BA kjem på nynorsk!

BAs sjefredaktør Anders Nyland (06.01.2009).

BAs sjefredaktør Anders Nyland (06.01.2009). (Foto: )

Frå neste veke vil BA auke nynorskbruken i papiravisa og på nettet. Nynorskandelen skal vere 33 prosent.

DEL

Les Bergensavisen i 5 uker for KUN 5 kr!

– Vi har i lang tid jobba med ein ny strategi for avisa, der mellom anna språk har vore eit av områda vi har drøfta. Vi må innsjå at Hordaland er eit nynorsk-fylke, sier sjefredatør Anders Nyland.

Redaktøren ser det ikkje som unaturleg at ei byavis som BA skal ha eit større innslag av nynorsk.

DEMOKRATISK PROSESS: – Som eit ledd i den aukande nynorskbruken i Hordaland, og til dels i Bergen by, vil også BA ta til seg at nynorskfolket må få sitt. Vi kjem difor til å auke nynorskbruken til 33 i prosent både på papir og på nett, sier sjefredaktør Anders Nyland.

– Språkomstillinga har vore drøfta i avisleiinga i lengre tid.

– Dette er ikkje mi avgjerd åleine. Det har vore ein demokratisk prosess i leiinga, naturleg nok etter ein del heftige diskusjoner. Nokon meinte dette ville sette bergenssinna i kok, og såleis det same som å spele hasard med avisa, seier redaktøren.

– Ja, korleis trur du bergensarane vil reagere på dette?

– Vi får vente og sjå. Eg er ikkje redd for engasjementet, for bergensarane veit å seie ifrå når det er noko dei brenn for.

– Det er jo BA si fremste oppgåve å setje dagsorden og skape gode debattar og diskusjoner i samfunnet, sier sjefredaktør Nyland.

Redaktøren vil gjerne vite kva du meiner om den nye språkpolitikken i avisa!

Send ein e-post her!

Artikkeltags