Gå til sidens hovedinnhold

Naturen vert ofra på klimaet sitt alter

Artikkelen er over 1 år gammel

Å velje mellom natur og klima er som å velje mellom hjartet og lungene.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kva er viktigast, natur eller klima?» At eit sånt spørsmål kan stillast, gir meg lyst til å riva av meg håret.Korleis kan kampen for miljøet, for dyra, plantane, villmarkene, oss menneske, ha gått i ei retning der mange snur ryggen til naturen, fordi dei trur det må til for å redda klimaet? Det er det ultimate paradoks.

Naturvern blir av enkelte framstilt som ein barriere for å redda … naturen. For til sist er det jo nettopp dét kampen mot global oppvarming handlar om – å redda økosystema frå kollaps som følgje av temperaturstigning. Naturen, vår viktigaste allierte for å bremsa global oppvarming, og for å verna oss mot ekstremvêr, blir sett på som eit naudsynt offer på klimaets alter. Biosfæren blir sett opp mot sin eigen atmosfære som om dei er konkurrentar, og ikkje ulike komponentar i eitt system.

Eg forstår at det kan vera frustrerande for folk som har kjempa i tiår for fornybar energi at det no bryggar opp til ei folkerørsle mot vindkraft. Men det er for enkelt å avskriva oss som er kritiske til naturøydeleggande vindkraft som ein gjeng egoistiske, ekstreme og klimafornektande bygdetullingar. Eg har ei bøn til alle som er overtydde om at vindkraftutbygginga som føregår er riktig og naudsynt for klimaet: ta motargumenta på alvor. Les konklusjonane frå FN sitt naturpanel, set deg inn i naturen sine funksjonar. Sjå på statistikken over kor mykje natur me har øydelagt i Noreg dei siste 120 åra.

Manglande heilskapsperspektiv er rota til at me pressar planeten til stadig nye ytterpunkt. Biologane fekk ikkje vera med då plasten vart oppfunnen og lansert i stor skala som verdas mirakelprodukt. No ser me konsekvensane av denne silo-tankegangen. Lat oss ikkje gå i den same fella i miljørørsla!

Les også

På tide at vi tar naturen på alvor

Me må vekk frå debatten om kva miljøproblem som er viktigast. Akkurat slik som me har lært å sjå på helsa vår i eit heilskapleg perspektiv, der alle vitale organ er like viktige, må me sjå på kloden på same måte. Kor paradoksalt hadde det ikkje vore om legen din ba deg velja mellom hjartet eller lungene dine? Like absurd må det oppkonstruerte valet mellom natur og klima bli. Det bør ikkje lenger vera ekstremt å meina at tida for å øydelegga økosystem er forbi. Det bør vera meir ekstremt å meina at me skal halda fram å øydelegga natur utan sluttdato.

Fornybar energi må ikkje bli naturen sin fiende. To tredjedelar av dei største vassdraga i landet vårt ligg i røyr. No vil ein omsynslaus vindkraftbransje sprenga seg fram i vår fjellheim og kystnatur – under klimaet si fane. Å øydelegga naturen er ein klimastrategi som ikkje vil fungera. Ikkje for å bremsa global oppvarming, og ikkje for å stoppa den pågåande masseutryddinga av våre med-artar. Myrar, våtmarker, skogar og fjell lagrar enorme mengder CO2 som vert frigitt til atmosfæren når dei vert øydelagte. Røtene til skogane held jorda på plass og reduserer faren for ras. Skogane dempar vind og vernar oss mot dei verste stormane. Ikkje minst er naturen heim. For fuglar, dyr og plantar som stadig oftare må forsøka å finna nye heimar på krympande område - eller døy i forsøket. Kvar femte art i Noreg er truga av utrydding, og våre stadig fleire inngrep i naturen er 90 prosent av grunnen.

Les også

Naturens verdi er sett til null

Det er mange nordmenn som har naturen som ein umisteleg del av sin «heim». Det som på kartet til vindkraftutbyggaren er eit eigna anleggsområde med «gode vindressursar» og få menneske, er nokon sine heimefjell. Her, i det me har trudd var ei uforanderleg klippe i livet, hentar me sjelefred, energi og påfyll. Fjella og kysten er vår Oslomark. No er dei evige, tilsynelatande uovervinnelege fjellmassiva truga av menneske si grådigheit.

Vindkraftbransjen seglar under falsk flagg. Det handlar ikkje om klima. Eg har vanskeleg for å tru at nokon som har sett øydeleggingane turbinane på opp mot 250 meter krev, framleis kan tenka at dette er miljøvenleg. Klima er eit nobelt argument som dessverre vert misbrukt til å trumfa gjennom dei mest ufattelege naturøydeleggingar. Vindkraft er berre lønsamt fordi naturen sin verdi er sett til den nette sum av 0 kr. Det går ikkje an å setja ein kroneverdi på naturen, like lite som det går an å setja ein kroneverdi på menneske du er glad i. Naturen er uerstatteleg og me har forsynt oss meir enn grådig nok.

Les også

Eg har skjønt alvoret

Eg ynskjer at ei samla miljørørsle kan anerkjenna at naturen er vår viktigaste allierte, også i klimakampen. Lat oss krevja at det enorme potensialet me har i energisparing og effektivisering vert realisert, og at gamle vasskraftverk vert moderniserte.Me har så mange dyktige folk i samfunnet som burde ta det som ei utfordring å finna nye energiløysingar som ikkje krev naturøydelegging. Me har nok av nedbygd areal å ta av – men mindre og mindre natur. Eg tek ikkje ansvar for å finna alle svara – men eg veit med kvar celle i kroppen min at å rasera naturen ikkje er svaret.

Innlegget vart først publisert i ei lenger utgåve på Harvest.no

Les også

Nei, dette er slett ikkje noko park

Kommentarer til denne saken