– Sponheim framstår som ei logrande bikkje

Olav Kobbeltveit er spaltist i BA

Olav Kobbeltveit er spaltist i BA Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kvifor skulle eit strileland på stigande kurs bli ein del av ein by som – til samanlikning – er prega av stagnasjon og gamle pengar?, skriv Olav Kobbeltveit i dagens innlegg.

DEL

På slutten av si tid som Venstre-leiar gjekk det eit stort lys opp for mannen frå Ulvik. Brått fekk Lars Sponheim det for seg at Bjarne Håkon Hanssens samhandlingsreform – som han trudde på – ikkje let seg realisera utan større – og helst store – kommunar. Det hadde aldri vore ei Venstre-sak, bortsett frå at Venstre-professor Jørn Rattsø hadde hatt store kommunar på agendaen i årevis. Men utan å få gjennomslag i partiet sitt.

No losna det. Med samhandlingsreforma som premiss vart kommunesamanslåingar gjort til eit mantra for Venstre. Demokratiperspektivet, som hadde vore så viktig i Venstre, vart borte så å seia over natta. Når Venstre misser folkestyreperspektivet, skal ein vera på vakt.

No framstår fylkesmannen Lars Sponheim som ei logrande bikkje for den regjeringa han – prisverdig nok – aldri ville gå inn i. Men han går lengre enn kommunalminister Jan Tore Sanner har våga i sine våtaste draumar. For Lars Sponheim vil leggja heile strilelandet inn under Bergen. Ja, mindre kan ikkje gjera det.

I Bergens Tidende sist onsdag får Sponheim støtte frå sjefen i Bergens Næringsråd, Marit Warncke. Ho vil ha nyoppkledd byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen ut på ein offensiv for å ta over omlandet. Gjera det til ein del av Bergen by. Først då kan det bli orden på arealplanlegging, veg- og banesystem pluss kollektivløysingar, seier ho til BT.

Visjonære næringsrådsleiarar bør få koma til orde. Men det er ikkje støtt dei bør bli lytta til. For vel kan det vera slik at Bergen no – etter at omlandet er blitt rikt og attraktivt – kan ha lyst på ein geografi dei historisk berre har hatt forakt til overs for. Men kvifor skulle eit strileland på stigande kurs bli ein del av ein by som – til samanlikning – er prega av stagnasjon og gamle pengar? Og der dei gamle pengane stort sett endar i eigedom, i staden for i nye arbeidsplassar. Og så, for godt mål, leggja seg inn under eit styringssystem som ikkje evnar å bestemma trasé for bybanen til Åsane.

Lars Sponheim og Marit Warncke fiskar i rørt vatn. Dei har fått med seg at sundsokningane er forbanna på grannekommunen i nord. For i Fjell har det politiske miljøet – pluss administrasjonen – klart det kunststykket å gjera nabokommunen Sund til sin verste fiende. Det har i første rekkje samanheng med at Sund er i den ulukkelege situasjonen at hovudfartsåra til fastlandet går gjennom Fjell.

Det er ille. Men for ordens skuld: Når Sund i meir enn ein mannsalder har forsøkt å få til eit samband til Flesland/Hjellestad-området, er dei blitt møtt med ei kald skulder i Bergen. Veldig kald.

Dei som har køyrt til Sund i nyare tid vil ha konstatert at vegen er dårleg. Han er bygd med utgangspunkt i standarden under krigen, og seinare flikka på enkelte stader. Dette er, slik sundsokningane ser det, ikkje til å leva med. Eg forstår dei.

Då det nye Sotrasambandet skulle planleggjast, føreslo Sund at sambandet burde delast i to. Eit nytt samband i tilknyting til det gamle, og eitt lenger sør på Sotra. I dette låg ei opprusting av vegen frå Kolltveit og sørover. At Vegvesenet var imot ei slik delt løysing, var ikkje overraskande. Dei hadde rekna ut at storparten av trafikken gjekk over Sotrabrua, og difor måtte eit nytt samband byggjast på same plassen. Så enkel kan logikken vera. I Vegvesenet.

Verre var det for sundsokningane å oppdaga at politikarane i Fjell ikkje la to pinnar i kross for å imøtekoma tanken om eit delt samband. Det politiske miljøet i Fjell – og administrasjonen – var ute av stand til å tenkja at deler av eit nytt Sotrasamband ikkje skulle gå over Straume (les: Sartor Storsenter). Det var, for å seia det varsamt, eit lite raust standpunkt, som sette vondt blod mellom elles gode grannar.

Seinare vart utbetring av vegen til Sund teken ut av bompengepakken. No er det ingen som kan svara på når Sund skal få eit tenleg vegnett. På dette grunnlaget, i eit oppdemt raseri over Fjells arroganse, er det at somme i Sund no leikar med tanken om å venda seg til Bergen. Men det kjem ikkje til å skje.

I Fjell er det ingen som lyttar korkje til Lars Sponheim eller Marit Warncke. Kvifor skulle dei det? Heldigvis finst det politiske miljø i Fjell som er opptekne av å gjenoppretta det gode forholdet til grannane i Sund, og det bør verta eit hovudpunkt i den tilstundande lokalvalkampen. Eg må i så måte få minna om at det var særleg Venstre og Tore Turøy som fronta ei delt løysing av Sotrasambandet, som også ville gitt grunnlag for ny vekst og velstand i Sund.

Det har, som eg har skrive før, vore tider då Fjell, Sund og Øygarden kunne hatt trong for ei hjelpande hand frå Bergen. Den handa var sjeldan å sjå. No er Vesthordland – Askøy inkludert – ein sjølvgåande region med eit vitalt næringsliv, der veksten relativt sett er større enn i byen innanfor. Samarbeidet innover til Bergen er rimeleg godt, og for ein gongs skuld mellom likeverdige partar. Slik bør det vera.

Askøy, som enn så lenge er Hordalands nest største kommune, klarar seg sjølv. Sund, Fjell og Øygarden blir som éi eining den sterkaste og mest vekstkraftige kommunen nest etter Bergen. Spør Asker og Bærum om dei vil inn under Oslo. Dei berre ristar på hovudet. Svaret her på vestkysten bør vera det same.

Fylkesmannen i Hordaland bør, om han har tid til overs, venda blikket innover mot dei indre delane av fylket sitt. Der ligg det nokre utfordringar for å få til det kommunalministeren kallar robuste kommunar.

Artikkeltags