Gå til sidens hovedinnhold

Me mannfolk er håplause - ta vare på eiga helse

Artikkelen er over 1 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

No går med inn i november måned med «movember» og fokus på kreft. Eg, som mange andre menn, er og av den typen mannfolk som kona maser på om at eg må oppsøkja doktor når noko er gale. Men er nett lik alle andre mannfolk. Det går nok over …

Men for to år sidan var eg innom det norske helsevesenet i ein annan samanheng. Og då endte det med at eg tok ein blodprøve for å sjekke noko. Då vart det til at eg ba om at dei kunne sjekka «alt mogleg».

Min far har hatt prostatakreft så eg tenkte at kanskje ein av oss søsken kunne risikera det same. Då resultatet kom, fekk eg beskjed om at den såkalla PSA-prøven viste 6,8 – 0,3 over normalen. Ingen stor grunn til bekymring, men likevel vart eg sendt innom urolog for ein sjekk.

Oppi det heile, er det viktig å kunne snakka om det som skjer.

Der viste det seg at eg har ein mild form for prostatakreft. Eg har ikkje hatt noko tegn til at det kunne vera prostatakreft. Etter at eg fekk påvist kreft, snakka eg med mi kone, ungane våre, mine foreldre og søsken. For opp i det heile så er det viktig å snakka om dette.

I frå barndomen av var det eit ikkje-tema å snakka om både sjukdomar og død. Men eg er sånn skrudd saman at eg har ikkje noko å tapa på å snakka om ting.

Så gjekk eg til kontroll i to år. I haust viste PSA-blodprøven 11,4. 1,4 over grensa for tiltak. Så no har eg fått dato for operasjon.

Etter at eg stod fram i lokalavisa Bygdanytt, har eg fått kontakt med mange mannfolk i same situasjon.

Mitt råd til andre mannfolk der ute er: Ta ein blodprøve hjå fastlegen din. Dess tidlegare dei oppdagar det, dess betre er det for deg. Og dersom du har påvist kreft, snakk med både familien, venner og arbeidskolleger om det. Det er ingen poeng i å halda informasjon tilbake.