Gå til sidens hovedinnhold

Minneord om Borghild Lieng

Minneord

Borghild var omtenksam, omsorgsfull, stødig og lojal og hadde eit svært likande vesen og blidt åsyn. Smilet og latteren var aldri langt vekke. Det gode humøret hennar, det blide smilet og den klukkande latteren vil me alltid minnast. Borghild var glad i hagen og for å vera ute mellom blomar og grøne vekstar. Om vêret var lagleg, var ho stendig å sjå ute i «habitten» med hekk- og rosesaks i handa.

Alle kjende seg særleg velkomne hjå Borghild, om det no var i daglegpraten over hagegjerdet, på late sommardagar i bakhagen, der ho på kort varsel svinga opp med nybakt pai og te eller kaffi, eller inne ved kjøkken- eller stovebordet ein ruskut og kald haust- eller vinterkveld.

Borghild slutta tidleg i jobben for å vera saman med ektemannen Arthur fråIrland. Dei to hadde både dagsturar med motorbåten i Nordåsen, og kortare og lengre opphald i heimen til Arthur i Dublin. Saman drog dei òg i mange år rundt med bubil – særleg i Irland og Frankrike, der dei treivst godt. Ein sommar køyrde dei nordover heilt til Lofoten. Det vart ein omfattande og spektakulær tur for dei begge.

Borghild var oppteken av den nære familien. Ho sette mykje pris på samværet med dei tre barnebarna – Gabriel, Annabelle og David – som ho følgde opp når ho kunne. Det var stas då eldstemann Gabriel fekk reisa aleine med Farmor til familiehytta i Våg, Tysvær i Nord-Rogaland. Hytta – som opphavleg var bygd av besteforeldra – hadde Borghild med stor entusiasme og eigeninnsats nyleg restaurert. Ho og Arthur hadde mange turar til Våg saman.

Borghild hadde ein særs brei omgangskrins, mellom anna i nabolaget, og ho hadde ei eiga evne til å halda kontakten med gamle vener frå studietida og frå det politiske livet.

Med Borghild sin altfor tidlege og bråe bortgang har Pinnelien mist eit «anker».

Borghild var etter kvart ein av dei med lengst fartstid her. Ho tok godt vare på huset, som var det einaste i Pinnelien i opphavleg stand. Ho kjende Pinnelien ut og inn og var alltid klar til å ta eit tak for fellesskapen i nabolaget gjennom dugnader og fellesaktivitetar.

Som det samfunnsengasjerte og kulturelt opptekne menneske Borghild var, hadde ho alltid mange bøker liggjande framme, både i stova og på kjøkkenet, som ho var i ferd med å studera – samstundes. Hennar interesseområde omfatta arbeidar- og skjønnlitteratur, kultur, kunst og musikk. Siste gongen ein av oss var bort til henne, viste ho med stor entusiasme boka om trebåten oselvaren. Ein båt ho gjerne skulle hatt i naustet sitt i Våg – i staden for plastbåten hennar.

Etter mange år som tilsett i kommuneadministrasjonen i Bergen, søkte Borghild permisjon for å fullføra masterutdanninga i samfunnsvitskap. Dette i tråd med hennar interesse for sosial tryggleik. Våren 2008 leverte ho avhandlinga «Det e’ fortvilende hvis ikkje de har ressurssterke foreldre!» Erfaringer med samordning av tjenester, for brukere med omfattende og sammensatte hjelpebehov – individuell plan.

Eit av måla hennar var at alle skal ha høve til å skaffa seg eige hus til ein overkomeleg pris. Ho trekte ofte fram punktet om sosial tryggleik i verdserklæringa om menneskerettar: «Me har alle rett til ein bustad som me har råd til, medisin, utdanning, barnepass, pengar nok til å leva for og lækjarhjelp dersom ein me er sjuke eller gamle» (artikkel 22).

Borghild var eit politisk menneske med mange hjartesaker innom lokalpolitikken dei tolv åra ho sat i bystyret. Særleg var ho oppteken av kulturelle og busetnadspolitiske oppgåver. Dette prega sterkt den omsorga og den omsuta ho viste det intime og trivelege miljøet i Pinnelien. Prinsippet om sosial tryggleik stod høgt på Borghilds agenda heile perioden ho var lokalpolitikar, partipolitikar og bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet.

Me lyser fred over minnet til Borghild!

På vegner av vener og naboar i Pinnelien

Randi Benedikte Brodersen, Arne Agdesteen og Gunnstein Akselberg

Kommentarer til denne saken