Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Velkommen til 2023, Statens vegvesen. Her på planeten har me nokre store utfordringar. Dette er utfordringar som nokre av dei mest nøkterne, saklege og faktabaserte av oss karakteriserer som kriser. Ja, ikkje kriser som i titlane i Dagbladet, krise i Arbeidarpartiet, eller i BA og BT om Brann går på eit par strake tap.
Nei, me snakkar faktisk om høgst reelle og djupt alvorlege kriser. Kriser som dei dyktigaste forskarane i verda meiner kan truga livsgrunnlaget vårt. Kriser me skuldar etterkommarane at me tar på alvor.
Den eine av desse krisene handlar om at me i stadig større grad svekkar naturmangfaldet vårt. I tiår etter tiår har me gjort stor skade på naturen. Lenge kunne ein skulda på at ein ikkje visste betre. Det kan me ikkje lenger. Dette var barnelærdom då eg gjekk på skulen på 90-talet.
Dette er ei krise som verkeleg mobiliserer folk, iallfall om det er snakk om vindturbinar i norsk natur. Litt mindre om det er snakk om ny firefelts veg.
I 2019 slo FN sitt naturpanel for alvor alarm. Dei slo fast at me i løpet av få år kan komma til å kverka 500.000 av dei vel 5,9 millionar dyre- og planteartane på planeten. Me har allereie greidd å ta livet av mange av dei. Til sjuande og sist handlar dette om oss. Om me skal livberga oss. Om me skal kunna kurera sjukdom. Om me skal unngå enorme skilnadar mellom folk.
Den andre krisa er kjend som klimakrisa. Temperaturen på planeten stig på grunn av vår aktivitet. Dette har me òg visst om lenge, sjølv om mange vel å ikkje ta forskarane sitt varsko innover seg.
Eigentleg er det ikkje snakk om to kriser. Det er snakk om to sider av same sak. Me forsyner oss for grovt av ressursane på planeten.
Me kjem til å få store problem om me ikkje greier å sjå desse krisene i samanheng. Om me øydelegg meir natur for å løysa klimakrisa, har me ikkje løyst noko som helst.
Reknestykka til Statens vegvesen har først og fremst følgjande suksessformel: Det er om å gjera å auka trafikken så mykje som mogeleg. I tillegg bør ein redusera reisetida mest mogeleg. Om ein i tillegg lagar vegen ein plass der det ikkje er veg frå før, kan du lukta på den store jackpoten i regnestykket.
Det dummaste ein gjer i slike reknestykke, er å bygga jernbane langs vegen for å hindra personbilvekst. Om ein i tillegg legg vegen nær eksisterande veg, har du tapt.
Dei reelle behova våre er nokre heilt andre enn det reknestykka vil ha oss til å tru. Iallfall om me har tenkt å vera ansvarlege.
Skal me kjøpa ein ny kalkulator til vegvesenet, er det følgande parameter ein bør ta omsyn til:
Korleis kan ein så energieffektivt som mogeleg, med så små naturinngrep som mogeleg, så trygt som mogeleg, laga veg eller bane som gjer livet og kvardagen enklare for bedrifter og folk?
Å redusera reisetida vil vera bra, isolert sett, men ikkje dersom vinninga går opp i spinninga med auka energiforbruk eller uakseptabelt tap av natur. Dei gongane me må rydda ny veg gjennom natur- eller kulturlandskap, av og til må me det, bør effekten vera udiskutabel.
Nokon har allereie løfta handa i vêret, for å komma med eit motargument. Når ein større og større del av bilparken vert elektrifisert, kan me vel berre dura på som før?
Me kan faktisk ikkje det. Det siste året, med langt høgare straumprisar enn me har vore vane med, har vist oss at energi er eit knappheitsgode. Skal me ha håp om å ikkje grunnstøyta når oljeøkonomien rir inn i solnedgangen, må me bruka meir av den energien me har på ny industri, og mindre på transport.
Skal me bygga ut meir energi, noko me treng, må naturkonsekvensane vera så små som mogelege. Også kraftbransjen må utstyrast med ein oppdatert kalkulator.
Korleis vil dette slå ut? Det veit me faktisk ikkje. Verda er ikkje alltid slik me likar å tru. Me kan likevel ikkje halda fram med den logikken som vegvesenet og mange andre opererer med i dag. Det veit eigentleg vegvesenet og staten sjølv òg.
For, på same tid som ein planlegg nye vegprosjekt som skal auka trafikken og utsleppa, driv den same staten, gjennom dei såkalla byvekstavtalane, med utpressing overfor kommunar og fylkeskommunar. Logikken er: Dersom trafikken aukar, som regel grunna nye statlege vegprosjekt, får kommunane og fylkeskommunane mindre pengar til tiltak som skal redusera behovet for biltrafikk.
Nyleg såg me ein ny paradoksal effekt av den gamle og utdaterte kalkulatoren til statens vegvesen.
I årevis har Hordfast vorte presentert som eit av dei aller beste vegprosjekta her vest, målt med kalkulatoren til Statens vegvesen. Når vegvesenet no, ifølgje NRK, har lagt inn data i reknestykket som skulle ta innover seg konsekvensar av tida me lever i, og skulle gjera prosjektet meir framtidsretta, vert prosjektet i staden mindre samfunnsøkonomisk nyttig. Grunnen er at trafikkauken vert mindre enn det ein tidlegare har rekna med, og at ein tar omsyn til at trafikken inn mot Bergen ikkje skal auka.
Heller ikkje dette reknestykket bør me setja vår lit til. Ein stor del av endringa skuldast at ein har lagt inn skyhøge bensinprisar.
Om ein set ein reell pris på konsekvensen av naturøydeleggingane og energibruken, kan svara verta ytterlegare endra.
Vegvesenet må snarast legga langt meir vekt på natur, energi og klima i reknestykka sine.
Me kan ikkje lenger ha tillit til dei reknestykka som vert brukt. Konklusjonen må vera at kalkulatoren til vegvesenet har utspelt rolla si.