Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det var i den tida då eg framleis lòt vatnet renne og renne i dusjen, heilt til glasveggen i kabinettet var dekka av damp og eg kunne skrive ned alt eg ville gløyme. Og etterpå, når eg stod framfor spegelen og fiksa meg og tenkte på ditt og datt og kasta eit siste blikk mot glasveggen på veg ut av badet, var teksten fordampa og minna gløymd.
Tida då eg framleis let alle lysa i leilegheita vere på frå tidleg skumring. Taklampa i stova sendte varmt lys til alle krinklar og kroker. Dei grøne plantane kasta lange skuggar på veggen, eit mønster eg blei sitjande å sjå på som om det var ein jungel, som om kva som helst kunne hende om eg berre sat lenge nok, og følgde godt nok med.
Tida då eg framleis gjekk ubekymra rundt i gatene, oppover forbi Fløien og innover vidden. Derifrå kunne eg sjå heile byen og kjenne vinden blåse frå alle kantar. Om vinteren låg det ein sjeldan gong eit kvitt slør over landskapet. Tida då eg framleis måtte dra lua ned over øyrene, og minusgradene forkasta all tvil om kva slags årstid det var.
Varme var ein fjern draum som ikkje ville kome attende før til våren. Førebels skulle eg fryse heilt inn til beinet, vel vitande om at alt stemde med kalenderen og at sola allereie var på veg ned bak Løvstakken.
Tida då eg framleis gleda meg over å kome heim til ein varm leilegheit og ha eige husly for natta. Å bli bustadlaus kunne hende kven som helst, når som helst, tenkte eg, og samstundes ville det vore ein sjølvfølgje å kunne lukke augo om kvelden og hengi seg til søvnen, trygt under eit tak. Kjende tryggleiken ved å bo i ein by som ville tilby ein seng om eg skulle kome i naud, for det kunne jo hende, ein gong.
Tida då det framleis var lett å finne andre emne i avisene enn energikrise, høge prisar, kutt i døgnplassar i psykiatrien og rikingar som flyttar til Sveits.
Johanne Magnus
Tida då brokkolien kosta 7,90 og eg fylde handlekorga med akkurat dei grønsakene som freista mest, kortreiste eller langreiste. Då eg framleis hadde råd til kaffien frå Friele og ikkje måtte ty til det avskyelege lavprispulveret dei kallar for kaffi.
Alle varene som ropte på meg frå hyllene berre slang eg i korga, følgde spontaniteten og planla middagsselskap midt i veka.
Eg lagde grateng og dessert medan oppvaskmaskina, steikeomnen og vaskemaskina gav frå seg sine forskjellige lydar i dur og moll. Og alt blei ete opp, og neste dag kunne eg berre kjøpe nye varer, og hyllene ville vere like fulle og alt ville koste det same som dagen før, som vekene før.
Tida då det framleis var lett å finne andre emne i avisene enn energikrise, høge prisar, kutt i døgnplassar i psykiatrien og rikingar som flyttar til Sveits. Og eg var så velsigna glad for å bo i eit trygt land, kor det aldri ville bli krig.
At beredskapslager var noko berre dei gamle mimra om. Og når vakre Sigurd Falkenberg Mikkelsen blei intervjua på Dagsrevyen om krig i andre land, gjekk dei alltid føre seg langt vekke frå Europa.
