Når Ole Bjørn Mevatne legg skam til skade

For storparten av politijuristane, med Ole Bjørn Mevatne i front, har enno ikkje forstått alvoret i Monika-saka, meiner BA-spaltist Olav Kobbeltveit. FOTO: NTB/Scanpix

For storparten av politijuristane, med Ole Bjørn Mevatne i front, har enno ikkje forstått alvoret i Monika-saka, meiner BA-spaltist Olav Kobbeltveit. FOTO: NTB/Scanpix

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

For storparten av politijuristane, med Ole Bjørn Mevatne i front, har enno ikkje forstått alvoret i saka, skriv Olav Kobbeltveit i dette innlegget.

DEL

Spaltist Eg har hittil ikkje skrive om den tragiske Monika-saka på Sotra. Det er det mange andre som har gjort – både her vest og i resten av landet – og dei fleste har tatt poenget. Maken til politiskandale har vi ikkje hatt her på våre kantar sidan den famøse politivaldsaka på 1970- og 80-talet. Men Monika-skandalen er ikkje tilendebrakt.

LES OGSÅ: – Det grenser til grov uforstand

LES OGSÅ: Alt er bedre enn å være pling i bollen

For storparten av politijuristane, med Ole Bjørn Mevatne i front, har enno ikkje forstått alvoret i saka. Meir om det seinare. På 80-talet hadde vi eit bergenspoliti metta med ukultur, som hadde lagt seg til den vanen å skamslå den mest stakkarslege delen av det rusavhengige og småkriminelle miljøet i Bergen. Ikkje alle slo, rett skal vera rett, men mange såg ein annan veg.

Gunnar Nordhus og Edvard Vogt hadde forska på temaet, og kome til at det var rundt 360 valdstilfelle i året. Men bergenspolitiet slo tilbake. Statsadvokat Erling Lyngtveit kom til Bergen med sine beste menn, og – etter ei parodisk etterforsking – konkluderte han med at bergenspolitiet var frikjent. Det kunne ha vore snakk om 1 – eitt – tilfelle av lugging av ein arrestant, men det var det heile. Men ei frikjenning var ikkje nok.

Til det var hemnen altfor søt. I dei såkalla bumerangsakene vart ti av informantane til Nordhus/Vogt dømde for falsk forklaring. Bergenspolitiet trudde seg berga. Men jussprofessor Anders Bratholm, som hadde vore inne i saka på eit tidleg stadium, forstod galskapen og ville ikkje gje seg. Hos rettssystemet i Bergen vann han ikkje gehør.

Til slutt vart det Høgsterett som greip inn. Saka mot dei dømde informantane vart gjenopptatt, og det enda med at alle dei ti dømde informantane vart frikjende. Blankt. Bergenspolitiet sat att med svarteper. Store deler av publikums tillit til ordensmakta var på eit lågmål, endå bergenspressa hadde vore politilojal under store deler av prosessen. Ikkje så bra det heller. Men dette var berre eit lite tilbakeblikk for å gje litt perspektiv på skandalen Hordaland Politidistrikt har gjort seg skuldig i denne gongen – Monika-saka.

Her skal det ikkje vera nødvendig å gå i detalj. To grundige rapportar – ein frå Riksadvokaten og ein frå Politiets eiga spesialeining – er overtydelege på at det var svikt over heile registeret, frå A til Å. På alle nivå. Ikkje minst hos dei som sat på toppen.

Men heldigvis: Det fanst folk i systemet som såg galskapen. Etterforskar Robin Schaefer var kanskje den som såg det tydelegast, og han valde å følgja samvitet sitt framfor å følgja sjefen. Difor varsla han om det han meinte og det han visste og det han såg. Det gav polititoppane i Bergen sjansen til å retta opp fadesen.

Gjorde dei det?

Nei, dei bad Schaefer halda fingrane frå fatet. Tysdag fekk Schaefer Fritt Ord-prisen for innsatsen sin.

Ole Bjørn Mevatne vil neppe forstå kvifor. Han er styreleiar for politijuristane i politidistriktet. Til BT laurdag seier mannen – vi må tru i fullt alvor – at «det er ingen grunn til at ensidig kritikk i en enkeltsak skal få personellmessige konsekvenser».

«Ensidig kritikk»? Nei, eintydig og nådelaust drepande kritikk, av eit politi som ikkje var i stand til å gjera jobben, og som – endå verre – ikkje var i stand til å snu då dei vart gjort merksam på feilgrepa. Mevatne og storparten av politijuristane hans har – det seier dei til BT – «full tillit til ledelsen i politidistriktet. De ønsker Geir Gudmundsen velkommen tilbake som politimester».

For godt mål har dei også tillit til visepolitimeister Gunnar Fløystad. Vi er fleire som slit med å forstå korleis tilsynelatande vaksne og vettuge menneske – med juridisk embetseksamen, som rett nok kan føra til så mangt – kan gjera slike vurderingar. Desto større forståing har vi for dei to politijuristane som no har meldt seg ut av Politijuristane og inn i Politiets Fellesforbund.

Dei må ha røynt på kroppen den ukulturen som Politijuristane seier ikkje eksisterer hos Hordaland Politidistrikt, og som Politidirektoratet ikkje var i stand til å oppdaga. Nei, det var ikkje statsadvokat Erling Lyngstad i 1987 heller.

Det er særs viktig at ordensmakta i eit samfunn nyt publikums tillit. Politiet skal passa på oss, og politiet er gitt det privilegium det er å bruka vald mot eigne borgarar. Men altså ikkje i utrengsmål, og ikkje etter eige forgodtbefinnande.

Då må publikum kunna krevja eit politi som er rettskaffent, godt organisert og som har evne og vilje til å løysa oppgåvene sine, både i det daglege og når det røyner på. Ei slik tillit nyt ikkje Hordaland Politidistrikt nett no.

Det er i så måte eit stort problem at Ole Bjørn Mevatne og politijuristane hans ved kammeret ikkje er i stand til å forstå kvifor!

Vi er fleire som slit med å forstå korleis tilsynelatande vaksne og vettuge menneske – med juridisk embetseksamen, som rett nok kan føra til så mangt – kan gjera slike vurderingar.

Artikkeltags