I BA 16. november kjem SVs Oddny Miljeteig med eit svært hardt åtak på Venstre og underteikna, fordi vi har foreslått å legge om sjukelønsordninga.

Dei mange karakteristikkane skal eg la passere, men eg vil nøye meg med å seie at eg har stor respekt for Miljeteig som politikar, og sjølvsagt også stor sympati med situasjonen ho var i då ho gjekk gjennom ein alvorleg kreftsjukdom.

Til saka: I dag har Noreg verdas høgaste sjukefråvær. Og det har vi hatt i mange år. Det er ikkje noko i grunnvatnet i dette landet som tilseier at vi skal ha det. Tvert imot, vi har truleg verdas beste helsevesen og ditto folkehelse.

Les også

Er ein alvorleg sjuk, er eit halvt år ein augneblink

Det vi derimot veit, er at måten sjukelønsordninga er lagt opp på, fører til alt for høgt fråvær og alt for mykje varig utanforskap. Det er ein tragedie for dei det gjeld, som aldri kjem tilbake på jobb, og det skapar fattigdom.

At ordninga i seg sjølv er med og bidreg til dette har vi tungt forskingsmessig grunnlag for å seie. For referansar viser eg til all forskinga som er gjennomgått i Holden-utvalet.

Det er også dette uvalet sin modell til ny sjukelønsordning som Venstre foreslår å innføre. Målet med modellen er å få fleire over frå 100 prosent sjukemelding, til gradert sjukemelding.

Utfordringa i dag er at arbeidsgjevarar har 100 prosent økonomisk ansvar for kortidsfråværet (dei første 16 dagane), og 0 prosent økonomisk ansvar for det vidare fråværet. Det er eit paradoks, all den tid det oftast er langtidsfråværet (t.d. pga dårleg arbeidsmiljø eller belastningsskadar) arbeidsgjevar kan gjere noko med, ikkje korttidsfråværet (t.d. influensa).

Difor føresler ekspertutvalet – og Venstre – at arbeidsgjevar skal få eit mindre økonomisk ansvar for å betale for kortidsfråværet, og eit større økonomisk ansvar for å betale for langtidsfråværet. I sum vil næringslivet kome ut likt.

Når det gjeld arbeidstakar, er forslaget at ein – som i dag – skal ha 100 prosent sjukeløn dei første seks månadane. Deretter at ein skal gå ned til 80 prosent kompensasjon, med mindre ein går over til gradert sjukemelding. Då kan ein halde på 100 prosent også til 12 månadar.

Det vil vere eit svært sterkt incentiv, både for arbeidstakar og arbeidsgjevar, til å ta i bruk graderte sjukemeldingar.

Les også

Rammer alle kvinner, men «ingen» snakker om det: – Jeg følte jeg holdt på å bryte sammen

No tolkar eg Miljeteig slik at ho er usamd i at slike økonomiske incentiv har noko som helst med sjukefråvær å gjere. Men det er ganske enkelt ikkje riktig. Alle forsking vi er kjent med, frå Noreg og frå utlandet, viser at det har noko å seie.

Sysselsetjingsutvalet anslår at det norske sjukefråværet vil gå ned med seks prosent dersom ein set i verk ein slik modell. Det betyr færre i varig utanforskap, færre som ender opp på AAP og deretter uføretrygd, mindre fattigdom, og betre folkehelse. Det overraskar meg at SV i det minste ikkje er opne for å diskutere eit så viktig tiltak.