Ofte er ikkje applaus og ein klapp på skuldra nok

 – Ingen med nedsett funksjonsevne deltek direkte i kommisjonen, sjølv om folk med nedsett funkjsonevne er nemt særskild i mandatet. Ekskluderinga av personar med funkjsonsvariasjonar viser teikn på diskrimingering.FOTO: NTB/SCANPIXFOTO: NTB/Scanpix

– Ingen med nedsett funksjonsevne deltek direkte i kommisjonen, sjølv om folk med nedsett funkjsonevne er nemt særskild i mandatet. Ekskluderinga av personar med funkjsonsvariasjonar viser teikn på diskrimingering.FOTO: NTB/SCANPIXFOTO: NTB/Scanpix

Av

Det er fint at folk heiar, men eg trur ikkje det vil skapa eit meir likestilt samfunn. Eg vil berre vera og at du lyttar. Berre då vil du sjå at me har mykje til felles.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.For ei tid sidan skreiv leiaren i ytringsfridomskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, eit innlegg i tidsskriftet Handikapnytt. Der ba ho organisasjonane til personar med nedsett funksjonsevne dra i gong debattar om stoda til ytringsfridomen for personar med nedsett funksjonsevne. Kommisjonen har nemleg fått i oppgåve å granske ytringsfridomen sine kår i Noreg, og vil verte invitert inn i denne debatten.

I mandatet til kommisjonen står personar med nedsett funksjonsevne nemnd særskilt, saman med til dømes eldre, born og unge og minoritetar. Likestillingsministeren har fått kritikk for at det ikkje er nokon med nedsett funksjonsevne som deltek direkte i kommisjonen. Ekskluderinga av personar med funksjonsvariasjonar viser teikn på diskriminering.

Personar med nedsett funksjonsevne er forøvrig ein minoritet i samfunnet i seg sjølv. Handikapforbundet har tidlegare uttalt at dei ser stor diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i samfunnet. Basert på denne informasjonen tyder det, slik eg ser det, at det er naudsynt med gode arenaer for debatt. Større informasjonsgrunnlag kan nemleg føre til mindre diskriminering.

Forbundsleiar Tove Linnea Brandvik i Handikapforbundet meiner Stavrum si oppmoding om å lyfte ytringsfridomen er interessant, ifylgje Handikapnytt. «Det er flott om ein gjennom samtalar kan ta ned nokre myter og løfte nokre problemstillingar,» meiner Brandvik.

I tidsskriftet fortel ho om dei stereotypiske framstillingane av personar med nedsett funksjonsevne. Ho meiner at dei gongane mikrofonane vert vendt mot oss, er det visse forventningar om kva rolle personar med nedsett funksjonsevne skal ha.

Me skal gjerne vere i svake offeroller, eller inspirere. Brandvik meiner at når sakene som personar med nedsett funksjonsevne frontar ikkje passar inn under dei stereotypane, vert det inga sak.

Offerroller, sjuke og svake skapar blest og fleire klikk. Sakene får kjenslene i gong hjå lesaren, og lesaren går i kampmodus ut frå dei innlærde rollene personar med nedsett funksjonsevene skal ha. Men ofte er ikkje applaus og ei klapp på skuldra nok. Det er gjerne trong for agering, endring og tiltak.

Heile det innlærde tankemønsteret samfunnet har gjeve oss må endrast. Brandvik meiner at det er få arenaer personar med nedsett funksjonsevne ikkje vil ha ei meining om, om dei berre slepp til på talarstolen. Det er eg og overtydd om.

Forrige gong eg var på byen, fortalde eg ein at eg hadde born. Han sa: «Så du kan laga born du og?» Det var som om at eg høyrde den lydlause applausen runge gjennom rommet. Eg vil ikkje leve på trygd (men eg må), eg vil jobbe, eg vil få jobb. Det er fint at folk heiar, men eg trur ikkje det vil skapa eit meir likestilt samfunn. Eg vil berre vera og at du lyttar. Berre då vil du sjå at me har mykje til felles.

No har det kome fram i ei undersøking at mange med nedsett funksjonsevne har lidd under koronakrisa, og at dei har ikkje fått den hjelpa og oppfølginga dei treng. Om personar med nedsett funksjonsevne ikkje vert høyrde i slike situasjonar, er eg redd for konsekvensane.

Eg trur me vil få ein sterkare ytringsfridom og eit meir likestillt samfunn om ein slepp alle til og lyttar meir. Då vil ein sjå at menneske er like og har dei same behova og draumane. Dei fleste vil bidra og har mange gode idear. Idear som samfunnet kan ha nytte av.

Innlegget vart først publisert på framtida.no

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags