Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Søndag klokka 1800 kom beskjeden som betyr skilnaden på ein relativt normal skulekvardag og nye veker med heimeskule. Etter nesten eit heilt år med ein kaotisk skulekvardag utan å møte vener, fortener alle elevar meir enn slurv frå regjeringa.
Eg vil tru at eg er langt frå den einaste som etter eit tungt år og ei jul utan besøk frå familien lengta etter å kunne treffe kompisar og komme i gong med eit nytt semester.
Søndag kveld hadde eg fortsatt dette håpet og utan ein lyd frå regjeringa eller skulen min tenkte eg at ting skulle fortsette på gult nivå slik som før jul. Heilt i siste time fekk eg ein SMS frå fylkeskommunen om at eg no måtte motivere meg for endå meir heimeskule, utan nokon skulebøker søndag kveld. Då vart eg frustrert.
Heimeskule er kjipt, men eg har forståelse for at det trengs. Me elevar må også gjere vår del for å stoppe viruset. Likevel sit eg igjen med kjensla at regjeringa ikkje tar oss seriøst når ein virkar fast bestemt på å gjennomføre ein grovt urettferdig eksamen til våren, samtidig som dei gjer det umogleg for oss å gjere vårt beste dette skuleåret.
Eg veit at Erna ser oss, det som betyr noko er likevel om ho bryr seg nok om oss elevar til å ta våre stemmer på alvor.
Erna veit at dette skuleåret har vore kaotisk og annleis. . Eg håpar at rotet rundt skulestart er siste dråpen som gjer at regjeringa avlyser eksamen i 2021.
Det handlar om å ta ansvar for ein situasjon som ligg langt ute av elevane sin kontroll.
