Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når blei noko av det vi er mest stolt av i dette landet til eit hinder? Fjordane, som vi måler så fint på måleri og skryt av til resten av verda, blir i eit debattinnlegg i BA skrive av Sigurd Ur og Sondre Olsen i NHO 27.10 framstilt som eit hinder for trafikkflyt. Vegane på vestlandet blir skildra som blodårar, der ferjene gjer at blodet bevegar seg treigare.
Vidare meiner dei at monsterbruprosjekta Hordfast og Rogfast er bland dei viktigaste prosjekta i landet. Her har det skjedd ein misforståing.

Tøffe prioriteringer betyr ikke like mye for alle prosjekter. De beste prosjektene skal bygges.
Visst er prisane høge, og når ein kjem til kaia i det ferja glir over fjorden, kan ein forbanna seg over det. Men det kjem alltid ei ny etter ein halv times tid. Og idet ein endeleg sit på ferja, er det ofte ingen betre kjensle enn nettopp det å flyte på fjorden på veg til neste mål.
Ferjene er ein stor del av vestlandet. Det er noko vi er stolt av og som tvinger folk til å slappe av i ein stressande kvardag. Ta seg tid til å vente nokre minutt.
Hordfast-prosjektet vil skyggeleggje desse nasjonale skattane. Til gjengjeld truar det ein av Europas største regnskogar og viktig biomangfald. Myrar er den naturtypen i verda som best lagrar karbon, i tillegg til at det er levestad for mange artar, fleire av dei raudlista. Ved å rasera myr, vil store mengder CO2 frigjerast og auke utslepp.
Å byggja firefeltsmotorvegar og bruke usikre, skredutsette vegar som unnskyldning, er ein lat, lite berekraftig og korttenkt tankegong. Er det ein ting i dette innlegget Ur og Olsen har rett i, så er det at mange vestlandsvegar er farlege og usikre. Difor må vi prioritera å sikre desse vegane, før vi kan snakke om kva vi treng av nye vegar.
Dei kallar dei skredutsette vegane for «ein stor utfordring». Utfordringar er, som mange lærte i barndommen, til for å løysast og betrast. Som dei seier: «De beste prosjektene skal bygges», og monsterbruprosjektet er ikkje bland dei beste.

Trodde ikke sine egne øyne da han så statsbudsjettet. Nå blir det protest-konvoi.
Utsleppa frå bygging og arealbruk vil tilsvara 8000 flyreiser Bergen-Stavanger kvart år i 60 år, ifølge Naturvernforbundet. I tillegg vil motorvegen gjere det lettare for fleire å pendle på lange strekningar, noko som førar til lite samkøyring og mykje utslepp. Til saman vil dette ha mykje høgare utslepp enn det ferja vil ha i framtida.
Naturvernarar jobbar saman med yrkessjåførar og lokale mot desse prosjekta. Lastebileierforbundet har gått i mot, så kven er dette prosjektet eigentleg for? Hordfast og Rogfast vil føra til auka pendling, meir utslepp og skyhøge bompengeprisar. Dette er på inga måte eit grønt prosjekt.