Gå til sidens hovedinnhold

Derfor er Lars Arne rett mann for Brann!

Artikkelen er over 6 år gammel

Eg garanterer Brann suksess om Lars Arne Nilsen får tid, skriv Hødd-fan Oddmund Fredrik Jacobsen Vaagsholm i dette innlegget.

DEBATT Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Då den 51 år gamle sotrastrilen Lars Arne Nilsen sette seg på trenarbenken på Brann Stadion for fyste gong glimra både Trude Drevland og fyrverkeriet med sitt fråvær. Lite veit enno Bergen om at den verkelege Messias er komen.

Mitt namn er Oddmund Vaagsholm. Eg er sunnmøring og tidlegare høddspelar. Eg var ikkje med då Hødd banka Brann 3-1 på Høddvoll 29. september 2012 i semifinalen i cupen og gjekk hen og vann heile skiten, men eg var ikkje så langt unna. Den dagen fekk eg på nærast mogleg hald sjå to aktørar som denne veka igjen skulle møtast.

Den eine var den tidlegare sogndalspissen, akupunktøren og komande noregsmeisteren Lars Arne Nilsen. Han stod ruvande i garderoben og kika utfordrande på spelarar som Ørjan Nyland, Pål Andre Helland, Victor Grodås og sin eigen son, Sivert Heltne Nilsen. Spelarar han både hadde rekruttert, utdanna og snart skulle kapitalisere på. Det froda i kjeften på han. «Du kainn itj skræm nånn te å bli go, veit du», sa Nils Arne Eggen ein gong, men denne dagen skulle den elles så sindige og joviale trenaren verkeleg setje nålene sine i spelarane. I garderoben skifta Lars Arne Nilsen fullstendig ham. Han var eit levande døme på alt han sjølv bad sine spelarar om: entusiasme, glød og ein sinnsjuk energi.

Den andre aktøren stod på motsett banehalvdel denne dagen. Sjølvaste Sportsklubben – frå den mest forgjelda storbyen i Noreg, som nett hadde satsa på gårsdagens teknologi med si bybane, ein dyr og lite effektiv kreasjon – ikkje ulik byens fotballag i raude drakter. Brann sine spelarar vart borne frå det vesle brukshuset ein på Høddvoll kalla klubbhus og inn på det grøne graset av sine høglydte, krevjande – og før alle kampar – sjølvsikre tilhengarar som stolte og frilynte fylte heile Ulsteinvik med strofene: «Fra Nymark til Laksevåg / Fra Nordnes til Loddefjord Torg / Hele Bergen vet at gullet ska hem / Gullet ska hem / Gullet ska heeeeeeeeem / Hem til Bergen / Gullet skal hem».

Men gullet skulle sjølvsagt ikkje hem. Og dette som heile Bergen trudde dei visste, vart med eitt snudd opp ned og kjent for heile landet: Ingen gull skal hem på mange, mange år. Det kunne vi alle sjå. Sportsklubben var allereie i fritt fall. Rune Skarsfjord leia eit mannskap utan identitet; ikkje hadde dei leiarskap, ikkje hadde dei overskot og energi, ikkje var det godt å sjå kva dei prøvde på offensivt, og i sitt eige mellomrom tilbydde dei leikeområde for svoltne unggutar i ei kameratgruppering ytst ute på Mørekysten.

Frelsaren var heldigvis ikkje langt unna. Dei kalla han Messias. Etter tre år med Skarsfjord, som i si tid hadde vorte forfremja frå stillinga som assistent, gjekk heile vestlandshovudstaden unisont bananas, då ønsket om å endeleg få ein merittert ny trenar i svensken Rikard Norling vart oppfylt. Temperaturmålaren Doddo leia an: «Branns ledere har helt korrekt fått mye pes det siste året. Nå fortjener de derimot mye skryt. De har funnet en merittert trener – som hele byen omfavner.» Tittelen på bloggen hans var: «Er det deg, Messias?» akkompagnert av eit stort bilete der ein smilande svenske kom ut av ein svart bil på Kniksens plass 1, Brann stadion.

Igjen var det eit møte med Hødd som fekk meg til å innsjå at noko atter var fullstendig gale med Brann. Eller for å vere langt meir presis: at det var noko gale med Brann hadde vore klårt minst eit år tidlegare, men no vart det endeleg klårt at det også var noko gale med Rikard Norling. Etter at Hødd banka Brann, denne gongen med 3-0, vart trenaren intervjua av den fyrrige Dayv Wathne like etter kampslutt. Han bad då om forståing for at han ikkje kunne gje ei fullverdig analyse av kva som hadde gått gale i løpet av kampen, og slapp eigentleg unna med å gje noko analyse i det heile.

Der og då forstod eg at om ikkje Norling var uskikka i jobben sin, så hadde han i det minste innrømma å vere ein inkompetent kampleiar. For: om du ikkje kan gje ei kampanalyse, fullverdig eller ikkje, like etter kampslutt, korleis skal du då vere i stand til å leie laget og ta avgjerdsler medan kampen pågår? Det var altså ikkje Messias som kom ut av ein svart bil på Kniksens plass 1 i desember 2013; det var berre Rikard Norling.

Kvar hadde då Messias teke vegen? Eller for å spørje korresponderande: Kva var det som trefte Brann denne haustdagen 29. september 2012 på Høddvoll?

Kvifor tapte dei – som eit lag i toppen av Eliteserien mot eit lag i botnen av dåverande Adeccoligaen – og korleis?

Endå tydelegare: Kven er denne Lars Arne Nilsen og kva slags tankegods har han med seg til Bergen som tidlegare har omdanna Hødd frå breiddeklubb til noregsmeister?

Enkelt sagt ønskjer Brann sin nye trenar å oppnå ubalanse hjå motstandarlaget ved å skape og utnytte overtal bakfrå. I kampen mot Follo på måndag var det gjestane som gjorde nettopp dette – og ikkje heimelaget, men med to treningar like før kampdag var det ikkje anna enn entusiasme, glød og ein sinnsjuk energi nokon kunne forvente at Nilsen skulle ha tilført laget. Eit spelemønster let seg verken endre eller tilbli over natta. Det ein derimot no vil sjå i tida framover i Brann, er talrike frispelingsvariantar mot etablert forsvar.  Spelarane vil utfordre motstandaren aktivt før dei spelar frå seg ballen.

Vidare ønskjer Lars Arne Nilsen å få posisjonert spelarane sine rettvende i motstandaren sitt mellomrom. Første bod er då at den einsame spissen i hans føretrekte 4-3-3-organisasjon strekker motstandaren, saman med kantspelaren på den same sida som spelet vert bygd opp på. Dette gjev rom for indreløparen. Ideen her er at når midstopparen fører opp og aktivt utfordrar, så vil ein spelar frå motstandaren sitt midtbaneledd bryte ut og presse. I dette romet som han etterlet seg skal indreløparen spelast fri i. Indreløparen vil starte breitt – eit knep Tom Nordlie nytta mykje i si første tid som trenar – og han vil ende opp med å truge forsvarsleddet til motstandaren med ballen i beina.

Kva ønskjer Nilsen så skal skje? Jau, no vil han ha penetrasjon på siste tredjedel av bana. Kant på same side skal halde breidda, medan motsett indreløpar skal truge bakromet. Igjen er det eit spørsmål om å aktivt utfordre med ballen. Utfordrar indreløpar backen kan kanten få ballen i bakromet. Utfordrar han stopparen, kan han spele fri spissen. Utfordrar han og ingen går på han, kan han skyte sjølv eller spele vegg eller tre fri medspelarar der det oppstår rom. Motstandaren må gjere eit val, dette valet skaper rom, og dette romet ønskjer Nilsen med sin rettvende indreløpar å utnytte.

På sett og vis vert frispeling av indreløpar heile nøkkelen i det offensive spelet til Brann framover. Men for at dette mønsteret skal fungere, er trenaren avhengig av heilt bestemte typar i laget. Han treng spelarar som er ballsikre, løpssterke og smarte. Særskilt gjeld dette for midtstopparane, indreløparane og den sentrale, balanserande midtbanespelaren. Sjølve sentralnervesystemet i laget. Kor mange slike typar har ein i dagens Brann-stall? Basert på kampen mot Follo måndag har ein løpsstyrke i Kasper Skaanes som indreløpar, ein har autonomi og skaparkraft i Kristoffer Larsen på venstrekanten, ein har ein god keeper, og så har han det som ser ut som ein feildimensjonert og dårleg trena stall for øvrig.

Det er ikkje til å kome frå at Brann no lid under fleire gjentakande år med sviktande leiarskap og kunnskapsløyse. Ein har få interessante spelartypar, lite rått talent, tilsynelatande ingen svolt, fullstendig fråverande samhandling.

Til dømes er Vadim Demidov så treig og gjev frå seg så mykje rom rundt seg at han bør flyttast ned som midtstoppar. I etablert angrep vert han også ståande for lågt og er på ingen måte den spelesentralen som Nilsen ønskjer i denne posisjonen. Ingen av stopparane Bismark Acosta og Jonas Grønner verkar å ha noko å by på i frispelingsfasen.

Fredrik Haugen, som kan verte Skaanes sin makker som indreløpar i Nilsen sitt system, er openbert ein smart og ballsikker spelar, men han må nok springe langt, langt meir enn han har gjort nokon gong tidlegare om han skal ha noko framtid i systemet til den nye trenaren. Lars Arne Nilsen har også sine utfordringar på topp: for det første må han få Marcus Pedersen til å springe nok, og deretter må han få han til å springe med eit føremål.

Vil Pedersen nokon gong verte i stand til å skjøne når han må truge bakrom for å strekke motstandar og skape mellomrom for sine eigne indreløparar? Eg ser ingen ende på utfordringane for Nilsen med den noverande spelarstallen.

På alle måtar er nok denne oppgåva langt større og vanskelegare for Lars Arne Nilsen enn då han starta med juniorlaget til Hødd, gjorde dei til seniorspelarar, rykka dei opp til Adeccoligaen, vann Noregsmeisterskapen med dei og var eit bortdømt mål på Nedre Eiker ifrå å ta laget til Eliteserien. No har han kome til ein stor klubb med eit lite lag. Eit lag som er dårlegare enn det han har bygd opp i Hødd.

Men i verktøykassa si som trenar har han framleis tre hovudreiskapar:

1) Entusiasme, glød og ein sinnsjuk energi.

2) Eit kompromisslaust forhold til å bygge treningskultur.

3) Eit spelesystem som er nær genialt om han får dei rette typane å sette inn i det.

Sidan han heilt openbert ikkje har dette må han få tid til å anten skape dei eller hente dei inn. Brann har no tilsett den beste av byggmeistrar. Eg garanterer Brann suksess om Lars Arne Nilsen får tid.

For som kjent var Messias snekkar.