Når barnevern vert big business

Oddny Miljeteig åtvarar mot at barnevern vert drive av private aktørar som er meir opptekne av å  tena store pengar enn å la kronene koma dei utsette borna til gode.

Oddny Miljeteig åtvarar mot at barnevern vert drive av private aktørar som er meir opptekne av å tena store pengar enn å la kronene koma dei utsette borna til gode. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Skal private aktørar sko seg og verta endå rikare på barnevernstenester? Nei, meiner Oddny Miljeteig, og rettar eit angrep på den blåblå regjeringa, som etter hennar meining trur barnevern kan likestillast med veg- og jernbanebygging.

DEL

Spaltist Kva har Wallenberg-familien i Sverige å tilføra norsk barnevern? Kva særskild interesse for utsette norske born har den styrtrike adelsaktige familien? Når har Wallenberg-familien utmerka seg som mesenar ved å slusa delar av si formue inn i kompetansebygging når det gjeld behova for samfunnets mest utsette og sårbare born?

Tykkjer du det er pussige spørsmål? Ja, i og for seg eg også. Men det har seg slik at Wallenberg-familien er blant dei utanlandske konserna som siste åra har inntatt norsk barnevern, slik Aftenposten skreiv om det tidlegare i veka. Aftenposten er ingen barrikadestormar. Ikkje tilfeldig har dei i tiår etter tiår hatt kallenamnet «Tanta i Akersgata», som ei u-tabloid, alldeles nøytral Høgre-avis.

No har Aftenposten funne at sju private aktørar, blant dei Wallenberg-familien (gjennom Aleris Ungplan&Boi) på sju år har tent 550 millionar på barnevern – eller 110 millionar årleg. Til saman omsette 30 selskap for i overkant av to milliardar kroner i 2013. Desse hadde eit samla resultat før skatt på 138,7 millionar kroner, skreiv Klassekampen i går.

Dei «private» har alltid utgjort eit tydeleg element i institusjonsbarnevernet særleg. Når eg skriv «private» i hermeteikn, er det avdi det er eit hav mellom dei ideelle private og dei kommersielle private. Dei ideelle private har vorte stifta med nett eit ideelt føremål; å hjelpa vanskelegstilte born.

I si tid møtte styrarane for til dømes Styve Gard og Garnes Ungdomshjem til liks med styrarane for dei «reine» fylkeskommunale barneverninstitusjonane på styrarsamlingar skipa til av Barnevernkontoret i Hordaland fylkeskommune. Det var ikkje tilfeldig. Dei var eitt lag. Og pengane kom uansett frå same potten.

Dette var før New Public Management, stykkprisfinansiering, konkurranseutsetjing og tvangstrøya EØS-avtalen hadde teke barnevernet i eit jarngrep, både når det gjeld organisering og økonomi. Med dei ideelle tiltaka hadde fylkeskommunen langsiktige, føreseielege avtalar som gav tryggleik både for økonomi og fag – og edruelege løns- og arbeidsforhold for dei tilsette. Profitt var ikkje ei drivkraft eller ein pådrivar.

Vi snakkar ikkje langt attende, og vi snakkar alldeles ikkje nostalgi. Spør du meg, snakkar vi rein fornuft. Men kapitalismen er ikkje fornuft, heller ikkje når han inntek barnevernet.

Ein treng ikkje vera sosialist for å meina at kvar einaste krone som vert løyvd til barnevern, skal koma barnevernets born direkte til gode. Trur eg – og håpar eg. Det er ikkje avdi kommersielt barnevern er «slemt» eller uetisk. Det er avdi vi som samfunn ikkje har ei einaste barnevernskrone å avsjå. Samfunnets utsette born treng alle kroner som er stempla barnevern. Og det er avdi barnevernet ingen andre drivkrefter skal ha enn barnets absolutte beste.

Med SV i Barnedepartementet vart dei ideelle aktørane prioriterte når anbod skulle utlysast. Somme anbod vart reserverte for dei ideelle. Hugsar eg ikkje feil, vart dette klaga inn for ESA/EØS av kommersielle aktørar. EUs nye anskaffelsesdirektiv set ein definitiv stoppar for å prioritera dei idelle. Det kan bety kroken på døra for dei, slik vi har sett døme på i eldreomsorg og rusomsorg.

Eller at dei ideelle må forringa løns-, pensjons- og arbeidsvilkår for sine tilsette. Den mørkeblå regjeringa, som ikkje synest at barnevern skil seg frå veg- eller jarnbanebygging som teneste(produksjon), har naturleg nok ingen motførestellingar mot profitt i barnevernet.

Det har derimot Fellesorganisasjonen (FO), som organiserer barnevernpedagogar og sosionomar i både offentlege og private barneverninstitusjonar. Forbundsleiar Mimmi Kvisvik meiner profitt-millionane skulle ha gått til «tilbud til ungene og gode lønns- og arbeidsvilkår for de ansatte.» (Klassekampen i går.)

Dessutan fryktar FO at det går med mange pengar i sjølve anbodsprosessen, til kontraktsoppfølging og kontroll. «Hvor store summer det egentlig er, vet vi ikke,» oppsummerte FO-leiaren i Klassekampen. Sjølv har eg sett pårekna at sjølve anbodsutgiftene utgjer fem prosent av eit anbod, men eg har også sett pårekna det doble. Det betyr at endå fleire barnevernspengar går til anna enn barnevernets born.

140 millionar vart i fjor henta ut av dei Klassekampen kallar «barnevernets baroner.» I tillegg kjem alle dei millionane som det offentlege brukar til anbodsregimet, kanskje 100 millionar, kanskje 200 millionar. Barnevern er dyrt. Høg kvalitet skal kosta. Men ein kan få mykje godt statleg barnevern for 140 millionar, for 240 millionar, for 340 millionar.

Dei internasjonale konserna, det vere seg Wallenberg-familien eller andre, dei tenkjer botnline og profitt, også om det er barne(verns)profitt. Sjølvsagt gjer dei det. Og nett difor eignar ikkje barnevernets born seg som Big Business.

Kapitalismen er ikkje fornuft, heller ikkje når han inntek barnevernet.

Artikkeltags