– Små kommunar er godt for demokratiet

Høgres Jan Tore Sanner, kommunalminister, har sett seg store mål. Han vil endra Kommune-Noreg, og det skal skje alt i 2017. Men reforma kjem høgst sannsynleg til å havarera. Det er like godt, skriv Olav Kobbeltveit i dagens innlegg.

Høgres Jan Tore Sanner, kommunalminister, har sett seg store mål. Han vil endra Kommune-Noreg, og det skal skje alt i 2017. Men reforma kjem høgst sannsynleg til å havarera. Det er like godt, skriv Olav Kobbeltveit i dagens innlegg. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kommune-reforma kjem høgst sannsynleg til å havarera, skriv Olav Kobbeltveit i dagens innlegg.

DEL

Spaltist Høgres Jan Tore Sanner, kommunalminister, har sett seg store mål. Han vil endra Kommune-Noreg, og det skal skje alt i 2017. Men reforma kjem høgst sannsynleg til å havarera. Det er like godt.

For ho er slett førebudd fagleg og ideologisk, og ho er endå dårlegare forankra politisk. Alt no har Sanner måtta gje Arbeidarpartiet så store konsesjonar at regien er overført frå regjeringa til Stortinget. Der har ikkje regjeringa fleirtal.

Eg noterer at mi gamle avis køyrer kampanje for større og helst store kommunar på Vestlandet. Ja, det forpliktar å innta rolla som regjeringsorgan.

På leiarplass går avisa så langt at ho nærast instruerer Senterpartiet til å forlata prinsipprogrammet sitt. I strenge ordelag får Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum veta at han og partiet hans ikkje er opptekne av lokaldemokrati. Tonen er konsekvent nedlatande.

Og dette kjem frå ei avis som utan fnugg av empiri har opphøgd storkommunen til mantra og ideal, og som i kampanjen for samanslåing har klart det meisterstykket å halda demokratiperspektivet totalt utanfor diskusjonen. Ein må beundra Kjersti Toppes evne til sakleg debatt i møte med så mykje einsidig propaganda.

Dei som vil veta litt om kommunestorleik og lokaldemokrati, kan med fordel lesa «Hvorfor demokrati» av professor Stein Ringen. Han er av dei som har sett seg inn i saka, og han er på ingen måte tilhengjar av hylekoret om at norske kommunar må slå seg saman.

Små kommunar er godt for demokratiet. Dei må gjerne slå seg saman, men kravet bør koma nedanfrå. Ringen er meir oppteken av at norske kommunar – små og store – har forfalle til ein lokal tenesteprodusent på vegner av Staten. Kommunen og kommunestyret er ikkje lenger ein arena for myndige menneske som vil bestemma framtida for folket som bur der.

Somme har kjøpt Høgres lovnad om at det til grunn for reforma ligg eit ønskje om å gje kommunane meir makt og fleire oppgåver. Dette er tomt snakk. Rett nok er det slik at Høgre helst vil avvikla vårt tredje folkevalde styringsnivå – fylkeskommunen – og difor vil overføra styringa av vidaregåande skule til kommunane.

Men heldigvis finst det stadig vit og forstand i Venstre, som har blokkert for ei utholing av fylkeskommunen. Også Arbeidarpartiet kjem no fylkeskommunen til unnsetning. Til Klassekampen onsdag seier nestleiar Helga Pedersen at Ap vil tilføra fylkeskommunen fleire – ikkje færre – oppgåver.

Det er eit viktig signal. Men dama frå Finnmark er meir utydeleg når ho skal fortelja kva oppgåver det er snakk om, utover det ho kallar næring og utvikling.

Problemet er at staten sjeldan gir frå seg makt og mynde frivillig. Men overta makt, det kan staten. Sist det skjedde i stor skala var først på 2000-talet, då staten grabba til seg heile sjukehusvesenet.

Det kunne blitt tilbakeført dersom den såkalla regionreforma – få og store regionar i staden for fylkeskommunar – var blitt gjennomført. Men den havarerte som kjent under Åslaug Hagas leiarskap. Det korte svaret på kvifor, er at statsminister Jens Stoltenberg ikkje ønskte større og sterkare regionar. Han ønskte ein sterk stat.

Eldreomsorga er ei kjerneoppgåve for kommunane. Men Ap vedgår no at den storstilte utbygginga av omsorgsplassar – 12.000 var det sagt – vart ein fiasko under dei raudgrøne. Lovnaden om billege investeringslån slo ikkje an, truleg fordi kommunane frykta smalhans og mindre statlege pengar når plassane skulle driftast. No tek Aps finanspolitiske talsmann, Torgeir Michaelsen, til orde for statlege driftstilskot til den kommunale omsorga. Det kan vera ei løysing Framstegspartiet applauderer, men fordi pengane høgst sannsynleg vil vera øyremerkte, fråtek det kommunane dagens handlingsrom. Og det tuklar til ansvarsfordelinga mellom stat og kommune. Eldreomsorga skulle og skal vera eit utelukkande kommunalt ansvar.

Truleg har ringreven Aslak Bonde, kommentator i Morgenbladet, rett. Kommunane kan like gjerne enda med færre oppgåver som med fleire.

Robust er det nye moteordet. Store kommunar skal verta så mykje meir robuste enn dei små. Tja. Den danske reforma med storkommunar blir karakterisert som ein dyr fiasko, med endå meir byråkrati. Ja, byråkratiet veit å styrkja seg. Folkestyret taper.

I små og mellomstore kommunar kan politikarane ha kontroll med byråkratiet. Det er verre når byråkratia blir altfor robuste.

I mange kommunar – Fjell inkludert – er politikarane sette på sidelinja.

I Bergen lova Lisbeth Iversen (KrF) kortare behandlingstid på byggjesøknader og reguleringsplanar. Byråkratane smilte overberande, og heldt fram som før. No prøver Henning Warloe seg på det same. Han kjem nok til kort, han òg.

Somme kommunar høyrer naturleg saman i ei større eining. Andre gjer det ikkje. Noreg er ikkje slik laga at kommunar kan teiknast etter éin statleg diktert mal. Mangfald er løysinga.

I komande kommunevalkamp bør lokalpolitisk avmakt koma høgt på saklista. Kommunepolitikarane slåst på to frontar. Mot ein stat som vil overstyra. Og mot byråkratar som maktstel det politiske nivået. I 2015 bør politikarane ta tilbake makta.

I komande kommunevalkamp bør lokalpolitisk avmakt koma høgt på saklista.

Artikkeltags