Husdyrhald og kjøtt er ikkje eit problem i gras- og beitelandet Norge, men det har visst Gunhild Stordalen vanskeleg for å forstå. Ho har mellom anna markert seg kraftig mot reklamen frå COOP der eit steikt kjøttstykke ligg og kviler. Ho meiner at reklamen høyrer heime i ein annan tidsalder og kaller stuntet «hjernedødt».

Men dette handlar om at berre tre fattige prosent av det totale norske arealet er dyrkbar mark. Og det handlar vidare om at to tredelar av dette dyrkbare arealet er ikkje eigna for anna enn husdyrhald. Skal vi sikre norsk sjølvberging, må vi ta vare på den matproduksjonen som faktisk passar i eit kaldt, vått og bratt land. For vi menneske kan ikkje eta gras eller beite i utmark. Sjølvberginga vår er derfor svært avhengig av nettopp kjøtt- og mjølkeprodukt frå kua, geita og sauen. Desse husdyra omdannar graset til mat til oss menneske.

Det er eit veldig viktig poeng at vi nordmenn ikkje får nok protein utan kjøtt og mjølk frå desse, fordi mesteparten av den dyrkbare marka vår er ueigna til å dyrke proteinhaldige plantevekster. I tillegg har jo animalsk protein høgare biotilgjengelegheit enn planteprotein, som mellom anna handlar om kor fordøyelege og nyttbare dei er for oss menneske. Nordmenn har vorte store, sterke og lengelevande ved hjelp av husdyrhald og fisk trass i at Norge er eit land med dårlege vekstvilkår for proteinhaldige planter.

Stordalen bør merke seg at nesten 80 prosent av alle plantekaloriar som nordmenn får i seg er importerte. Av dei kaloriane vi får frå kjøtt, fisk, egg og mjølkeprodukt er 90 prosent derimot norske. Vi er for det meste sjølvforsynte med husdyrprodukt. Det er i tider der import er vanskeleg eller umogleg vi verkeleg ser verdien av eit norsk landbruk som gir oss mat. Vi må føre ein fornuftig politikk som bur oss på slike kriser. Ja, vi må auke produksjonen av norske plantevekster, eg er einig med Stordalen i det. Men det blir eit problem dersom vi i Stordalens ånd lar norsk gras- og beitemark gro att slik at nordmenn ikkje lenger får tak i nok norsk mat.

Norsk landbruk har ein dyrevelferd i verdensklasse og forbetrar denne stadig. Kvifor snakke ned og bygge ned norsk landbruk når dette i praksis bidreg til at nordmenn i framtida må kjøpe mykje meir mat frå land med dårlegare dyrevelferd? Vi må dessutan ikkje føre ein politikk som gjer oss svært sårbare for matmangel og svolt i periodar der importen sviktar.

Det er viktig ikkje å lausrive temaet klima og berekraft frå det som er våre nasjonale ressursar, eller frå temaet beredskap og sjølvberging. Vi kan heller ikkje ha ein jordbruks- eller kosthaldspolitikk som er lausriven frå korleis landet vårt er bygd. I staden for å kritisere norsk kjøtt, burde Gunhild Stordalen prise seg lukkeleg for dei ressursane som ligg i graset, beitemarka og dyra. Husdyra kan jo også nyttiggjera seg av den store andelen av norsk korn som ikkje held matkvalitet.

Vi må heller ikkje gløyme fastlandsindustrien oppi det heile. Matindustrien utgjer den største delen av denne. Skal matindustrien utvikle seg, må vi ha eit levande landbruk rundt om i heile landet vårt. Husdyra er nok ein gong ei forutsetning – ikkje eit problem. Og norsk kjøtt blir aldri «hjernedødt».