Lekser er ei plage fra fortida

Rektor Lisbet Morland ved Sælen skole innførte leksefri skole i år. – Eg håpar utviklinga vil gå snart i den lei, skriver Oddny Miljeteig i dette innlegget: Foto: Skjalg Ekeland

Rektor Lisbet Morland ved Sælen skole innførte leksefri skole i år. – Eg håpar utviklinga vil gå snart i den lei, skriver Oddny Miljeteig i dette innlegget: Foto: Skjalg Ekeland

Av

To skular i Bergen, det eg veit, er vår kommunes fyrste to til å prøva ut leksefridom. Fleire bør fylgje etter.

DEL

Meninger«Læringsarbeidet skal foregå på skolen. Elevene skal ha fri når de går hjem.» Så sa ho, dåverande utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde i 2009.

Utdanningsdirektøren i Hordaland var føre si tid. Det er fyrst siste åra at leksefri skule har vorte sett høgt på den politiske dagsorden. Men Kjellbjørg Lunde var klår i talen allereie i 2009: « Det er en gammel tradisjon om at det er bra for barn å ha lekser. Men den stammer fra den tiden barna var mye kortere tid på skolen.» (BT 5. februar 2009)

Ja, til dømes frå då underteikna gjekk på barneskulen på 60-talet. Vi hadde skule annankvar dag med fem skuletimar kvar dag. Eg hugsar framleis dei tre fyrste timane måndag: Bibelsoga, rekning, lesing.» Onsdag: Kyrkjesoga, rekning, lesing. Fredag: Kristendomslæra, rekning, lesing.

Eg må sjå om eg finn ein gammal timeplan. Elles trur eg gjerne at skuleveninnene frå den gong då hugsar også dei siste timane.

Vi hadde lekser. Og vi hadde heile fridagar å gjera dei på. Rett nok meiner eg å hugsa at eg medkvart utsette leksene til i siste liten. Og eg hugsar at både mamma og pappa hjelpte meg med dei.

«Elevene skal ha normalarbeidsdag og fritid som alle oss andre i samfunnet. Nå går barna lenger på skolen enn tidligere.» Sitat framleis Kjellbjørg Lunde.

Gjer elevane skulearbeidet på skulen, skjer det i eit inkludert læringsmiljø. Det verkar ikkje berre fremjande på dei med dårlegaste føresetnader for læring, men også dei teoretisk sterke. Det er solid forsking på at alle elevtypar lærer mest om dei er i eit læringsmiljø som tek omsyn til alle.

«Vi bør kutte ut leksene. Det vil være med på å utjevne forskjeller og frigi tid for familiene som kan gjøre konstruktive ting sammen i staden for dette evige maset om leksene.» Konkluderte utdanningsdirektøren. I 2009.

I mai i år skreiv 53 fagfolk innan mellom anna psykologi og pedagoggikk eit innlegg i Dagbladet under overskrifta «På tide med leksefri skole.» «Tenk om leksefri skole var normen, og debatten handlet om at myndighetene skulle innføre lekser?»

Ja, då ville pedagogane rista på hovudet over at styresmaktene bad foreldre overta læraroppgåver – på kveldstid! Spesialpedagogane likeeins.

Legar og fyrsioterapeutar ville ha ropa varsku om å verna om born og unges fritid og avkopling. Foreldra ville ha funne det absurd at styresmaktene skulle bestemma endå meir over borna sine vakne timar. Dei som kjenner minoiritetsfamiliars kvardag ville ikkje ha visst om dei skulle le eller gråta av forslaget. Og eit oppgjeve sukk ville ha kome frå dei som bryr seg om like muligheter for alle born:

«Vil noen i fullt alvor innføre oppgaver som gjør barna desto mer avhengig av hjemmet for å henge med? Dette er en oppskrift på økte ulikheter og klasseforskjeller.»

Somme elevar vert sagde å vera lite «skulemogne.» Kva om vi heller spør oss om lekseskulen er «barnemogen»? Skreiv dei 53. Og dei gjekk i rette med dei som hevdar at lekser førebur til gode arbeidsvanar:

«Nei. Våre erfaringer tyder på at lekser minsker motivasjon for læring over tid. Vi ser det som svært viktig at barn lærer å skille arbeid og fritid, samt at de blir kjent med egne behov og grenser. Det vil danne grunnlaget for deres selvfølelse, selvtillit og selvstendighet.»

To skular i Bergen, det eg veit, er vår kommunes fyrste to til å prøva ut leksefridom: Møhlenpris og Sælen. Digermulen skule i Vågan i Lofoten har lengst røynsle med leksefri i Noreg.

I 2000 slutta skulen med heimelekser. Rektor seier det har gjeve meir effektiv undervisning. Dessutan gjer elevane ved Digermulen det betydeleg betre enn gjennomsnittet både i Vågan, Nordland og Noreg når det kjem til internasjonale prøvar og eksamenar.

Då Digermulen skule hadde lekser, var det mykje meir uro i timane, og det var alltid dei same elevane som ikkje gjorde lekser og opplevde skulen som eit slit.

Skulen utan lekser har eit mykje betre skulemiljø – og altså meir effektiv undervisning, har rektor sagt til eit utal media.

Og for å ha sagt det også: «leksefri» betyr ikkje nødvendigvis «heilt leksefri».

Foreldre og born kan verta oppmoda til å lesa saman, og elevar vert oppmoda til å lesa heime før prøvar. Eg veit ikkje kor mange skular i Noreg som praktiserer meir eller mindre leksefri.

Men eg håpar utviklinga vil gå snart i den lei. Skulelekser er umoderne og ei plage frå fortida!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags