Eit iskaldt gufs, kallar norske funksjonshemma regjeringa si haldning til dei 123.

Norge har sagt nei til å ta imot 123 av kvoten på 1000 FN-flyktninger. Det gjør Oddny Miljeteig i SV opprørt. Nå vil hun ha en storbydugnad for å ta imot dem. Her er bildet av flyktninger fra Syria i en flyktningleir i Spania.

Norge har sagt nei til å ta imot 123 av kvoten på 1000 FN-flyktninger. Det gjør Oddny Miljeteig i SV opprørt. Nå vil hun ha en storbydugnad for å ta imot dem. Her er bildet av flyktninger fra Syria i en flyktningleir i Spania. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Oddny Miljeteig er opprørt over at Norge har sagt nei til å ta imot flyktninger som trengte medisinsk oppfølging.

DEL

Spaltist Noreg skal ikkje lenger ta imot dei flyktningane som treng det mest.

Vi skal ta imot dei vi trur kan bli mest vellukka innbyggjarar. Det vil seia dei friskaste, dei sprekaste, dei mest velutdanna, dei minst traumatiserte, dei mest «integrerbare.»

Difor har den norske regjeringa sagt nei til å ta imot 123 av dei FNs høgkommissær for flyktningar bad oss ta imot i den kvoten på 1000 som Noreg har avsett til syriske kvoteflyktningar.

– ISKALDT GUFS

I Aftenposten kunne vi lesa at dei fleste av dei syriske flyktningane som fekk nei, fekk avslag avdi dei sjølve eller nokon annan i familien trong til medisinsk oppfølging, til dømes personar med medfødd fysisk funksjonshemming, autisme, Cerebral parese, Multippel sklerose – og bombeoffer med skader.

Statsministeren grunngav avslaget med at norske kommunar ikkje maktar å gje eit tilbod til desse 123.

Vi – ikkje makta? Korleis i all verda skal resten av jordas befolkning oppfatta dette? Noreg, som har ei velferd og ein velstand og eit helsestell som mange andre berre kan drøyma om? Eit iskaldt gufs, kallar norske funksjonshemma regjeringa si haldning til dei 123.

«Dersom jeg hadde vært syrisk statsborger på flukt, ville jeg altså ikke ha fått plass på flyet til Norge. Jeg ville ikke ha vært velkommen», sa Arnt Holte, styreleiar i Atlas-alliansen (funksjonshemmas eiga bistandsstifting).

Som tidlegare tilsett i Norges Blindeforbund kjenner eg Arnt Holte, som i ei årrekkje har vore i leiinga av organisasjonen. Blind, javel, men definitivt ein sjeldan ressursperson også i det sjåande samfunnet. Uvelkomen til Noreg om han hadde vore syrisk flyktning!

Ja, eg kjenner isgufset, eg også.

I STRID MED FN-KONVENSJONEN

Atlasalliansen meiner forresten at avslaget til dei 123 er i strid med FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonshemma – at funksjonshemma ikkje skal diskriminerast.

«Vi kan ikke finne oss i at folk med funksjonsnedsettelser rangeres som annenrangs borgere, flyktninger eller ikke,» seier Likestillings- og diskriminteringsombod Sunniva Ørstavik.

«Ved å avvise folk med funksjonsnedsettelser, stempler man mennesker som en belastning.»

I dag behandlar Oslo bystyre eit forslag frå SV om at Oslo kommune skal ta del i ein storbydugnad for dei 123.

Trondheim bystyre har allereie sagt ja til dugnaden, mot røystene til Høgre og FrP, men med røystene frå KrF, Venstre, Ap; MDG, Raudt og Sp. 17. september skal bystyret i Bergen ta stilling til om vår kommune skal vera med på dugnaden.

Burde vi ikkje heller hjelpa på ein slik måte at flyktningane får hjelp der dei er? Det er ofte motargumentet. No er det slik at dei fleste, det eg skjønar, av dei 123 som fekk nei av Noreg i sommar, dei er framleis i flyktningeleiar i Tyrkia. Heile 97% av flyktningane frå Syria er i Libanon, Jordan, Tyrkia, Egypt og Irak.

STOR FLYKTNINGKRISE

Borgarkrigen i Syria har ført til at verda i dag står overfor den største flyktningekrisa sidan 2. verdskrig. Av 21 millionar innbyggjarar er snart helvta på flukt,

Av desse er 6,5 millionar internt fordrivne og meir enn 2, 8 millionar utanfor Syria.

FNs høgkommissær for flyktningar påreknar at det vil vera over fire millionar syrarar på flukt utanfor Syria innan utgangen av 2014.

I Libanon, med 4,3 millionar innbyggjarar, ugjer no snart kvar tredje innbyggjare in syrisk flyktning. Libanon, med færre innbyggjarar (og langt mindre areal) enn Noreg, tek åleine imot like mange syriske flyktningar kvar einaste dag som det kjem til Noreg på eitt år! Min santen er dei fleste syriske flyktningar «der dei er», dvs. i heimlandet eller grannelanda.

Sverige praktiserer «den opne dørs politikk» og gir alle syriske flyktningar som kjem til landet permanent opphaldsløyve.

Den konservative regjeringa i Sverige klagar ikkje ovar at dei er «heile verdas sosialkontor», slik det altfor ofte vert sagt i den offentlege debatten her i landet.

– STÅR IKKE PÅ PENGER

Solidaritet treng ikkje alltid ha så mykje med nestekjærleik å gjera. Solidaritet kan også ha med strategisk eigeninteresse å gjera: « I dag er det du som treng hjelp, i morgon kan det vera meg.»

Det forundrar meg at ikkje høgresida ser i alle fall dette perspektivet når regjeringa så bramfritt seier nei til å ta imot dei 123. Det er ikkje gjeve at Noreg for alltid skal sitja på den grøne grein og meska oss med svart gull frå havbotnen.

Enn om vi skulle trengja hjelp ein gong, slik vi gjorde under 2. verdskrigen?

Kva mon skal vi svara på spørsmålet om kva hjelp vi gav til dei som trong mest hjelp av dei som banka på Noregs dør i 2014?

Og kva mon våre barneborn og oldeborn vil seia når dei les dette kapittelet i Noregs historie?

Det står ikkje på pengar. Det vert ikkje mindre pengar til eldreomsorg eller helse eller skule om Noreg tek imot dei 123. Det handlar om pengesummar som knapt vil gå an å spora i ymse-postar på statsbudsjettet.

HÅPER BYSTYRET TAR ANSVAR

Når verda står overfor denne ekstraordinære flyktningekrisa, trengst det ekstraordinære tiltak. I storbydugnaden for dei 123 foreslår vi at dei går inn som ein ekstra dugnad for Noreg, og at Bergen tek imot om lag 30 av dei 123.

Eg meiner det er ei æressak. Ei æressak for humanisme, om du vil. Ein pitteliten dugnad som kan ta vekk den internasjonale skamma nei-eit til til dei 123 har påført Noreg. Og mest av alt: ei utstrekt hand til dei som treng det aller mest.

Eg håpar bystyret i Bergen ser og tek sitt ansvar i så måte den 17. september.

Eg håpar bystyret i Bergen ser og tek sitt ansvar i så måte den 17. september.

Artikkeltags