Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det skulle ikkje vera så lett å asa seg opp når eg sit ved stovebordet på Tøsse og har Lengtefjorden aldeles tett på og Viskjer i synsranda. Men det gjer eg altså. Nokon må jo asa seg opp! No har eg lese om vindparkar, og det er inga lita sak. Vert ikkje heile halve kysten no tapetsert med vindturbinar – til fortviling for både lokalbefolkning og naturvenlege menneske over heile landet? Og for naturen sjølv?
Vi har eit nært forhold til natur og naturverdiar i dette lange landet vårt. Besteforeldre og oldeforeldre er oppvaksne i grender og bygdelag på gardar og småbruk. Mange har hatt sommarferiane hos besteforeldre, tanter og onklar på landet. Eldre byfolk har hesja, trødd i silo og køyrt traktor.
Her i heimefjorden har folk og fjell bidrege i stort til den reine straumforsyninga med vatn som renn til dommedags ettermiddag. Alle kjenner vi nokon som har arbeidd på anlegg. Mykje vatn renn i røyr og tunnelar, men Vårherre velsignar oss med rikeleg frå oven rett som det er. Nett no er det «rett som det er.» Det er som om ein ikkje kan tru at det er berre ei veke sidan sola rådde grunnen. Og no har eg sett på yr.no at sola kjem att, du verdo!
Det er mykje vind også, i Åkrafjorden. Han er lunefull, vinden her i fjorden. Kastar seg att og fram mellom fjella, stuper i bråe havhestar i kvervel rett på fjorden – og berre kunnige folk kan med visse seia kva lei vinden eigentleg kjem frå. Fjorden er skummel slik. Du kan vera så sjøvan du berre vil – Åkrafjorden har sine eigne vindreglar du må læra.

Takk for ferien, fagrørsla
Vindturbinar høyrer ikkje heime her. Men nasjonalpark når vi i. Folgefonna ligg i gangavstand for spreke og ikkje fullt så spreke. Langfoss hiv seg utover fjellsida og gjer fjorden verdskjend. Vi treng ikkje vindturbinar. Vi har jammen bidrege med straum til storsamfunnet. Fornybar energi. Grønare vert det knapt enn straum frå regnfjorden.
Åkrafjorden kan når det blæs vera som ein einaste stor vindpark. Og då meiner eg vindpark. Dei skulle koma på besøk, karane frå monsterturbin-industrien og sjå kva ein vindpark eigentleg er for noko.
Av ein eller annan grunn har vindturbin-industrien oreigna park-omgrepet og gjort det til sitt. «20 nye vindparker ligger i områder som NVE og Miljødirektoratet har vurder som lite egnet for vindkraft», skreiv VG nyss i ei overskrift. Vind «park», altså – med hundtjukt i turbinar i. Noko lengre vekke frå ein park kan no mest ikkje tenkjast. For dette er ikkje vindmøller – du veit dei søte, gammaldagse som vi har sett tallause bilete og teikningar av frå Holland. I ein park skal det vera tre, busker og blomar. I nasjonalparkane er det ville tre og plantar som rår grunnen, i parkar i «tamme» strok er det lite vilt og meir foredla. Men park er eit positivt omgrep, noko som gjev ei godkjensle. Vindturbinar gjev inga park-godkjensle. Her vert bakkar og berg skotne ut og planerte med asfalt. Slik vert grunnen verande uansett om vindturbinane vert tekne ned. Og gravne ned vert dei, skiten. Inga god jord gjev dei, heller. Forureining heile vegen.
Men VG skal no ha plussar likevel, trass i mishandlinga av park-omgrepet. Avisa går vindturbinindustrien nærare etter i saumane og kan fortelja at kvar tredje av vind«parkane» som no vert bygde ligg i område som NVE og Miljødirektoratet har vurdert som lite eigna for vindkraft. I fjor leverte Noregs vassdrags- og energiddirektorat (NVE) og Miljødirektoratet eit kart over område dei meiner er eigna for vindkraft. Samstundes valde dei bort fleire oppmerka område som ikkje vart rekna som veleigna, og som blant andre Miljødirektoratet meinte burde vernast. I rapportane frå mars 2019 vart det vist til at områda har store areal som Miljødirektoratet meiner er avgjerande for fuglar, eller har viktig og sårbart naturlandskap.
Nett no vert det bygd 18 nye vind«parkar» i Noreg, viser NVE-oversikta. I tillegg har 15 prosjekt fått konsesjon. Alle har fått konsesjon før NVE og Miljøddirektoratet sine rapportar vart skrivne, men mange har fått godkjent dei siste papira i etterkant.
VG har gjort ein gjennomgang av prosjekta, og fleirtalet av konsesjonane ligg utanfor områda som vart rekna som eigna for vindkraft. Ni av 33 vind»parkar» er i dei såkalla veleigna områda, 20 av 33 prosjekt ligg i område som vart vurderte, men ikkje rekna som veleigna – og fire prosjekt er i område som ikkje vart vurderte.

Naturens verdi er sett til null
Av vind«parkar» i eksluderte område kan vi nemna: Gismarvik i Tysvær, Lutelandet i Fjaler/Sunnfjord, Bremangerlandet, Innvordfjellet i Flatanger, Andmyran i Andøy, Guleslettene i Bremanger, Frøya, Øyfjellet i Vefsn. Guleslettene i Bremanger ville NVE ikkje tilrå for vindkraftutbygging. Etter ferske analysar ville Miljødirektoratet fullstendig ekskludera eit stort område langs kysten, tett inntil der vindturbinane no står. «Park» eller ikkje!
Stortinget krev no gjennomgang av alle dei gjevne vindraftkonsesjonane. Dersom det har skjedd feil i saksførehavinga, kan dei bli stansa. Stortinget vil ikkje at det skal gjevast utsetjing for nokon prosjekt ut over utgangen av 2021. Somme av vindkraftbaronane har det difor svært travelt om dagen og ser det blinka eit blått lys for «parkane» sine.

Når staten dikterer
Det må det gjerne gjera for spaltisten sin del. Det er på høg tid at vi set naturen sin verdi i høgsetet, slik FN seier av vi må gjera, til liks med klimaomsyn. I vindturbin»park»-tenkinga er verdien av naturen sett til null. Tenk det, til null. Og park er vindturbinanlegga slett ikkje. Dei er bøller mot natur, flora, fauna og myr. Bøller. Ikkje parkar. Så det.