Somme gonger vert det personleg, meir personleg enn andre gonger. I denne spalta er det slik.

Det er Vetle-Høgre, det vil seia Venstre, som er ute igjen med åtak på sjukeløna. Måndag vart Sveinung Rotevatn intervjua om denne saka «i alle kanalar», i alle fall på Dagsnytt 18. Eg begrip ikkje kvifor dette Venstre-standpunktet vert behandla som noko nytt. Det er det slett ikkje.

No vil Venstre avgrensa full sjukeløn til eit halvt år, så 80 prosent fram til eitt år. Dette skal vera eit insentiv for arbeidsgjevar og arbeidstakar til like, om eg skjønar Vetle-Høgre-Rotevatn rett. Dette skal liksom vera moderne og til støtte og fridom for einskildmennesket, om eg forstår Venstre sine slagord rett. Betre meg!

Vel, eg veit kva eg snakkar om, av eiga dyrekjøpt røynsle. Det kan henda du er lei av at eg snakkar om kreftsjukdommen min, som slo meg totalt ut frå juli 2015 til mars 2018, to og tre kvart år. Men eg veit altså kva eg snakkar om.

Eg kan fortelja Venstre og lesaren og alle at når ein vert alvorleg sjuk, er eit halvt år som ein augneblink. Etter eit halvt års kreftbehandling var eg ferdig med cellegiftbehandling og ein nokolunde livstrugande infeksjon. Eg hadde att å få operert bort høgre bryst, ein operasjon til etter ein nokså livstrugande infeksjon, strålebehandling, seinskader etter cellegiftbehandling, andre seinskader – eg skal ikkje trøytta deg med alt.

Men eitt er visst: Ikkje all verdas «motivasjon» med kutt i sjukeløna etter seks månader ville ha fått meg attende som heiltidspolitikar og gruppeleiar for SV. Det stod ikkje på motivasjon, ikkje eitt einaste sekund. Men når ein innimellom kjenner seg meir daud enn levande og dessutan er 80 prosent viss på at ein skal døy, då er friskmelding og arbeid aldeles umogleg.

Kanskje eg var ei pingle, slik eg kan høyra undertonen frå Venstre? Ein slaur, ein unnasluntrar, ein latsabb?

Les også

Det er beintøft å få en kreftdiagnose. Da trenger man mer enn bare medisin

Veit du, eg skulle ha bytt helse med sjukelønskuttarane i Venstre på rappen! Berre eg hadde sloppe å overta politikken deira!

Om dei kuttar sjukeløna etter eit halvt år vil det vere dramatisk for mange alvorleg sjuke. Skal ein måtta omorganisera livet sitt på grunn av økonomi i tillegg til å vera aldeles nedkøyrd av sjukdom, ja, då vert ein ikkje friskare, ein vert sjukare. Garantert!

Eit halvt år opplevest lenge for born – og tydelegvis for dei som vil sjukelønsordninga vår til livs. Slik det er no beheld ein full sjukeløn i eitt kalenderår. Det er dubbelt så lenge som Venstre vil.

Eg høyrer Venstre snakka om gradert sjukemelding og. Det er ingen som er usamde i gradert sjukemelding, det eg veit, men ikkje som eit alternativ til full sjukemelding det andre halve året. Venstre «gløymer» heilt å fortelja at då svenskane kutta i sjukeløna, vart eit nytt omgrep fødd: «sjukenærver.» Det er vel nokså sjølvforklårande?

Husbonden og eg var nyleg og passa våre to barnebarngull nokre dagar. Fireåringen vakna med spysykje måndag, og då er barnehageregelen at han ikkje kan koma i barnehagen før torsdag – dei tek ingen sjansar på å få smitte over heile barnehagen. Ei klok ordning, som er tufta på gode, saklege ordningar for barnehageforeldre. Nett som full løn under sjukdom fyrste året, spør du meg.

Noregs eldste parti har snart gjort det til ei merkevare å gå til åtak på streikerett og velferdsordningar som kjem dei minst formuande i dette landet mest til gode. Og sjukeløna er altså stadig under Venstre-åtak. Høgre held klokeleg stilt – og går fram på meiningsmåling etter meiningsmåling. Men ingen må tru at dei er usamde med Vetle-Høgre. Det passar heilt sikkert Høgre utmerka at det er Venstre, dei som har slik sut for einskildmennesket, som sender seg sjølv fremst ut i ope lende med åtak på sjukeløna.

Venstre har lang tradisjon som sosialliberalt parti. For meg er det sosialliberale med Venstre personifisert i Odd Einar Dørum, tidlegare leiaren for partiet, sosionom, leiar for Sosionomforbundet og generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Justisminister har han og vore. Dørum har sitt sosialpolitiske alfabet under huda. Eg har aldri høyrt han mæla eit ord om at Noreg har for raus sjukelønsordning.

Vetle-Høgre/Venstre argumenterer med at Noreg har verdas rausaste sjukelønsordning. Vel. For meg har alltid sjukelønsordninga vår vore eit adelsmerke for velferdsstaten. Sjukdom er i seg sjølv meir enn stort nok problem om ikkje sjukdom skal føra til økonomiske suter attpå. Det er ikkje tilfeldig kven som har mest bruk for sjukeløna, som gjev full løn i eitt år.

Eitt år ut i sjukemeldinga hadde eg så vidt fått hovudet over vatnet, byrja å få att nattesvevnen og trua på livet. Det gjekk sakte på fram til eg kunne ta plass på kontoret mitt på Rådhuset 1. mars 2018. Om det var noko spesielt med meg? Nei, det måtte vel vera at eg hadde eit arbeid som ikkje var fysisk krevjande, i så fall.

Eg var alvorleg og langvarig sjuk. Eg var sjeleglad for at eg hadde full sjukeløn heile det fyrste året av sjukdommen. Vetle-Høgre må slutta å tulla seg. Landets eldste parti er utgått på dato etter at dei sosialliberale er utmanøvrerte av dei fagforeiningsfiendtlege sjukelønskuttarane. Så det.

Eg veit kva eg snakkar om!