Gå til sidens hovedinnhold

Liv vil gå tapt her – før eller sidan

Artikkelen er over 1 år gammel

E16 var utdatert allereie då den opna, lenge før eg vart fødd. No nærmar eg meg 30, og ingenting har skjedd. Eg kvir meg for kvar einaste køyretur og sit med høge skuldrer bak rattet.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

E16 mellom Bergen og Voss, også kalla «stamvegen». Eit tidvis brennheitt diskusjonstema, men diverre ser eg berre tomme ord og lovnadar, ikkje handling. Me høyrer og les om politikarar og tilsette i Statens vegvesen prate om samfunnsnytte ditt og samfunnsnytte datt, og kva som er økonomisk lønsamt for samfunnet.

Kan då ein av dei som bestemmer over vegane me køyrer på her i landet, fortelje meg kva verdi eit menneskeliv har i kroner og øre? Er det slik at å spare nokre millionar er viktigare enn at det ikkje skal gå tapt menneskeliv her i landet? Det blir prata fint og flott om null-visjonen, at ingen skal verte drepne eller skadde i trafikken her til lands. Eg vil ha handling, eg vil ha spadetak som startar utbygginga av ein trygg veg mellom heimbygda mi Voss, og Bergen.

Eg studerer i Bergen, og det medfører ein del reising mellom Voss og Bergen. Eg kvir meg for kvar einaste køyretur eg tek på denne vegen. Eg set meg bak rattet med høge skuldrer, redd for å få eit ras i hovudet. Eller møte eit køyretøy på feil side av vegen i ein krapp sving, for dei har me rikeleg av på stamvegen.

Vegen var utdatert allereie då den opna, lenge før eg vart fødd. No nærmar eg meg 30, og ingenting har skjedd med vegen. Etter tallause demonstrasjonar, lesarinnlegg og diskusjonar har me blitt lova bot og betring, men ingenting skjer.

No kom den siste skuffelsen i ei rekkje som byrjar å bli lang. Oppstarten er utsett med to år, frå 2022 til 2024. Dette betyr endå to år med køyreturar med hjarta i halsen, redd for ikkje å komme seg heil fram. To år til med redsla for at dei eg er glad i ikkje skal komme heim etter ein tur på denne vegen. To år til med køyreturar der ein kikkar opp i lia over, i frykt for at det kjem deisande eit ras i hovudet på oss.

Les også

Nye E16 mellom Bergen og Voss blir ytterligere utsatt

Eg forstår, som mange andre busett langs denne skrekkvegen, at det krev utredningar og analyser for å bygge denne vegen, men alvorleg talt! Det må kunne bli fortgang i alle desse analysane, for no er det nok! Denne vegen er ei belastning for alle som må køyre på han, for dei som er glade i nokon som må køyre her og for alle som har arbeidsplassen sin her.

Tenk å måtte sende borna sine langs denne vegen? Tenk å ha ein slik veg som skuleveg? Skremmande nok er det heller eit spørsmål om når dagen kjem der det går alvorleg gale, enn om den kjem. Tenk om skulebussen vert teken av eit ras?

Mange meiner kanskje at ein heller kan ta toget då, enn å køyre bil når stamvegen er så farleg. Togstrekninga mellom Bergen og Voss er vel så utsett for ras. Eg kjenner meg ikkje trygg for rasfaren, verken i bil eller på toget.

Me har allereie hatt alt for mange ulukker på denne strekka, både på veg og bane. Heldigvis har flaksen vore på dei involverte si side mange av gongane. Det har gått bra med minimal margin.

Det har me litt for mange døme på, raset i Bogelia i 2015 er eit eksempel. Der kunne det fort ha gått mykje verre, då det rasa over både toglinja og ut i vegen, og ein kan lese i saka om raset på Bane Nor sine sider at rassikringa der er delvis frå 1920 (!). Ei jernbane med avgangar mange gongar i døgnet, når treff neste ras eit tog som ikkje klarar å bremse i tide?

Les også

BA mener: Norsk samferdsel på fullstendig ville veier

Er det innafor at mannskapa som må rykke ut når noko skjer på jernbanen skal utsetjast for denne faren? Skal dei måtte jobbe utan å vite når neste ras kjem? Dei har, i likskap med mange andre, arbeidsplassen sin på denne strekka. Dei som jobbar her har ikkje noko val, dei må på jobb uansett. Både langs E16 og på Vossebana.

Det er ikkje mykje kjekt å sitje heime vel vitande om at nokon ein er glad i jobbar der, eg fryktar dagen det går gale. Den dagen det rasar ut, uansett om det treff veg eller bane så vil liv gå tapt – før eller sidan!

Kortid skal tryggheita til dei som ferdast mellom Voss og Bergen få fyrsteprioritet? Kortid får me sjå handling og tiltaksevne? Eg er MØKK lei av å ikkje bli teken på alvor, tomme ord gjer ikkje denne vegen trygg! Handling og bygging av ny trygg veg og bane er det som skal til. Ikkje tomme løfter og valkamp-snakk som aldri vert sett ut i praksis.

Den politikaren som kan vise meg at noko skjer i praksis, anna enn papirarbeid, den skal eg høyre på.

Til dess er det berre tomme ord, lovnadar me aldri ser realiserte og pjatt. No er det NOK!