Debatten kring forslaget om grunnrenteskatt i havbruk har no prega nyheitsbilete i godt over ein månad. Narrativa som blir presentert på kvar si side av debatten er så ulike at det får meg til å lure på om vi lev i to parallelle liv? Kvifor er det slik? Eg trur svaret ligg i så enkelt som mangel på kunnskap.

Eg er så heldig å ha vakse opp i ei vakker lita bygd. På sørsida av Sognefjorden ligg Bjordal. Ei grend i Høyanger kommune som tradisjonelt levde av landbruk, men dei siste 40 åra så har havbruk tatt meir og meir over. Det skaper arbeidsplasser, sørgjer for lys lang fjorden og gjev viktige inntekter til kommunen.

Eg veit at havbruk er viktig for mi heimbygd, men etter at eg flytta ut, og kom meg litt på avstand, ser eg at kunnskapen er svært låg hjå mange i Noreg.

Denne debatten handlar ikkje om rike investorar i utlandet, men om kvardagen hjå dei som arbeidar i sjølve produksjonen. Kine på slakteriet, Peder på settefiskanlegget og Hilde ute på merdene. Deira verd er ei mangelvare i det offentlege ordskiftet og generelt i befolkninga.

  • Vil du delta i debatten? Send en e-post med ditt innlegg til debatt@ba.no.

Om ein faktisk sett seg inn i produksjonen, ikkje berre repeterer meiningar i frå eit oslo-kommentariat som sit trygt og godt på kontora sine, så trur eg mange debattar hadde hatt evne til å endeleg bli konstruktiv og sakleg. Kanskje hadde til og med nokre overskrifter vorte nyanserte?

Orda som ofte går igjen i debatten er «laksearvingar», «laksemilliardærar» og «lakselobbyen». Den faktiske debatten, den saklige og konstruktive dialogen rundt rammebetingelsar som vil påverke små lokalsamfunn langs kysten vår, forsvinn.

Den forsvinn fordi både journalistar og politikarar vel å bruke tabloide ord og uttrykk i overskriftene, som automatisk får lesaren til å ha gjort seg opp ei mest sannsynleg negativ meining om vedkomande i saka. Dette utan å ein gong ha satt seg inn i, eller lest det ho eller han har sagt.

Det er klart ein higer etter å få mykje klikk på sakene sine, men med 35 milliarder som no er sett på vent i investeringar, fleire hundre permitterte, byrjer det verkeleg å gå ut over faktiske arbeidsplasser og framtidig vekst i distrikta. Ei lita oppfordring i frå meg er difor:

Ta dykk ein tur ut til bedriftene i den «grådige» næringa dykk omtalar så ofte, ikkje nødvendigvis for å skrive eller fortelje om noko, men for å lytte og kanskje lære noko medan ein er der. Du vil bli møtt med åpne, venlege armar, av mennesker som gladleg står klare til å fortelje deg om korleis deira jobbkvardag ser ut! Meiningane dine rundt næringa er ikkje nødvendigvis forandra etter besøket, men litt påfyll av kunnskap skadar ingen!

Les også

Tror laksemilliardærene på det de sier selv?