi i framtida kan prøve å bli litt betre å debattere ting, uten at meiningspolitiet skal sjå rødt. At vi kan være einige om at det heile byrjar å bli litt parodisk, og unaturlig.
Eg vil igjen presisere at eg ikkje støttar hatkultur på nokon måte, og meiner at alle skal få være seg sjølv. Men vi bør i allefall la det som har vore, være.
Vi kan la kunst være kunst, humor være humor, og diagnoser være forbeholdt folk med utdanning innan feltet.
Vi må la fortid forbli fortid. Ellers lærer vi ingenting. For det å retroaktivt gå inn å endre ting som er skrive i ein heilt annar tidsalder lurer vi ingen med. Vi kan ikkje endre historia, eller kansellere fortida.
La oss heller prøve å være betre, ved å lære frå den. Og la oss fortsetje å utvikle oss i rett retning, med ein rik og mangfoldig offentlegt debatt.
For i den kulturelle sfæren der snowflakes har blitt til skamspisse istappar, som sit som små, ufordagelige galaktiske keisarar i eit univers dei sjølv har skapt, er det stadig vansklegare å navigere seg.
Eg gledar meg til det blir innafor å kansellere woke-kultur.